Etter andre verdskrigen var det slutt på å halde festar i kjellaren på (gamle)skulen på Rogne. Den var blitt for liten og uhøveleg som samlingsstad, og ei av dei store oppgåvene for UL Fram var difor å arbeide for eit samlingshus i bygda. Eige hus var òg viktig for vidare lagsarbeid.

Alt i 1942 kjøpte ungdomslaget eit område i Oska som skulle nyttast til tomt for det påtenkte huset. Same året vart det vedteke at namnet på eigedomen skulle vere Framtun, og det vart valt ei byggenemnd til å stå føre arbeidet. Det gjekk enno femten år før bygginga kom i gang, men i september 1957 tok tomtearbeidet til. Det vart bestemt at huset skulle oppførast i mur i éi høgd og gi rom for festsal, scene, gang, galleri og kjøken under scena.

Etter ei byggetid på vel to år, stod Framtun ferdig til bruk i desember 1959. Det meste av arbeidet var utført på dugnad av bygdefolket. Utlegg til kjøp av materialar, utstyr og inventar kom på 45.000 kroner. Takka vere innsamling og rause gåver frå folk i bygda, var laget mest utan gjeld då huset vart teke i bruk. Vigslefesten med meir enn 300 frammøtte vart halden 29/12-59.

Men alt seks år seinare vart det gjort vedtak om å utvide Framtun. Arbeidet tok til hausten 1974, og ei større utviding med kjøken og møtesal, toalett, garderobe og inngangsparti var ferdig i 1983. Ungdomslaget investerte så i nytt, moderne kjøken som stod klart til bruk i mars 2015.

Framtun blir mykje brukt av laget sjølv som øvingslokale for teatergruppene og sjølvsagt framføring av dei innøvde teaterstykka, og til kulturkveldar. Ein gong imellom arrangerer dei kurs i til dømes dans, og også vanlege dansefestar. Teatret Vårt og andre grupper vitjar òg huset av og til. I tillegg vert huset ofte leigd ut til ulike arrangement som konfirmasjon, selskap, gravferd, bingo og meir.

I skrivande stund er det sett i gang arbeid med ei ny, stor utviding av Framtun for å få større scene, betre plass og fasilitetar for teaterverksemda, som er hovudaktiviteten i laget, og meir lagerplass. Påbygget er kalkulert til vel 4,7 millionar kroner. Ein stor del av finansieringa er dugnadsinnsats, og det er gitt tilsegn om vel 1,1 millionar kroner i spelemidlar.

Framtun

Framtun


Kommentarer

Framtun — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *