Historikk
Flem gamle skuleDet første skulehuset på Flem vart bygt i 1887. Huset var 54 kvm stort, og inneheldt klasserom, eit kammers og gang. I 1893 vart det bestemt å bygge til lærarbustad i vestre ende på bygget – 4,5 m langt og same breidde som det eksisterande huset. Tilbygget vart teke i bruk i 1896 av lærar Ola Longva med familie. Vatn vart innlagt i 1911 og elektrisk straum i 1924.

Våren 1959 vart nye Flem skule teken i bruk. Gamleskulen vart ominnreidd og brukt til sløydundervisning heilt fram til hausten 1986. Sidan vart han mellom anna nytta som øvingslokale for musikkgrupper/band.

Etter dette vart ikkje gamleskulen brukt, og forfallet tok til å merkast. Flem velforeining tok opp spørsmålet om å ta over skulehuset på årsmøtet i 1995, og etter eit folkemøte same året vart det søkt kommunen om overtaking. Dette gjekk i orden, og 16. oktober 1995 vart Laget Gamleskulen skipa for å ta vare på bygget. Til styre vart valt Arnfinn Flem, leiar, Solveig Krogsæter, nestleiar, Jan Petter Urke, kasserar, Birgit Fjelle, skrivar, og Atle Longva, medlem.

Restaurering
Nedvask og måling var første steg. Året etter vart golva slipt og veggar måla innvendig. Dei to-tre neste åra vart brukt til å fornye heile taket og installere nytt elektrisk anlegg. Innvendige veggar og dører vart sett tilbake på plass slik det var før ominnreiinga, og dei komande åra vart det skifta vindauge og bordkledning på alle veggane. Alt vart gjort på dugnad.

Med dette var huset «berga» og i bra stand, men ein god del stod framleis att. I 2008 kom det pålegg om å skifte strauminntak og gammal armatur på loftet og i gangen. Alt i 2000 var det sett inn varmtvasstank i kjellaren, og seinare kom oppvaskmaskin og toalett. Gamle utedoen vart fjerna med god hjelp av orkanen Dagmar. Av dei seinare arbeida kan nemnast istandsetting av ytste kjellaren, oppussing og nytt golv i gangen og felling av tre nedom huset.

Kulturhus
Etter at det grøvste fornyings- og vedlikehaldsarbeidet var gjort, tok Laget Gamleskulen huset i bruk til aktivitetar og tilstellingar av ymse slag. Det har blitt eit lite, men aktivt kulturhus som med jamne mellomrom byr på arrangement av høgst ulike slag – alt frå julemesse og loppemarknad via utstilling av historiske ting og bilete til filmframsyning, foredrag og kafé. Tilstellingane er også eit sosialt treffpunkt der folk etter framføringa samlast rundt borda med kaffi, kaker og prat. Det er fri inngang på alle arrangement.

Nemnast spesielt må det viktige arbeidet laget har gjort for å restaurere og ta vare på den store og verdfulle biletsamlinga som Ole J. Rogne laga til Gjensynstreffet i 1995. Hatlehols trykkeri i Brattvåg gjorde alle bileta lysekte og laminerte dei på innrama samleplater. Bileta skal no stå seg i minst 150 år! I tillegg er alle saman digitaliserte. Elias Rogne har fylt på med namn på personane på bileta slik at dei aller fleste no er identifiserte.

 


Kommentarer

Laget Gamleskulen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *