Hesten har vore ein god hjelpar på garden i fleire hundre år med å avlaste menneska for dei tyngste taka i jordarbeidet. Til å drage plogen var hesten god å ha, sameleis til slåmaskina og andre reiskap seinare. Elles vart han brukt til både kløvjing og riding, forutan køyring med slede og vogn. Dei større gardane hadde minst éin hest, somme også to, medan mindre bruk kunne slå seg saman og ha ein hest på deling – som dei gjorde i Støene, til dømes.

FjordingDet var fjordhesten (fjordingen) som vart brukt på våre kantar, som på Vestlandet elles. Han vert rekna som ein av dei eldste hesterasane i verda, og er i slekt med islandshest og mongolsk hest. Fordi det «i gamle dagar» var lite hopehav mellom aust og vest i Noreg, er fjordingen ikkje blitt mykje blanda med andre rasar. Som ein nøysam og godlynt hest var han svært omtykt, og rundt 1920 var her 200.000 fjordhestar i Noreg. Etter kvart har han blitt eksportert til mange land og er no spreidd over store delar av kloden.

Men om rasen er aldri så bra, så vil det bli drive al for å få fram så gode hestar som mogleg og dessutan dyrke fram bestemte eigenskapar. Som med andre dyr (og menneske) er det store skilnader på individa, så det finst gode og mindre gode eksemplar også av fjordingar. Såleis gjeld det å få tak i dei beste genane når ein skal «produsere» nye hestar.

Difor skipa bøndene hestealslag alle stader, også her på øyane. Ei viktig, men vanskeleg oppgåve for laget var å skaffe ein god hingst som ein var rimeleg trygg på ville gi godt avkom. Å kjøpe premierte hestar var dyrt. Alternativet var å møte fram på hestesjå og lite på si eiga dømekraft, eller kjøpe ein unghest etter ein hingst med godt omdøme.

Fjørtoft hestealslag gjorde det truleg bra då dei fekk tak i Sunnmøringen. Han var son til Håkon Jarl, som på utstillinga i Molde som 4-åring i 1917 fekk 2. premie. I boka «Fjordhesten» av Olav Karstad står det at «Håkon Jarl-avkomet har spela ei særs stor og heldig rolle for fjordhestutviklinga i det heile, og for Nordfjord i særleg mon.» Så genane til Fjørtofts-hesten skulle vere i orden.

Håkon Jarl var også far til den svært vidgjetne Molnesblakken. Han var fødd på Vigra, men seld til Hornindal som 2½-åring. Som 4-åring fekk han 1. premie og seinare 1. premie for avkom. Eit Google-søk får opp ei mengd sider, også utanlandske, om denne hesten. Broren, Sunnmøringen på Fjørtofta, oppnådde «berre» 3. premie.

I stambøkene for fjordhesten finst også Flemsøy hestealslag. Dei kjøpte hingsten Truls, og seinare ein som heitte Gneis. I boka «Fjordhesten» er ein 2. premiehest med namnet Truls oppført som avkom (soneson) etter Molnesblakken, men om dette er same Truls’en er usikkert. Er det rette hesten, var han «nyttårsbarn» – fødd 1. januar 1932, og den nemnde Håkon Jarl var oldefaren. Ein sentral person i dette hestealslaget var Asbjørn K. Rogne.


Kommentarer

Hestekrefter — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *