Denne starta med ein pir ut i sjøen frå Mons-fjøra. På møte i Haram heradstyre 8. mai 1933 låg det føre skriv frå Statens hamnestell med framlegg om å bygge ei landgangsbru på Flem, 210 m lang og 2,6 meter brei, til ein kostnad av om lag 50.000 kroner. Hamnevesenet kravde eit «distriktstilskot» på ca. 10 prosent, garantert av herad og fylke.

Kommunestyret gjekk inn for at moloen skulle byggast og gjorde vedtak om å gi garanti for «distriktstilskotet». Som ein del av dette teikna oppsitjarane på Flem seg for rundt 700 dagsarbeid, og bindande fråsegn om at arbeidet skulle bli utført vart tinglyst som hefte på gardsbruka deira.

På møte i kommunestyret 12. mars 1938 låg det føre oppmoding frå Flem om å få sett i gang naudsarbeid på den planlagde landgangsbrua på Flem, og formannskapet vart pålagt å søkje om tilskot av kriseløyvingar. Same året kom arbeidet i gang. Stein vart teken frå Dale-fjøra til første halvdelen av piren og mura fint opp.

Både i 1939 og 1940 vart det sendt oppmodingar frå Flem til kommunestyret om å halde fram arbeidet på den halvferdige landgangsvòren. Men under krigen vart ingen ting gjort, så piren vart ikkje fullført før i 1949. No vart stein henta frå berget oppunder vegen ved Tørrhaugen og frakta på jernbane ned til moloen. Kai på moloenden bygde flemskarane sjølve.

I 1964 løyvde kommunestyret kr. 12.000,- til bygging av ny kai på moloen. Pengane vart sett på konto i Haram Sparebank og Bjarne P. Flem skulle stå føre disponeringa og rekneskapen. Kaia vart bygd i 1965 til ein bokført kostnad på kr. 8.923,28. I tillegg kom dugnadsarbeid.

I 1970 køyrde hamnevesenet stein frå Langholen til moloen på Longva-hamna, og piren på Flem vart lengd med 35 meter i same høvet. To år seinare bygde den lokale hamnenemnda for Indre Flemsvik hamn kai på vestsida av piren – like framanfor trebygget til Karsten Flem AS.

Det vart no søkt om vidare utbygging av hamna med ein molo på vestsida, og i mars 1972 la hamnevesenet fram ein plan for mellom anna ein 360 meter lang molo. Den lokale hamnenemnda tilrådde planen, som innebar at nemnda/oppsitjarane skulle støype betongdekke på moloen. For å sikre at det vart gjort, måtte nemnda skaffe bankgaranti på kr 110.000.

Utrausing av moloen tok til utpå nyåret 1973 og var ferdig i juli same året. Støypinga av molodekket starta straks, og etter fire vekers arbeid var det ferdig 15. august. Dugnadsarbeidet vart leia av formannen i hamnenemnda, Bjarne Flem. Saman med utbetring av vegen ned til moloen kom kostnaden for bygda i utlagde pengar på vel 57.000 kroner.

Medan dei var i farta, oppførte dei også ei «kokfiskkai» i 1974, men som dei ikkje hadde søkt om løyve til. Det kom likevel hamnevesenet for øyre, og dei bad om at søknad måtte bli sendt. Det vart gjort, og dei fekk løyve «post finito» av Kystdirektoratet i 1975.

I planen for hamna var det også med ein vinkelmolo på 10 x 25 meter nær enden av hovudmoloen, der det skulle byggast ei fiskerikai. Denne moloen vart lagt ut delvis i 1977 og fullført i 1983.

Den lange moloen var utan brystvern, og etter at der vart anlagt småbåthamn i 1983, søkte den lokale hamnenemnda Kystverket om å få bygt brystvern. Dei tilbydde seg å utføre arbeidet på dugnad mot å få dekt materialkostnadene. Dette vart akseptert, og brystvern langs heile moloen vart støypt i 1984 av medlemane i småbåtlaget og andre interesserte.

I 1977 vart det planlagt å utvide breidda på piren ut til Karsten Flem AS sitt anlegg. Moloen var for smal for vogntog og andre større køyrety. Det vart bestemt å utvide køyrebana til 4 meters breidde, og dette vart gjort i 1978 av Johan A. Haram sitt maskinlag.


Kommentarer

Indre Flemsvik hamn — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *