Opptakta til helselaget var at kommunestyret i januar 1928 sende oppmoding til lærarane om å skipe helselag i kvar krins for å samle inn pengar til å halde oppe sjukerøkta i heradet. Bakgrunnen var at justisdepartementet hadde kravt at løyvingane til helsestell skulle gå ut dette året.

Lærar ved Flem skule, Helge Hellebust, snakka med folk i krinsen og det var semje om at dei ikkje ville miste helsesøstra. I samband med at ein foredragshaldar frå Nasjonalforeninga mot tuberkulosen vitja i mai same året, skreiv alle tilhøyrarane seg som medlemer i det påtenkte helselaget, og to mann vart utpeika til å teikne fleire medlemer.

21. oktober 1928 vart det så tillyst møte på ungdomshuset, og Longva og Flem helselag vart formelt skipa. Helge Hellebust, som stod føre skipinga, vart vald til formann. Dei andre styremedlemene var Karl L. Flem, Johanne Flem, Helga J. Flem, Ingvald O. Longva, Ragna Longva, Helga Johnsen Rogne og Inga Uri.

I lovene går det fram at føremålet med laget var tredelt:
1) Å skaffe til veges krinsen sin del av løna til sjukesystra i Haram.
2) Å hjelpe dei sjuke som treng hjelp i krinsen.
3) Å auke reinsemda i møtehus, heimar og verksemder og fremje kunnskap om helse og helsestell.

For å skaffe pengar skulle det haldast «basarfestar» med underhaldning og utlodding. Mat høyrde med, men det vart presisert at det ikkje skulle vere blautkaker. Til første festen i november 1928 vart det bestemt å servere vaflar, potetkaker og brødskiver. Kvinnene på Flem og Longva skulle byte på å lage maten kvart sitt år.

Det var nok ikkje berre maten kvinnene laga. Alt dagen etter den nemnde festen vart det skipa eit kvinnelag innanfor helselaget som skulle kome saman ein gong i månaden for å lage «ting» til utlodding på basarar og festar. På helselagsbasaren i 1948 takka formann Oddmund O. Longva kvinneforeininga særskilt: «Det er dei som har det tyngste og meste arbeidet, og som i grunnen er den berande kraft i laget.»

Eitt av dei store måla for laget var å få i stand eit bad for krinsen «ein gong i framtida – så snart som mogleg». Dette var før det var varmt vatn, dusj og bad i noko hus. Badet kom aldri, men svært mange andre gode tiltak stod helselaget bak.

Med ei kvinneforeining som arbeidde jamt og trutt kvar månad i år etter år, kom det pengar i kassa. Forutan bidrag til sjukesøstertenesta, ytte laget dei første åra jamt pengar til sjuke folk som måtte ha sjukehusopphald eller trong oppsøkje spesialist eller av andre årsaker trong ei handsrekning. Helseteneste for skuleborna var ei anna sak det vart brukt pengar på.

Basarfestane til helselaget var svært populære. Frå festen i november 1931 vert det rapportert om stappfullt ungdomshus, og somme var komne like frå Fjørtofta. Desse årvisse tilstellingane gav gode inntekter.

Såleis vart det råd til ei ny sjukekorg, og den måtte kome på øya tysdagskvelden, for ein sjuk person skulle fare onsdag. På same styremøtet i 1931 vart det bestemt å gi pengestøtte til ein person frå krinsen som låg på Haukås pleieheim på Sjøholt og ikkje hadde nokon til å syte for seg. Det vart vedteke å sende kr. 30,-, og å be henne seie frå om ho trong meir. Det høyrer med til historia at vedkomande døydde før pengane kom fram, og det vart då bestemt at dei skulle gå til å dekkje utlegg ved gravferda.

Seinare vart det gjort vedtak om støtte til medlemer i helselaget ved sjukdomshøve når sjukesyster vart leigd. Tilskotet for 1932 var 50 øre døgnet. I tillegg vart det bestemt at styret skulle røkje etter om nokon trong «beinveges sengehjelp». Helselaget stod såleis for sosialhjelp og velferd både i «dei harde tredveåra» og i mange år utetter – før det var slik hjelp å få frå det offentlege.

I 1941 vedtok styret å dele ut gratis tran til skuleborna. Til føremålet skulle det kjøpast inn 20–25 heilflasker frå Karl G.P. Flem (Dale-Karl), som hadde trandamperi. På same møtet vart det bestemt å kjøpe inn eit radioapparat for utlån ut til ein mann som var i ferd med å misse synet.

Så seint som på 1950-talet var tuberkulose framleis ein alvorleg sjukdom, og i 1955 vedtok helselaget å gi pengar til dei som var råka. Satsane var frå 50 kr. for born utan opphald på sanatorium og opp til kr. 300,- for den attlevande der ektefellen døydde av tuberkulose. Det meste som vart utbetalt, var kr. 650,- til Kåre Rogne, som var på sanatorium med seg sjølv og tre av borna.

Ei lang rekkje andre gode føremål skaffa sanitetskvinnene pengar til, og av større ting kan nemnast
– senkeapparat på gravplassen (saman med Rogne og Nogva helselag)
– ambulansebåre (saman med Rogne/Nogva)
– gatelys på Flem og Longva
– leikeplass i byggefeltet Øytun
– rullestol til legekontoret på Austnes
– del i hjartestartar på Norskyss

I tillegg delte dei ut mange pengegåver til lag og institusjonar som bedehuset, barnehagen, kvileheimen, grendahuset, pensjonistlaget, skulekorpset (som spelte på dei fleste basarfestane frå 1961). Søster Sigrun (Longvastøl) fekk òg gåver for arbeidet ho gjorde for sjuke.

I 1995 skaut helselaget inn kr. 25.000,- i Fjellheim aldersbustader som del av eigenkapitalen i stiftinga.

På denne tida hadde aktiviteten i laget teke til å minke og tok etter kvart heilt slutt. Med dei gode offentlege velferdsordningane som no var på plass, hadde ikkje helselaget nokon særleg misjon lenger. Eit endeleg punktum vart sett rundt 2012. Ein siste basar vart då halden til inntekt for lys på gravplassen, og dei siste pengane i banken gjekk til same føremålet.


Kommentarer

Longva og Flem helselag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *