Statens hamnevesen bygde ein 360 m lang molo på vestre side av Indre Flemsvik i 1973, og på dugnad i regi av den lokale hamnenemnda vart det lagt betongdekke på moloen same året.

Interesserte båteigarar tok kontakt med hamnevesenet i 1978 med tanke på å legge ei småbåthamn på innsida av moloen. Svaret var såpass positivt at det vart kalla inn til møte i februar 1979, der Flemsvik småbåtlag vart skipa. Til formann vart Arne Vedeld vald, og det vervet har han hatt til denne tid! Dei to andre i det første styret var Oddbjørn Flem og Finn Rogne. Føremålet til laget er å lage trygge plassar for småbåtar.

Laget fekk utarbeidt eit hamneprosjekt med 78 båtplassar, men dette talet vart seinare redusert til 36. I februar 1983 starta arbeidet med utkøyring av ein 135 meter lang molo, og dessutan mudring av hamnebassenget, og i oktober same året var hamna klar til bruk.

Den lange (vestre) moloen var utan brystvern, og styret for Indre Flemsvik hamn (hamnenemnda) søkte no Kystverket om å få bygt brystvern og tilbydde seg å utføre arbeidet på dugnad dersom dei fekk dekt materialkostnadene. Dette vart akseptert, og 360 m brystvern vart i 1984 støypt på dugnad av medlemene i småbåtlaget.

Sidan har småbåthamna blitt utbygt etter kvart som fleire medlemer og båtar har kome til, og pr. i dag er der 45 båtplassar. Hausten 2008 vart grunnmuren til klubbhuset støypt, og i april 2010 vart det første lagsmøtet halde i eige hus. Forutan eit møterom med bord og stolar, inneheld huset dusj og toalett med eigen inngang.

Til sesongen 2009 stod det klar ein slipp med slippvogn som tek båtar opp til seks tonn. Elles er det utlagt ei gjestebrygge med plass til fire båtar, utstyrt med straum og tilgang til vatn. Gjestar har også tilgang til klubbhuset og fasilitetane der. To oppstillingsplassar for bubilar er der òg.

Flemsvik småbåthamn

Foto: Per G. Øines

Nye opplysningar/korrigeringar er velkomne.


Kommentarer

Flemsvik småbåtlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *