Vi hadde skulemat i boks, og mjølk på flaske. Brukte tranflasker egna seg godt. Mjølka sette vi fram til omnen. Der stod ho og lunka seg til vi hadde matpause. Mjølkeflaskene fekk for det meste vere i fred, men det hende vi hadde nedpå eit eller anna, til dei vi ville plaga, eller ha til beste.
Vi fekk tran på skulen i krigsåra, og det var ikkje Møllers med appelsinsmak, men noko heilt anna smaksmessig. Læraren stod med flaska, og vi møtte fram med kvar si skei. Dei tøffaste bad om påfyll, og gurpa tran resten av dagen.

Eg hugsar godt den dagen lærarinna testa songrøystene våre. Ein etter ein måtte vi fram til bordet, der Rut Olsen tronte, og syngje. Eg song første verset av «Vår gud han er så fast ei borg». Dette skjedde før eg vart gjort merksam på at songstemma mi ikkje var noko å bygge ei framtid på. I friminutta heldt vi for det meste til på den vesle leikeplassen nedfor skulen. Vi slo lyre, heldt på med «skamma», «tre mann i vinden», eller sparka fotball. Det vil seia, fotball hadde vi ikkje, men det fanst nokre lyrer som kunne brukast. Ei lyre er ein liten, knyttnevestor, oftast kompakt, gummiball.

På kalde vinterdagar lurte vi oss ned til sjøen, og siglde på isflak. Dette førte ofte til sjøfylte beksaumskor og innesitjing i minst eit friminutt. At ein måtte «sitja inne» i friminutta var rekna som straff, men ikkje alle tok dette særleg tungt. Eg trur foreldra tok det tyngre enn elevane.

Til skulen gjekk vi i allslags ver. Sykkel var det berre nokre få som hadde tilgang til. Skulevegen til dei som budde i Støene, gjekk over Halsen, og ikkje sjeldan møtte dei opp våte til skinnet. Ingen hadde det vi i dag kallar regndress, i beste fall ei regnkappe.

På skuletur
No, etter eg har kome til skjels år og alder som det heiter, er det eit minne frå skuletida, eg ser tilbake på med undring: Eg kunne vel vere omlag 12 år gammal den gongen vi drog ut på maritim skuletur. Det var dei to klassene i storskulen, og læraren vår, Arne Tufte, som drog i vesterveg. Vi lånte tre færingar, og rodde først til Ulla, der vi besteig Ullahornet. Vel komne nedatt frå fjellet, rodde vi ut Ullasundet, rundt Ullaholmen, og innatt over Øyrane, der bruvegen går i dag. Eg ser for meg tre færingar, lasta til ripa med ungar, ingen hadde flytevest, og berre nokre få kunne symja. I dag hadde ein slik tur vore utenkjeleg, men for oss, båtvante som vi var, var dette ikkje noko å snakka om.


Kommentarer

Frå skulesoga — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *