Flemsøy/Skuløy består av fem matrikkelgardar. Dei er, opprekna etter gardsnummer: Uri (gnr. 5), Nogva (6), Rogne (7), Longva (8) og Flem (9). Uri ligg på nordsida av øya, men vart fråflytta på 1950-talet. Busetnaden i Uri, eller Støene som øyfolket seier, låg tidlegare lenger inne, der det no vert kalla Gamleura. Etter eit skred som øydela jorda, flytta folket rundt 1800 til Støene og tok med seg Uri-namnet dit. Dei bygde seg ein gard på det som då var Flem si utmark. Grenda var nærmast for eit fiskevær å rekne, ettersom der var lite dyrka og dyrkbar jord.

Dei andre gardane har bra med jordbruksareal, og særleg innover Longva og Rogne er det store vidder med dyrkamark. Her låg det lenge mykje udyrka areal; det var djup myr som ikkje lét seg dyrke før store maskinar og statlege tilskot kom på bana. Dessutan var det tidlegare vanleg å dyrke korn, og til korndyrking trongst tørrlendt mark.

Myra var elles til velsigning i eit trefattig landskap, ettersom ho sytte for naudsynt brensel til heimane. Såleis var torvspaing ein fast aktivitet på alle gardar om våren. Kvar gard hadde minst éin torvteig. Og torvspaing har einskilde gardar på Rogne og Nogva halde på med heilt opp til våre dagar. Som ein kuriositet kan nemnast at sjølv på høgste fjelltoppen fann dei djup myr då ei turhytte («Skulebua») skulle setjast opp der i 2016. Hytta måtte byggast på pålar, for det var 1,60 meter ned til fast grunn på det djupaste.

Yrke
Fram til 1950 om lag, var viktigaste næringane jordbruk og fiske. Fiskarbonden hadde rådd grunnen i mange hundre år, men frå tidleg på 1900-talet tok bonden og fiskaren til å skilje lag. Jordbrukaren var nok enno i mange tiår avhengig av sjøen som attåtnæring, medan stadig fleire fekk fiske som einaste yrke. Frå midten av hundreåret fann folk arbeid og levebrød på andre felt i aukande grad – særleg i industrien. I dag er det få fiskarar att på øya, og det er heller ikkje mange som har landbruk som levebrød.

Flemsøy/Skuløy har vore ein del av Haram kommune sidan denne vart oppretta i 1837. Vigra var då også ein del av Haram, men vart skilt ut som eigen kommune i 1890. Øya vår høyrer til Haram kyrkjesokn i lag med Haramsøya og Lepsøya. Før bedehus vart bygt i 1920 og gravplass i 1926, måtte folket her reise til Austnes for alle kyrkjelege handlingar, inkludert gravferd. Fram til 1838, då ny kyrkje vart bygd på Austnes, låg både kyrkja og gravstaden ute på Haram.

Om folket her på øyane skreiv Hans Strøm i «Søndmørs Beskrivelse» for over 250 år sidan:
«Hvad Indbyggerne selv angaar, da ere de overalt forstandige, skikkelige og meget godædige, af udvortes Anseende smukke, og til Søe-Væsen saa duelige, at deres Lige paa faae Steder skal findes.»


Kommentarer

Gard og grend — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *