Når ein les om gardsbruka i tidlege tider, er det viktig å hugse på at husa for det meste låg samla i ein liten landsby (klyngetun) nært sjøen – ein heilt annan stad enn der gardane ligg i dag (unntaket er Uri/Støene). Til dømes var tuna på Rogne samla nede på Rogneneset. I dag er dei spreidde over eit stort område, og husa står langt oppe på land. Dei aller fleste gardsbruka på øya flytta på seg etter utskiftingane frå 1854 og utover.

Ha elles i minnet at dei fleste gardsnamna er av relativt nyare dato, og at systemet med gards- og bruksnummer er mykje yngre enn dei gardane og bruka som vert omtalt her, så nummera seier lite om alderen på dei.

Dei fleste gardane (Flem, Longva o. fl.) hadde opphavleg éin eigar og var eitt bruk. Etter kvart vart garden delt i fleire bruk, og klyngetuna oppstod. Eit bruk kunne så bli delt – mellom to sysken, til dømes, eller når eit bruk vart selt til meir enn éin kjøpar. Talet på gardsbruk auka òg ved at husmannsplassar eller stølar etter kvart vart fråskilde som eigne bruk.

I denne korte introduksjonen vert berre dei eldste gardsbruka omtala. Alle dei andre gardane er «avleggarar» av desse – med unntak av nokre få som starta som husmannsplass eller støl i utmarka. Den nye bygdeboka vil innehalde detaljerte opplysningar om alle eigedomane og alt folket på øya.

Uri – gardsnummer 5
Kva tid Ura vart busett er usikkert, men noko dokumentasjon finst frå omkring 1600. Garden vart skylddelt frå Flem si utmark i 1724, men hadde særskild eigar like frå 1610. Der var to bruk, eller plassar, det meste av tida. Det er fortalt at to av brukarane, Jon og Lisbet, kom roande den lange vegen frå Hjørundfjorden til Ura omkring 1742.

Støene

Trulsgarden i Støene. Foto: Ewa Piasecka

Noko før 1800 flytta Ura-folket til Støene der det var meir jord og betre hamn. Ei segn fortel at dei hadde fått løyve til å busetje seg i Sandvika. Men då dei kom dit med husmaterialen, var det så stor båre at dei ikkje kunne legge til med båten. Dei rodde då tilbake til staden som vart kalla Støene og venta på betre vêr. Men då det ikkje betrast, vart dei samde om å setje opp husa der dei var.

Dei braut seg opp jord i det som var Flem si utmark, og det dei braut opp vart rekna som deira innmark. Dei tok Uri-namnet med seg, og frå den tid har «Gamle-Ura» lege øyde. Etter kvart kom det meir folk til Støene, og talet på bruk steig utover 1800-talet.

Eitt av bruka som flytta frå Ura fekk namnet Knutgarden (bnr. 1), truleg etter Knut Andersson frå Torinagarden på Flem, som bygsla staden frå 1879. Iver Olsson i Ura flytta til Støene og bygsla plass der i 1797 av Nicolai Wingaard, som også eigde Ura. Omkring 1940 vart det starta produksjon av trevarer i kjellaren i Knutgarden, og i 1942/43 bygde dei ny fabrikk nede ved sjøen. Der vart det i hovudsak laga soveromsmøblar, som det enno finst noko att av i bruk her på øya. Maligarden (bnr. 2) og Gjerdet (bnr. 3) er utskilt frå Knutgarden.

Det andre bruket frå Ura er Trulsgarden (bnr. 4). Den første det finst sikre opplysningar om der, er ein Jon Olsson, gift med ei Magnilde frå Molnes. Namnet på garden er etter Truls, som kom frå husmannsplassen Flemseidet (Eiane) på Flem. Han var gift med Kristiane frå Gullauggarden og bygsla bruket frå 1819. Alle brukarane sidan ættar frå desse to – heilt fram til Nils, som i 1954 flytta til Flem med kona Jenny frå Larsengarden, og tre born. Olausgarden (bnr. 8) er utgått frå Trulsgarden.

Grenda vart meir og meir avsides i høve til endringar i samfunnet og vart fråflytta i 1950-åra. I dag er fleire av dei gamle husa i bruk som fritidsbustad, og eit par nye er komne til.

Nogva – gardsnummer 6
Nogva var samla i eitt bruk heilt fram til 1788, då det vart delt i to. Garden høyrde til erkebispen i Nidaros i den katolske tida. Då denne tida var slutt og bispen rømde or landet i 1537, tok kongen over eigedomen. Seinare skifta det mellom ulike eigarar.

Olagarden

Olagarden ca. 1908. Bilete utlånt av Alf Nogva.

Det har budd to lensmenn på Nogva. I tillegg til den meir kjende Amund Fjørtoft (sjå Rimma), sat ein Iver på garden ca. 1606-1626. Han var då lensmann i Vatne skipreide, som omfatta Haram og Vatne sokn.

Lars Olsson frå Børstova på Flem, gift med Anne Ingebrigtsdotter frå Longva A (sjå nedanfor), bygsla Nogva i 1735. Alle etterkomarane både i Jogarden og Olagarden kan føre slekta tilbake til dei to.

Husa på Nogva låg i eit klyngetun nede ved sjøen, om lag der Olagarden (bnr. 2) ligg no. Det gjorde dei også lenge etter at garden vart delt mellom syskena Lars og Marte – barneborn av dei to stamforeldra – i 1788. Det året gifta Marte seg med Ole Knutsson frå Knutgarden på Rogne, og dei fekk bygsel på den delen som vart Olagarden. Denne Ole var sikkert opphav til gardsnamnet, men elles veksla namnet på brukarane mellom Karl og Ole annakvar generasjon heilt fram til vår tid. Mulen (bnr. 9) vart utskilt frå Olagarden i 1863.

Lars fekk bygsel på den halvdelen av Nogva som vart Jogarden (bnr. 1) i 1788. Han var då berre 15 år, og han og svogeren Ole dreiv nok bruka i lag nokre år før dei skilde lag. Truleg er det Ole sin son og arvtakar, Jon, som har gitt garden namn. Etter utskiftinga i 1878 vart Jogarden sine hus flytta opp til sitt noverande tun. Oldebarnet til Jon, Lars Knutsson, fekk frådelt Solheim (bnr. 6) i 1922. Det var han og broren Daniel som starta Nogva Motorfabrikk i 1913.

Bnr. 3 på Nogva er Rimma. Det var først ein husmannsplass ved grensa mot Rogne og vart eige bruk omkring 1815. Plassen heitte (H)aravika då husa låg nede ved sjøen, og i (dansk) skrift nemnt både som Harrevig og Aarvig. På dagens kart står det Arhaugvika. Dette var staden Olaus Fjørtoft kom frå. Lensmann Amund Fjørtoft (far til Olaus) bygsla bruket i 1839 og flytta husa opp på Rimma rundt 1880.

Rogne – gardsnummer 7
Rogne var delt i tre bruk alt i 1520. Utetter hundreåra veksla talet på bruk mellom tre og fem fram til 1800, med seks på det meste mellom 1780 og 1790. Sidan voks talet etter kvart som bruka vart delt ein eller fleire gonger. Attåt gardsbruka var der jamt ein husmannsplass eller to.

To av dei eldste bruka på Rogne er Gunnagarden (bnr. 1) og Nystova (bnr. 2). Dei var eitt bruk fram til 1833, då det vart delt på to brukarar. Sæbjørn Jensson overtok bruket i 1810 etter far sin. Då dottera Helene gifta seg med Ole Olsson frå Olagarden i 1833, fekk dei overta den halvdelen som vart Nystova, medan Sæbjørn sat att med den delen som vart Gunnagarden.

Slektene på dei to bruka har felles stamfar – Styrkar Olsson (f. rundt 1590). Han sat på bruket frå 1614 til 1633, og frå han har det gått i arv til son eller dotter heilt ned til i dag. Det gjeld begge greiner fram til 2006 då Nystova gjekk ut av Helene si slekt. Men Nystova vart selt «tilbake» til Gunnagarden, og frå denne tid kom Gunnagarden og Nystova igjen under éin brukar, og såleis er ringen slutta. Dagens brukar (og eigar) bur i Gunnagarden, men har bygt ny stor, moderne fjøs på jorda til Nystova.

Namnet på Gunnagarden skriv seg nok frå Gunder, som sat på bruket frå 1872 til 1908. Ein halvdel av Gunnagarden vart frådelt i 1931, og av Nystova vart ein fjerdepart til Nyland (bnr. 44) om lag samstundes.

Eliasgarden (bnr. 4) og Larsgarden (bnr. 8) var to bruk på Søre Rogne, og er også av dei eldste på Rogne-garden. Eliasgarden heitte tidlegare Sjurgarden – truleg etter Sjur Pedersson frå Sjurgarden på Ulla, som bygsla bruket 1851-1884. Det noverande namnet er etter han som flytta husa ut av det gamle klyngetunet, Elias Hansson frå Massgarden på Åkre. Det skjedde omkring 1884. Martinus Rogne, forfattar av Haram Bygdebok (1947), var frå Eliasgarden.

Ein lang periode mellom 1653 og 1769 var dei to bruka drivne som eitt. Men frå 1769 vart bruka skilde for godt. Då fekk Ole (f. 1742), son til Jetmund frå Hjørundfjord, som sat på bruket til han døydde i 1749, bygsle den halvparten som vart Larsgarden. Det var Paul frå Ramstaddal som var bonde på bruket i 1769, men likevel fekk altså Ole, etter han vart vaksen, «arve» ein del etter faren. Det var vanleg at son fekk ta over gard etter far, sjølv om dei leigde og ikkje eigde.

Larsgarden på Rogne vart frå 1852 til 1880 bygsla av Lars frå Larsgarden på Ulla. Han er opphav til namnet, og saman med Severine frå Maligarden (Ulla) er han også opphav til slekta som sit på bruket i dag.

Hansgarden (bnr. 5) er òg eitt av dei eldste Rogne-bruka. Den første Hans’en på garden som ein veit om, var Hans Andersson (uvisst kvar han kom frå), som bygsla bruket frå 1705 til 1740. Då tok sonen Ole over, og sidan veksla det mellom far og son Hans og Ole heilt fram til 1916, då det kom to Ole’ar på rad. Men den aller siste fekk namnet Olav. Bruket var altså i same familien frå 1705 til 1980, då Olav selde til Jon Nogva.

Også Knutgarden (bnr. 6) er av dei eldste på Rogne, og der var mange brukarar med namnet Knut, men ikkje alle var i slekt. Den første ein veit av, er Knut Olsson frå Nogva. Han gifta seg i 1749 med Anne Olsdotter frå Børstova, som då sat som enkje i Knutgarden. Knut vart sidan oppattgift med Kristi frå Kjerstad, som i sin tur vart oppattgift med Ole frå Fjørtoft. Kristi og Ole fekk sonen Knut, som vart brukaren på garden etter dei. Dottera hans, som også heitte Kristi, vart gift med Store-Knut frå Gunnagarden. Deira dotter Karen gifte seg med ein Ole frå Kjerstad og fekk sonen Knut, som vart brukar etter foreldra. Han og kona Severine frå Eliasgarden fekk ikkje born, og Severin frå Bers og Vilhelmine frå Gunnagarden på Longva tok over bruket i 1907. Dei kalla eine sonen sin Knut, som er far til dagens oppsitjar.

Jensgjerdet (bnr. 12) har ei spesiell historie. Garden starta som tollstasjon omkring 1760. Den første tollmannen var Johan Dornich frå Trondheim, den andre Fredrik Parelius – også trønder. Sistnemnde er stamfar til slekta i Jensgjerdet. Dottera, Inger Helene, vart gift med ein Nils Hess frå Stryn og fekk fem born. Han gifta seg opp att to gonger og fekk ti born til. Men dei som vaks opp vart spreidd for alle vindar; berre Jens (frå første kullet) vart verande på Rogne og førte Parelius-slekta vidare.

Etter at tollstasjonen var nedlagt i 1819, vart staden rekna som ein husmannsplass. Jens fekk festeseddel av eigaren E. Rønneberg i 1832, og svigersonen Erik fekk bygsel på bruket i 1857. I 1862 vart bruket delt i to, og sonen til Jens, Peder, fekk den halvdelen som i dag heiter Gamlemgarden. Namnet er etter Ingebrigt frå Gamlem, som gifta seg med Peder si enkje.

Gamlemstova

Gamlemstova. Foto: Magne Flem, Sunnmørsposten

Longva – gardsnummer 8
Longva var i tidlege tider delt i tre bruk, som vi kan kalle A, B og C. Dessutan var Bers rekna som eigen gard fram til ca. 1700, då han kom inn under Longva. Bruk A vart delt i to (ca. 1740) til det som vart heitande Bakken og Knutgarden, bruk B vart delt i Gunnagarden og Pegarden (1740) og C vart til Jogarden og Sjurgarden (1808). Dei fleste andre bruka på Longva er utgått frå desse og Bers. Dei to stølane starta som husmannsplassar og vart seinare eigne gardsbruk.

Husa til bruk A vart flytta frå klyngetunet nede ved sjøen opp på bakken ved sida av Bers i 1666. Etter den tid har desse bruka (Bers medrekna) vore nemnt Øvre Longva. Resten, som låg att nede ved sjøen, vert framleis kalla Nedre Longva – Ner-Longva i daglegtalen.

Bers (bnr. 1), som tidlegare heitte Berge og låg oppmed fjellet som no, var delt mellom to brukarar frå 1603 til om lag 1630, men etter den tid var der berre éin brukar. Som for alle dei eldste bruka, har likevel nye bruk gått ut herifrå etter kvart. Nemnast kan Hansengarden, Longvanes, Røysaneset – betre kjent som Ysteneset – og Røysaplassen (Midtneset). Namna Røysaneset og Røysaplassen kjem av ei gravrøys som låg i området.

Gjerdet (bnr. 2) – tidlegare nemnt Bersgjerdet – «starta» omkring 1780 då Didrik Johansson fekk lov av eigaren, Abelseth på Solnør, å slå seg ned i utmarka ved ytste bøgarden på Longva. Bøndene protesterte, og saka kom for retten. Men lagretten meinte at Øvre-Longva ingen skade hadde av Didrikplassen og lét han få bli verande.

Tomas Longva, som fann Storegga rundt 1630, var brukar og dels eigar av Longva A, og det var han som flytta husa på garden frå «landsbyen» nede ved sjøen opp på bakken. Dette bruket vart delt i 1740, og begge dei to første brukarane var oldeborn til Tomas, dei var brør, og begge heitte Knut! Den eldste (f. 1711) er opphav til namnet Knutgarden (bnr. 4) og sat på bruket i nesten 60 år frå 1732. Med Gjertrud frå Johannesgarden på Austnes fekk han åtte born. I ein alder av 48 år gifta han seg opp att med Anne Pedersdotter frå Longva C og fekk elleve born til! Dei største «avleggarane» frå Knutgarden er Olausgarden, Rimmebakken (Lars-Ola-garden) og Helletun (Kristengarden).

Den yngre bror Knut (f. 1717) bygsla altså den delen som vart heitande Bakken (bnr. 5), frå 1740. Han var gift med Anne Jonsdotter frå Bers, men døydde berre 30 år gammal, og det einaste barnet deira levde berre eit år. Anne gifta seg igjen med bror til Anne i Knutgarden, Lars Pedersson. Bakken vart delt i to i 1888 då Peder Jørgensson fekk skøyte av faren på halvdelen av bruket. Den yngre broren Ole fekk seinare (1899) den halvparten som vart kalla Nybakken (Nystova – bnr. 18). Av andre gardsbruk som er skilt ut frå Bakken, kan nemnast Lunheim.

Pegarden (bnr. 6) vart skilt ut frå Longva B omkring 1740. Namnet fekk han etter Peder Iversson frå Åkre og/eller Peder Ellingsson frå Ulla, som var bygslarar etter kvarandre. Bruket vart delt mellom brørne Andreas og Kristoffer Tomassøner i 1910. Kristoffer sin halvpart heiter Solheim (bnr. 43). Det vart ikkje bygt våningshus på Solheim, så begge familiane budde under same tak. Kristoffer med familie reiste seinare til Vatne, men det er framleis etterkomarane som eig bnr. 43. Pegarden bruker jorda.

Pegarden

Pegarden. Foto Magne Flem, Sunnmørsposten.

Gunnagarden (bnr. 7) har det vore tre brukarar med namnet Gunder, som har gitt garden namn. Den første var Gunder Torsson frå Stordalen. Sonen Ole og kona Mette frå Larsgarden på Ulla fekk ikkje born. Men «dei tok til seg ei lita jente inne frå Rogne», fortel Gunnar L. Fjørtoft, som vart dotterson til denne jenta. Andriane Hansdotter heitte ho. Som «odelsjente» til Gunnagarden hadde ho mange friarar og valde Gunder. Fekk ho ikkje han, ville ho heller ikkje ha garden. Denne Gunder var frå Molnes på Vigra og gifta seg med Andriane. Dei er besteforeldre til tredje og siste Gunder – oldefar til dagens eigar av garden.
Storsætergarden (bnr. 37) er utgått frå Gunnagarden.

Sjurgarden (bnr. 9) er halvparten av Longva C. Peder Sjursson fekk bygsel på denne delen i 1791, men han og faren dreiv heile bruket i lag til 1808. Faren, Sjur Pedersson, var fjerde generasjon som bygsla Longva C, og det er nok han som er opphav til gardsnamnet.

Sjurgarden vart delt i 1888, då Anna Steffensdotter fekk den halvparten som vart Nygard (bnr. 20). I daglegtalen vert også denne kalla Sjurgarden. Anna var gift med Elias Danielsson frå Jogarden på Nogva. Sjurfolket (begge greinene) kan følgje brukarane på garden og samtidig sine aner i rett oppstigande linje heilt tilbake til sin felles «forfar», Sivert eller Syver, fødd ca. 1646. Jorda på begge bruka er i dag samla under «nye» Sjurgarden. Johnsengarden er utgått frå (gamle) Sjurgarden, og Myrolgarden frå Nygard.

Jogarden (bnr. 8) er andre halvparten av det som var Longva C. Den vart utskilt i 1808. Namnet er truleg etter Jon Matsson frå Utigard på Flem, som gifta seg med enkja etter første brukaren i 1819. Ho var Ingeborg frå Storhaug i Skodje, og folket i Jogarden ættar frå dei to. Siste garden på Longva før Rogne, Sørstrand (Mastolgarden), er ein «avleggar» av Jogarden. Det same gjeld Solbakken (bnr. 22), truleg meir kjend som Alvestadgarden.

Flem – gardsnummer 9
Flem var tidleg utbygd og delt i 7-8 bruk alt først på 1600-talet. Som på dei fleste gardar i tidlege tider, var Flemsbruka samla i eit klyngetun – om lag der Hildregarden ligg i dag. Natta til 23. desember 1719 tok det fyr i klyngetunet, og alle husa brann ned med alt innbu. På tinget i Skoravika 3. januar 1720 stod «Opsidderne» fram og fortalde om hendinga og bad om skattefritak eit par år, noko som vart innvilga. Stefan på Flem var rundt 1520 rikaste godseigaren i Haram etter Erik på Austnes. Stefan åtte 203 mællag, som tilsvarte 50 gardsbruk.

Den første kjende Knut i Knutgarden (bnr. 1) var son til ein Anders frå Vatne og Siri Olsdotter frå Flem. Han bygsla bruket frå 1722. Sonen hans, som også heitte Knut, tok over i 1755. Han vart gift med Marte Knutsdotter frå Knutgarden (!) på Longva. Då Knut døydde i 1778, gifta Marte seg igjen med Ole Kristoffersen frå Børstova. Dei som ættar frå Knutgarden kan føre slekta tilbake til desse to.

Knutgarden

Knutgarden. Foto: Magne Flem, Sunnmørsposten

Sonesonen til Marte og Ole, Martinus, slo seg ned på Vigra som lærar og kyrkjesongar i 1862. Han vart far til Ivar Flem som var eigar og redaktør av Sunnmørsposten i 50 år.

Torinagarden (bnr. 3) vart delt permanent i 1827. Eit tidlegare namn på bruket var Jogarden, truleg etter ein Jon frå Sykkylven som bygsla og budde der 1715–40. Opphavet til namnet Torinagarden er ikkje opplagt, men Knut derifrå gifta seg (1876) med Torine i Hildregarden, så det kan vere forklaringa sjølv om dei to busette seg i Støene. Oldefar til dagens oppsitjar, Peter Iversson, kom vekk på sjøen med «Tordenskjold» i 1927. Dottera Sigrid, som då var 22 år og overtok garden etter faren, opplevde òg at mannen, Karl, vart skoten og drept på rutebåten «Eira» i 1944. Yngste dottera var då nyfødd.

Jogarden (bnr. 4) er halvdelen av Torinagarden og vart utskilt i 1827 då Knut frå Børstova gifta seg med Lovise frå Åkre og fekk bygselbrev same året. Etter utskiftinga vart garden kalla Jogjerdet, og staden han no ligg på er i utskiftingsprotokollen nemnt både Gjerdet og Flemsgjerdet. Jo-namnet følgde med dit då dei flytta ut or klyngetunet.

Brukarane i Gullauggarden (bnr. 5) ser ut til å ha vore relativt velståande første halvdel av 1700-talet, skal ein døme etter skiftet etter Guri Andersdotter i 1748. Mellom anna var der eit sølvbelte på 22 lodd (264 g) og tre sølvskeier med inskripsjon. Namnet på garden skriv seg frå Gullaug Jonsdotter, som bygsla og budde her frå 1805 saman med Lars Jakobsson. Dei var begge frå Norddalen. Ho og Lars er «stamforeldre» til slekta i Gullauggarden. Husdalen (bnr. 6) er utskild frå Gullauggarden.

Namnet på Børstova (bnr. 9) kjem kanskje av borgstove – eit hus der tenarane budde. Ein Søren frå Ribe i Danmark bygsla bruket ca. 1675–80 og dreiv handel på «Budaneset» ei 20 års tid frå tidleg 1660-tal. Skogmann og eigar av møbelfabrikken Vang, Anton Flem, var frå Børstova. Faren hans døydde då han var to år gammal, og mora, Johanne, opplevde i tillegg at fem av dei ni borna hennar døydde i ung alder. Lars Olsson frå Børstova er stamfar til folket i Jogarden på Nogva. Mor hans var frå Hildregarden, så då Astrid frå Jogarden gifta seg med Agvald i Hildregarden, var ringen slutta.

Husa på Hildregarden (bnr. 8) ligg om lag der klyngetunet på Flem stod. Dei som dagens folk ættar etter, og som er opphav til gardsnamnet, er Anders Knutson og Berte Justsdotter, som begge kom frå Hildre i 1805. På 1700-talet var det bra velstand på bruket. Eit dødsbu er verdsett til 375 spesidalar, som var uvanleg høgt. Mellom anna var der så mykje som 166 dalar i kontantar, ein sjeldant stor pengesum den tida.

Monsgarden (bnr. 10) heiter etter Mons Knutsson, som styrte bruket frå 1679 til 1699. Slekta hans var på garden til 1795, då Ragnhild frå Pegarden og Elling frå Jogarden på Ulla tok over. Deira etterkomarar har hatt garden sidan, men med eit lite «sidesprang» i 1946 då barnlause Mons-Elias skøytte bruket over på systera Severine i Hildregarden, som gav det vidare til sonen Sverre. Bruket vart delt i to i 1929. Den eine halvdelen vart Dalen, som Karl Gustav, bror til nemnde Elias, tok over. Han kom heim frå Amerika i 1928 og starta klippfiskproduksjon og trandamperi. Dette var starten på det som no er Karsten Flem AS.

Utigard vart i 1804 delt i to delar, som seinare vart heitande Rimma og Haugen.

Første bygslaren på den halvdelen som vart Rimma (bnr. 11), var Peder Halkjellson som kom frå Øye i Sunnylven. Han var gift med Kari Isaksdotter frå Omnen på Lepsøya. Peder kom til Flem i 1780-åra som losdreng. Først busette han seg på ein husmannsplass, og så fekk han bygsle halve Utigard frå 1804 og livnærte seg som los og fiskar. Rimma har gått i arv frå far til son utan avbrot, så Peder og Kari er opphavet til heile Rimmeslekta.

Den delen av Utigard som vart Haugen (bnr. 12), vart bygsla i 1807 av Rasmus Knutsson og Marte Olsdotter, som flytta hit frå husmannsplassen Flemseidet (Eiane). Rasmus var frå Harøya og Marte frå Linge i Norddal. Marte hadde dottera Marte frå eit tidlegare ekteskap. Sistnemnde og mannen, Paul Paulsson frå Eliasgarden på Rogne, tok over bruket i 1808 og er «stamforeldre» til slekta på Haugen.


Kommentarer

Gardshistorie — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *