Som eitt av dei første frilynte ungdomslaga på Sunnmøre og det aller første i Haram, vart UL Fram skipa i 1891. Det er lite skriftleg dokumentasjon som finst frå den første tida, bortsett frå det ein finn i det handskrivne bladet, som også heiter Fram. Likevel er det kjent at den første formannen var Ole Amundsson (Fjørtoft) Nogva, nevø av Olaus Fjørtoft. Sjølv skreiv han seg for Ole Harhaugvik etter staden han trødde sine barneskor.

Den eldste møteprotokollen er frå 1894. Same året vart første lagslova vedteken og stod seg med berre små endringar til 1979. Føremålsparagrafen lydde slik:
«Ungdomslaget hev som formaal for unge og eldre, kvinner og menn aa nytte fristundene paa beste maate ved hjelp av samtale, fyrelesingar og sømeleg moro. Ungdomslaget stend på kristeleg grunn.»

I 1894 vart også Sunnmøre frilynde ungdomssamlag (SFU) starta. UL Fram var eitt av dei elleve laga (ved Ole Harhaugvik) som var til stades i Ålesund 15. oktober og deltok i skipinga, saman med eit anna lag frå øyane, UL Uredd på Haram.

Magnus J. Rogne, frå Fjørtofta og gift til Larsgarden, vart formann i laget i 1894. Både han og Ole omkom på sjøen 29. mai 1895, saman med fire andre frå Nogva og Rogne. Dette var sjølvsagt eit hardt slag både for ungdomslaget og heile bygda, så det tok nok både tid, krefter og pågangsmot å kome i gang igjen med ungdomsarbeidet.

Aktivitet
Medlemsmøta var den vanlegaste forma for lagsarbeid den første tida. Fast innslag var opplesing frå lagsbladet. Medlemene leverte innlegg som bladstyret tok imot og redigerte. Dei fleste nytta dekknamn, medan bladstyraren skreiv under fullt namn. Mange slags saker vart omtalt og diskutert i bladet. Av andre aktivitetar var foredrag, ordskifte og ymse former for underhaldning vanleg på møta.

Heimane til nokre av medlemene var møteplass dei første åra; frå 1895 vart skulehuset samlingsstad. I 1908 fekk laget utvida skulekjellaren så han kunne brukast til lagsmøte og andre samkomer. Rommet var berre ca. 6,5 x 8,5 meter, men likevel var der halde om lag 250 medlemesmøte og 14–15 festar, og mange samkomer som ikkje er nemnde i lagsbøkene.

Den første festen UL Fram skipa til, var 17. mai-festen 1895. Då gjekk ungdomane i lag med skuleborna i tog frå Rogneskulen til Flemskulen. I toget var det berre reine norske flagg, sjølv om det var ti år før unionen med Sverige vart oppløyst.

Neste fest var årsfesten 1896, som vart halden i Stabo-kjellaren på Nogva. Til denne festen hadde laget øvt inn og framførte sine to første spelstykke, nemleg Meinhøve av Anders Vassbotn og Ervingen av Ivar Aasen. Attåt skodespela var det føredrag og song, «og til slutt ein ørliten svingom».

Fram til første del av 1930-talet vart det skipa til 15 festar med program. I tillegg til spelstykke, vart det halde omkring 80 foredrag med tema som femnde frå suggesjon og hypnotisme til Elias Blix og salmane hans. Av kjende folk som vitja med foredrag, kan nemnast diktar og ungdomslagsmann Anders Vassbotn, ungdomsprest og reisesekretær for SFU Hjalmar Storeide, og Marta Steinsvik – forfattar og forkjempar for målsak og kvinnesak.

Opplysning stod sentralt i ungdomslagsrørsla. Dei mange foredraga, ordskifta på møta og lagsbladet bidrog mykje i så måte, og det same gjorde kveldsskulen som Fram arrangerte i 1928. Den var på 36 timar og hadde 19 elevar. Og ikkje minst var leselaget Fram ei viktig kjelde til kunnskap. Laget kjøpte inn bøker som vart lånte ut til medlemene, og i 1915 hadde dei 100 bøker å velje mellom, i 1925 om lag 150 bøker.

Det hende at ungdomslaga Fram og Samhald skipa til 17. maifest i lag. Ein slik sams fest hadde dei i 1907 på Rogne. Fleire gonger gjekk dei to toga kvarandre til møtes. UL Fram hadde fått seg fane alt i 1902, laga av Hans A.H. Rogne (frå Nystova), eller Målar-Hans, som han vart kalla. Men fana kom vekk og vart aldri attfunnen, og dermed vart det laga ei ny i 1932, også signert Målar-Hans. Dette året var det meir enn vanleg vakkert vêr på 17. mai, og dei to toga møttest ved Nedstestølen. Med Fram og den nye fana i spissen vandra heile flokken til ungdomshuset på Longva til leik og gaman. «Det var den største folkesamling nokon 17. mai her på staden», er det notert i UL Samhald si møtebok.

Ny start og eige hus
Som i dei fleste lag, gjekk aktiviteten også i UL Fram litt opp og ned. 9. januar 1938 samlast ungdomen på Rogne og Nogva til møte på skulehuskjellaren for om mogleg å ta oppatt arbeidet i ungdomslaget, som då hadde lege nede ei tid. Dermed kom arbeidet i gang igjen. Den vanlegaste aktiviteten var medlemsmøte med sketsjar, opplesing, visesong og liknande. Under krigen gjekk arbeidet omtrent som før, og aktiviteten var etter måten stor.

Etter krigen vart det slutt med å halde festar i skulehuskjellaren. Av dei åtte festane som vart skipa til dei første ti etterkrigsåra, vart fem haldne på ungdomshuset på Longva, to på Fjørtofta og ein på Finnøya. Etter at Rogne nye skule vart teken i bruk i 1954, arrangerte Fram julefestar her i åra 1956–58.

Siste del av 1950-talet var lagsarbeidet konsentrert om den store oppgåva å reise sitt eige hus. Med stor innsats og velvilje og trufast støtte frå bygdefolket, stod Framtun ferdig til vigslefest 29. desember 1959. Med eige hus vart det ei ny tid for laget. Huset gav rom for nye måtar å arbeide på og gjorde det mykje enklare enn før å skipe til festar og andre arrangement.

Nye impulsar
Utover i 1960-åra var UL Fram på leiting etter nye arbeidsområde, og for å få inspirasjon og hjelp til å utvikle laget, vart det meldt inn i Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag og Noregs Ungdomslag i 1967. Kontakt og samarbeid med andre ungdomslag gav impulsar til nye arbeidsmåtar og aktivitetar. Leiaropplæring styrkte den formelle sida av lagsarbeidet, noko som gjorde laget betre organisert og bidrog til større breidde i arbeidet.

Sjølv om medlemsskapen i NU kravde sitt, var laget også aktiv på heimebane. Frå 1978 har UL Fram hatt eigne nemnder for teater, dans og studiearbeid. Frå 1980 har born høve til å vere medlemer, og ei eiga nemnd tek seg av arbeidet i barnegruppa. Dette året vart også lagslovene endra, og ny føremålsparagraf lyder slik:
«Ungdomslaget Fram på Rogne/Nogva er eit frilynt lag som skal by born, ungdom og eldre meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar, og arbeide i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.»

Teaterarbeidet har lang tradisjon i UL Fram. Fram til 1920-åra vart i alt tretten spelstykke synt fram, dei fleste i skulehuskjellaren. Dette var eit lite høvelege lokale, så det vart no eit langt opphald med denne aktiviteten. Først etter at Framtun var bygt, tok teaterarbeidet seg oppatt, og frå 1960 har det årvisst vore framført spelstykke. Teaterkurs og profesjonell instruktørhjelp har styrkt dette arbeidet mykje. I 1980 framførte laget Liv og Lagnad på landsstemnet til Noregs Ungdomslag i Molde. Ein periode på 1980-talet arrangerte ungdomslaget teaterturar til Det Norske Teatret i Oslo.

Sunnmørsstemne
I 1984 tok UL Fram på seg å vere vertskap for Sunnmørsstemnet, eit stort arrangement i regi av SFU. Stemnet gjekk over tre dagar 1.–3. juni. Fredag og laurdag gjekk aktivitetane føre seg i og omkring Framtun, medan hovudstemnet søndag skulle føregå på Nogva der det var ordna stemneplass og rigga utescene.

Fredagskvelden var det bygdakveld på Framtun med fersk småsei, underhaldning og dans. Laurdagen kom med like strålande vêr som det var fredag, og dagen vart nytta til turar av ymse slag – både til fjells og til havs. På Framtun var det dansekurs, og på Rogne skule var kystkulturutstillinga til Noregs Ungdomslag sett opp. Barnegruppa til Fram hadde øvd inn eit program som dei synte fram på Framtun på ettermiddagen, til stor fagnad. Om kvelden var det folkefest der mellom anna teatergruppa framførte spelstykket Tyven av Dario Fo.

Søndag hadde vêret snudd til sørvest og regn, og programmet måtte flyttast til Framtun. Men først vart det likevel stemnetog til Nogva, der det vart lagt ned blomar på minnesteinen til Olaus Fjørtoft. Resten av programmet gjekk på Framtun med Arne Fjørtoft som stemnetalar. Stemnet er den største tilstellinga ungdomslaget nokon gong har teke på seg, og den kom vel i hamn.

Minnesmerke
Alt i 1890-åra vart det arbeidd med å få reist eit minnesmerke over Olaus Fjørtoft. Det var Ole Harhaugvik som stod i brodden, men då han kom vekk på sjøen i 1895, stoppa det opp. Etter fleire forsøk både av Fram og andre, gjorde styret i ungdomslaget i 1971 vedtak om å reise ein bauta over Olaus. Etter nokre års arbeid vart bautasteinen avduka under eit stemne på Nogva 8. juni 1975.

Utovervend aktivitet
Også etter 100-årsjubileet i 1991 har UL Fram vore aktivt på mange plan, mellom anna med god kontakt med ungdomslagsrørsla på fylkes- og landsnivå. Laget har årvisst delteke på årsmøta til SFU. To gonger har dei arrangert Sunnmørsstemnet for born, og barnegruppa og etter kvart juniorgruppa har delteke på dei fleste barnestemna rundt omkring på Sunnmøre.

Fleire gonger har laget delteke på årsmøta til Noregs Ungdomslag og vore med på Hovudstemna der. To av gongane har dei synt fram teaterstykke dei hadde jobba med. Første gongen var i Trondheim i 1996 med Splint av Norvald Tveit. Andre gongen framførte dei forviklingskomedia Den spanske flue i Stavanger i 2000, etter å ha vist Flugå heime i påska same året.

Å flytte teaterproduksjonar med alt som skal til, er svært krevjande. Likevel har særleg barne- og juniorgruppa vore flittige å vitje andre stader dei seinare åra – ikkje minst Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Sjølv om slike turar er strevsame, er dei sosiale og samansveisande og sikkert ei medverkande årsak til det sterke teatermiljøet i UL Fram.

I høve 150-årsjubileet for Olaus Fjørtoft sin fødsel, tok ei tremannsgruppe på seg å utarbeide eit teaterstykke basert på Olaus sitt liv. Dei tre var Bjørn Kåre Høistad, Elias Rogne og teaterinstruktør Endre Skar. Resultatet vart Frigjeraren, eit «tablåteater» med musikk. Musikken vart laga av Lasse Larsson Fjørtoft og framført av Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bø.

Stykket vart urframført på Framtun 19. mai 1997. I september same år arrangerte ungdomslaget Olaus-dagane – eit seminar med foredrag av folk frå Høgskulen i Volda, ei utstilling av bilete og bøker om emnet, og ei reprise av Frigjeraren. Teaterstykket vart òg framført på Møre Folkehøgskule i Ørsta som ein del av Dei nynorske festspela i 1997.

Teater i fokus
Teaterarbeidet er i dag den viktigaste aktiviteten og krumtappen i UL Fram. Ein gong i året har dei tre teatergruppene ein produksjon kvar. Barnegruppa lagar adventsfest til jul, juniorgruppa skipar til jonsokfest, og dei vaksne har teaterframføring onsdag i påskeveka.

I «alle» år har Bjørn Kåre Høistad vore ein av krumtappane i teaterarbeidet, som leiar, skodespelar, lydmann og mykje meir. Den svært høge kvaliteten på framføringane til barne- og juniorgruppene dei siste åra har Reidunn Rogne Flem, Linda Nogva Vedeld og Marion Høistad Bergheim ein stor del av æra for. Dette gode arbeidet har òg ført til stor interesse mellom barn og unge for å delta. Nemnast må også Jon Nogva, som er ein kunstnar med kulisser, og Frøydis Otterlei, som år etter år har sydd kostymer til aktørane.

I tillegg til den menneskelege innsatsen, har laget også satsa mykje på å betre andre viktige faktorar i teaterarbeidet, så som lyd og lys. Det er slutt på den tida då berre dei som sat nærast scena fekk med seg talen, og godt lysutstyr er med på å få fram dei effektane ein vil ha på scena. I skrivande stund (2018) vert det òg arbeidd med påbygg på Framtun for å få større scene, betre garderobe og meir lagerplass.

Sjølv om teaterverksemda er i fokus, driv UL Fram framleis med tradisjonelle aktivitetar som kulturkveldar, dansekurs og vanleg offentleg dans. Dei er dessutan vertskap for Teatret Vårt og andre tilreisande grupper.

Ungdomslaget fekk i 2013 kulturprisar både frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Haram kommune for arbeidet sitt. Barnelagsleiarar har også fått personlege prisar for arbeidet.


Kommentarer

Ungdomslaget Fram — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *