Øl, brennevin og fråhaldssak
Frå gammalt av var det vanleg å bryggje øl til jul. Kom det folk på besøk, vart dei traktert med varmt øl. Likens var det vanleg å «drikke jol», som var å halde juleselskap der det vart traktert med både øl og sterkare saker. Dei fleste skaffa seg brennevin til jul. Nokre «gardmenn» og drengane deira slo seg saman og kjøpte ei eller fleire brennevinstønner som dei delte.

Det vart laga fleire sortar øl – godøl, lettøl og «spissel». Det siste vart brukt til tørstedrikk. Ølet skulle vare ut torskefisket om våren. Når karane kom frå havet, møtte alltid nokon frå huslyden dei ned på vòren med eit spann varmt øl. Dette gjorde nok godt for våte og kalde kroppar, og dei tømde spannet mellom seg før dei bar fisken fram i naustet. Til bryllaup vart det bryggja fleire tønner øl, og det vart innkjøpt godt med brennevin.

Brennevinsdrikkinga auka sterkt i første halvdel av 1800-talet etter at forbodet mot heimebrenning var blitt oppheva. Årsaka til opphevinga var å fremje dyrking av poteter, som då var ei relativt ny plante i Noreg, og som vart brukt til produksjon av brennevin.

Skadeverknadene av det auka konsumet var det mange som såg, også styresmaktene, som sette i verk ulike tiltak for å avgrense drikkinga. Men effektiv reduksjon av alkoholinntaket vart det ikkje før fråhaldsrørsla kom på bana og vanleg folk engasjerte seg i kampen mot «kong Alkohol».

Det norske Totalavholdsselskap vart formelt skipa i Kristiansand i 1875 etter initiativ av Asbjørn Kloster, som også vart første formann. Han hadde alt i 1859 starta Stavanger yngre Afholdenhedsforening. I 1877 vart den første godtemplarlosjen (IOGT) i Norge stifta i Porsgrunn, og året etter kom ei landssamanslutning – ein storlosje – i stand.

Begge fråhaldsselskapa vaks fort utetter siste del av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet. Frå 1880-talet vart det også skipa lokale fråhaldslag i dei fleste bygder, og motstandsarbeidet mot alkoholdrikking skaut fart. Det fekk god hjelp av religiøse vekkingar som gjekk over landet i desse tider, der rusdrikk vart sett på som synd.

Om lag på denne tida vart det skipa eit fråhaldslag på Flemsøy/Skuløy. Det var i aktivitet fram til omkring 1910. Elias H. Rogne var i mange år formann, men møteboka er bortkoma, så fleire opplysningar om dette laget er ikkje å finne.

På møte i UL Samhald 17. januar 1909 var det kome spørsmål frå nokre ungdomar om dei fekk låne ungdomshuset til å halde møte, dersom dei fekk skipa ein IOGT-losje. Låne huset skulle dei få, men om eit slikt lag vart starta, teier soga.

Eit nytt fråhaldslag (eller «nyreist» frå det førre) vart skipa på øya i 1916. På første sida av møteboka står det slik:

«Møtebok for Flemsøy avhaldslag, nyreist heilagtorsdag 1. juni 1916 ved E. Sæter.»

Denne Sæter var truleg ein person i fylkesfråhaldslaget si teneste. Til styre i laget vart desse valde:

Karl G. Rogne, formann
Olaus O. Longva, varaformann
Johan P. Longva, kasserar
Peter I. Flem
Johan P. Flem
Sevrin P. Rogne

Interessa for fråhaldssaka var tydelegvis stor på øya, for på denne skipingsdagen vart det innmeldt heile 78 medlemer. Snart etter teikna det seg femten nye.

Det første året vart det halde to møte i tillegg til skipingsmøtet. I 1917 var det to møte i laget, og året etter berre eitt, då det vart valt nytt styre. Den 17. mai 1919 vart det halde fest i fråhaldslaget til inntekt for Agitasjonsfondet for folkerøystinga om forbod mot sal av brennevin og vin, som skulle haldast 5. og 6. oktober dette året.

Den 18. september same år var Gerhard Kjølås frå fylkeslaget på vitjing og heldt foredrag om fråhaldsarbeidet og folkerøystinga som snart skulle vere. Etterpå vart det valt ei nemnd som hadde til oppgåve å sjå etter at alle som kunne, møtte fram for å gi si stemme ved røystinga.

I møteboka er det for 7. oktober notert at med unntak av nokre som var sjuke, møtte alle røysteføre fram ved urnene, og resultatet vart så godt som eit samstemmig «ja» til forbod.

Dei komande åra var det jamt eit møte i året som er notert i møteboka – som regel i samband med ein omreisande foredragshaldar. Siste møtet som er notert var i desember 1925, med foredrag av Anna Birkeland. Formann då var Sevrin Rogne.

Folkerøystinga i 1919 gav fleirtal mot vin- og brennevinssal i landet, og forbodet Stortinget hadde innført i 1916, vart stadfesta og vidareført. Ei ny røysting i 1926 var framleis soleklart i favør av forbod her på øya og i Haram, men i Noreg totalt hadde fleirtalet snudd, og forbodet vart oppheva.


Kommentarer

Fråhaldslag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *