Heilt fram til midten av førre hundreåret var fiske og jordbruk viktigaste næringsvegane her på øya. Etter kvart voks industri og andre næringar fram, og i dag er det berre ein liten del av dei yrkesaktive som er sysselsett i primærnæringane.

Første spiren til industriverksemd her på øya var foredling av produkt frå havet. Frå dei tidlegaste tider vart det laga klippfisk av torsk og tran av torskelever på gardane. Etter kvart vart framstillinga av tran «industrialisert» ved at fiskarar skipa tranlag og bygde trandamperi, eller av folk som kjøpte lever av fiskarane og produserte tran i eigne tranbrenneri. Den første tranfabrikken på Flemsøy/Skuløy kom i gang alt i 1864.

«Heimebrenning» av tran vart det relativt tidleg slutt med, medan heimeproduksjon av klippfisk varde ved langt utover 1900-talet. Men fiskarane fann det etter kvart meir «effektivt» og lønsamt å levere fisken fersk, noko som gav grunnlag for industriproduksjon av klippfisk, til dømes. Såleis vart A/S Klippfisktørk starta i 1939, med base i Gunnabuda på Longva. Dei som åtte og dreiv firmaet var Gunnar Longva og sønene Johan, Bjarne og Karl.

Det som no er Karsten Flem AS tok til med produksjon av tran og klippfisk. Det var Karl G.P. Flem som starta verksemda i ??? .  I dag er òg innfrysing av makrell ein viktig del av produksjonen. Også i Nymarka på Rogne var det både tranproduksjon og tilverking av klippfisk, om enn i mindre skala. (??)

Sjøen og fiskeri var òg grunnlaget for mekanisk industri på øya. Nogva Motorfabrikk starta i 1913 med å lage små motorar til fiskebåtar og lever framleis i beste velgåande i Søvika. Peilo Teknikk (no Rolls-Royce Marine) starta om bord i ein fiskebåt med ein idé om at det måtte vere ein enklare måte å sjekke nivået i drivstofftankane på enn å bruke ei lang stong gjennom ei luke på dekk.

Ein god del industri – særleg trevarebasert – kom i gang mange stader på øya like før, under og like etter andre verdskrigen. Under krigen og ei tid etter var det mangel på alle slags varer, og det var gode tider for småskala industri av ymse slag. Men marknaden vart metta etter kvart, og utover 1950-talet la dei fleste inn årane.

Les om tidlegare og noverande industriverksemder ved å bruke linkane til høgre på sida her.

Kom gjerne med nye opplysningar, korrigeringar, synspunkt osv.!


Kommentarer

Industri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *