På møte i heradstyret 15. mai 1920 låg det føre søknad frå Karl G. Rogne på vegne av «nemnda for hjelpekyrkjegarden på Flemsøy» om eit tilskot av Haram kyrkjekasse til anlegg av gravplass på øya. Det vart samrøystes vedteke å innvilge kr. 3.000 av kyrkjekassa mot at oppsitjarane på øya plikta seg til å yte det som elles trongst for å setje kyrkjegarden i lovleg stand «etter det som vil verta kravd av autoritetane». Arealet skulle vere ca. 3 mål.

Seinare gjorde kyrkjegardsnemnda med 4 mot 1 røyst framlegg om at gravplassen skulle ha namnet Skuløy. På møte i heradstyret 9/5-1921 vart det bestemt å legge saka på vent inntil det var «full semje om namnet og det som ellest vedkjem gravplassen». Pengar vart ikkje utbetalt før dette var i orden. For øvrig meinte dei det var ei rimeleg løysing av namnespørsmålet å samle seg om namnet Longva, som kyrkjetilsynet hadde gjort framlegg om.

På kommunestyremøte 27/4-1923 låg det føre ein søknad ved Karl G. Rogne om å få ein hjelpegravstad med namnet «Skuløy hjelpegravstad». Med søknaden følgde ei liste over folk som hadde teikna seg for til saman kr 2.846 og 319 arbeidstimar. Ein liknande søknad vart lagt fram ved Johan P. Flem om ein hjelpegravstad med namnet «Flemsøy hjelpegravstad». Ei teikningsliste på kr 3.225 følgde med søknaden.

Lensmann Aakre gjorde så framlegg om at det vart løyvt kr 2.500 av Haram soknekasse til istandsetjing av «Longva hjelpegravplass». Dette vart vedteke med 9 mot 7 røyster. Karl Rogne fekk tilført møteboka at han «heldt seg til hande» å få saka førelagt Kyrkjedepartementet.

Men i 1924 var det gjort eit vedtak i kommunestyret til fordel for «Skuløy hjelpegravplass» med 8 mot 6 røyster. Johan P. Flem protesterte mot at namnet vart ståande utan at alle oppsitjarane på Flemsøy hadde fått høve til å uttale seg.

På kommunestyremøtet 11. april 1925 ligg det så føre skriv frå Kyrkjedepartementet med løyve til å bygge ein gravstad på øya med namnet Longva hjelpegravstad. Kommunestyret slutta seg til dette med 10 mot 6 røyster og vedtok at dei tidlegare løyvde pengane no kunne brukast til å få laga gravstaden. Såleis var det departementet som til slutt avgjorde namnet.

Kommunestyret vedtok på møte 19/8-1925 å oreigne grunn til gravstaden. Skjønsretten skulle halde til i bedehuset, og tolv personar vart peika ut som medlemer i retten (ingen her frå øya).

Gravplassen stod klar til bruk i august 1926, og den første som vart gravlagd der, var Anna Olsdotter Flem, f. Rogne (Børstov-Anna). Mange har falle frå sidan den tid, og dei tre måla er så godt som oppbrukt. Difor vart plassen i 2014 utvida med eit liknande areal. Grovarbeidet var det Longva Maskin AS som utførte, medan finpuss og tilsåing vart gjort på dugnad av bygdefolket.

Helge Hellebust, lærar ved Flem skule 1923-41, skreiv ein salme til vigsla av gravstaden. Første verset lyder slik:

Her hev me reidt ein samlingsstad –
her hev me hegna ein hage
Her skal me samlast rad ved rad
gjenom dei komande dage.
Samlast frå jordlivs strid og gråt
og til vår heimstad fylgjast åt.
Herre – du helga må hagen!

(Kommentarar og nye opplysningar er velkomne!)


Kommentarer

Gravplassen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *