Husmorlaget vart starta hausten 1936 med Sigrid Nogva (Flem) som formann, Helga Johnsen Rogne kasserar og Hilda Meltevik sekretær. Dei andre styremedlemene er ikkje nemnt i protokollen.

Alt ein månad etter starten arrangerte laget sitt første kurs – i kunsten å lage fiskemat. Og jamnaste og viktigaste aktiviteten var nettopp å skipe til kurs av ymse slag for å fremje kunnskap og opplysning på felt som var særskilt aktuelt for husmødrer.

I løpet av dei første 25 åra (minus fire krigsår då laget låg nede) arrangerte husmorlaget over 20 kurs på mange ulike område. Attåt fiskematkurset kan nemnast sykurs, bakekurs, vevkurs, lampeskjermkurs, fargekurs, buksekurs, grønsakkurs (laget hadde eigen åker), snikkarkurs. Det sistnemnde var for gutar og menn og gjekk over ti veker i 1938 med Anton Flem som lærar. Seksten deltakarar fekk plass i ungdomshus-kjellaren.

Dei fleste kursa fekk støtte frå stat eller kommune, opptil 75% av kostnaden med kurset. Nokre kurs var «private» – husmorlaget arrangerte dei utan tilskot frå det offentlege. I tillegg til vanlege kurs, var det av og til demonstrasjonskurs. Det gjekk ut på at nokon til dømes presenterte ein ferdig matrett – med prøvesmaking – og informasjon om oppskrift og tillaging kunne dei få som var interessert.

Kurslengda spende frå tre dagar til ti veker. I 1949 var det eit 8 vekers vevkurs med 14 elevar og Solveig Fjørtoft som lærar. På avslutningsfesten var vevnaden utstilt, og alle som såg dei vovne tinga «måtte seie seg samde i at slike kurs gjev att for strevet». Dei første 25 åra hadde over 200 unge og eldre gått slike kurs og fått «hjelp til sjølvhjelp».

I 1948 vart det starta arbeidsstove for born, og medlemene i husmorlaget bytte på å vise og hjelpe borna. Leigd hjelp hadde dei ikkje pengar til. Eit statstilskot på 200 kr. året gjekk til å skaffe materiell, og med stønad frå kommunen vart det kjøpt inn symaskiner.

Alle kurs vart avslutta med utstilling av ferdige produkt og ein liten fest. Så også for arbeidsstova 6. juli 1952. Utstilt var ei mengde produkt – kjolar, blusar, skjørt og forkle. Broderte dukar, strikka og hekla gryteklutar, raggar og ymse anna. I referatet frå festen skriv Gudrun Otterlei: «Den 12 år gamle Sollen Longva leidde festen, og det gjorde ho vel. Me gjekk heim med ei kjensle av at dette var arbeid som bar frukt og at kvelden hadde vore særs gild.»
(Sollen = Solveig)

Ei viktig sak for husmorlaget var spebarnskontroll. Frå 1952 dreiv dei ein kontrollstasjon, men hadde til tider vanskar med å få høveleg husrom. Frå 1959 fekk dei løyve til å bruke dokterkontoret på Kvileheimen. Det var Elinor Longva som fekk kjempa dette igjennom i løpet av dei åtte åra ho var formann i laget.

Om husmorlaget var ei «fagforeining» for husmødrer, hadde dei også syn for å støtte andre saker. Såleis skaffa dei til dømes bedehuset nye gardiner i 1955, og støtta same huset med 500 kroner til innlegging av vatn. Ein liknande sum gjekk til vøling av gravplassen. Europahjelpa fekk 500 kr. i 1947 og FN Barnehjelp kr. 200 i 1948. I 1976 fekk idrettslaget 500 kroner i 25-årsgåve.

Ved 25-årsjubiléet i 1961 hadde 14 av laget sine medlemer vore på husmorferie. Laget betalte 65 kr. av ferieopphaldet, og resten vart dekt av Statens feriefond som var oppretta i 1947. Det var ikkje sjølvsagt at husmødrer fekk ferie denne tida, for som Lidvor Flem sa i sitt attersyn på jubileumsfesten: « Som kjent høyrer husmora til den gruppe av folket vårt som korkje har tariffesta ferie eller feriepengar.»

Kvart år høgtida husmorlaget 10. mars for å minnast stiftaren av Norges Husmorforbund, Marie Michelet. I 1952 var det husmødrene på Flem som stelte i stand denne festen, som vart halden i Hildregarden. Programmet var song og musikk, opplesing og deklamering av dikt. Gjennom Opplysningsrådet hadde dei fått lærarinne Nelly Myskja til å halde foredrag om Madame Curie sitt liv og livsverk. Borda var festpynta med mykje god mat, og «praten gjekk livleg etter som kaffien virka».

Longva husmorlag var eitt av dei få laga som femnde om heile øya frå starten i 1936. Møta vart haldne i heimane – frå Nogva til ytste Flem. Korleis dei kom seg frå den eine enden av øya til den andre dei første åra er uklart. Sjølv om her fanst ein liten lastebil i 1936, var det nok føtene, i beste fall med sykkel til hjelp, som besørga transporten.

I tillegg til to sett møteprotokollar – ein for heile laget og ein for berre styret – hadde dei òg ei lagsavis. Der vart det skrive om turar, tankar og filosofering, dikt, små kåseri, historier og stubbar henta frå ymse kjelder. Der var til og med ein stil skriven av ein realskuleelev i 1970 med tittelen «Våre små søsken». Skriving i avisa gjekk på omgang, og resultatet vart opplese på møte og festar.

Mot slutten av førre tusenåret dabba aktiviteten i husmorlaget av. På det siste styremøtet som er notert, 30. januar 1992, vart laget si framtid diskutert. Samfunnet hadde endra seg mykje dei siste tiåra slik at trongen og interessa for husmorlagsarbeid avtok. Stadig fleire yngre kvinner kom i arbeid utanfor heimen og rekrutteringa til husmorlaget stoppa opp.

Etter nokre års stillstand bestemte dei få attverande medlemene å legge ned laget for godt. Pengane dei hadde i banken vart delt på pensjonistlaget og bedehuset.

Kommentarar, nye opplysningar, bilete er velkomne.


Kommentarer

Longva husmorlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *