Utigjennom andre halvdel av 1800-talet auka forståinga både mellom dei styrande og folket for at ein fast skulestad ville styrke opplæringa. Og tanken om å skaffe eit eige skulehus modnast litt i senn. Meiningane var likevel delte, for krinsane måtte sjølve bere kostnadene med skulehuset.

Flem skulekrins gjorde likevel vedtak i 1886 om å bygge skulehus. Det stod ferdig i 1887 og inneheldt eit klasserom, kammers (lærarrom) og gang. Der var berre halvhøg kjellar, som vart brukt til lagerplass for torv.

Lærarbustad
Alt i 1893 vart det gjort vedtak om å bygge til lærarbustad i vestre ende på bygget – 4,5 m langt og same breidde som det eksisterande huset. Tilbygget vart teke i bruk i 1896, og husleiga var kr 10,- per år. Soverom og kjøken var oppe på loftet, medan stova var nede. Ola P. Longva (frå Gjerdet), som var lærar på Flem og Rogne 1892–97, budde på skulen med kone Karen frå Gulagarden og etter kvart fem born før dei flytta til Vågstranda. Karl G. Rogne var lærar på Flem frå 1897 og flytta inn med si Oleanna etter at dei hadde gifta seg i 1901. Dei flytta til Rogne i 1908 og hadde då fire born. Karl var lærar på Flem til 1916, så skulevegen var lang dei åra – sjølv med sykkel.

Skulen var først todelt, deretter tredelt, men frå 1916 vart det firedelt skule i krinsen, og det vart då gitt løyve til å bruke lærarstova til klasserom. Bror til lærar Rogne, Jonas, budde der med kona Marie frå Børstova og to born til Jonasgarden var ferdig i 1916. Sidan var ikkje skulehuset i bruk til bustad. I 1922 vart taket løfta på «lærarstova» slik at rommet fullt ut imøtekom krava til klasserom, og i 1924 vart det installert elektrisk lys på skulen.

Dei to kjellarromma hadde ikkje full høgde og vart vart brukt til lager. Kjellaren vestover fekk støypt golv og har blitt brukt til å stable pultar og anna som var til overs. I inste enden vart kjellaren brukt til å lagre torv, og her er det framleis jordgolv. Både å skaffe torv og fyre opp om morgonen vinterstida gjekk på omgang mellom bygdefolket, tilliks med andre naudsynte oppgåver for drifta av skulen. I skuletida var det ordensmannen som hadde ansvaret for at var varmt i klasserommet.

I 1941 søkte Flem skulekrins om løyve til å kjøpe 500 m2 for kr 380,- til «leikvoll» ved skulen. Det vart imøtekome, og leikeplassen vart opparbeidd nedom skulehuset. Ved sida av stod utedoen. Der var tre sitjeplassar – to for jenter og ein for gutar. Når det var snø om vinteren, var bakken ovanfor skulen ein ynda tumleplass, og friminutta kunne ofte bli lange.

Etter som tida går, aukar krava til «fasilitetar», og det som ein gong var nytt og flott, vert utdatert og avlegs. Nokså snart etter at andre verdskrig var slutt, kom tanken og diskusjonen opp om at skulehuset var for trongt og lite tidhøveleg. Ei byggenemnd vart vald i 1948, og etter framlegg frå Severin E. Longva, løyvde kommunestyret på møte 11/11 1949 kr 3.000 til «førebuande arbeid vedkomande nytt skulehus i Flem krins».

Krinsrøysting
Sidan både Flem og Rogne krinsar no emnar på nye skulehus, reiser skuledirektøren i 1949 spørsmålet om samanslåing av krinsane. Rogne hadde då alt godkjende planar for nybygg, og i brev til heradsstyret krev Flem krins at arbeidet med Rogne nye skulehus måtte stoggast inntil krinsspørsmålet var endeleg avgjort. Røysting i krinsane gav resultatet 72 stemmer for å behalde gjeldande ordning og to røyster for samanslåing. Både skulestyret og kommunestyret slutta seg til folkemeininga.

Nytt skulehus
Alt i 1946 hadde Flem krins peika ut ei tomt i Bakkemyrane på tre mål, og prisen var 85 øre kvadratmeteren. Tomtearbeidet tok til i 1955 og grunnmur vart støypt. Men så kom det forslag om utvida romprogram og at bygget burde ligge oppover frå vegen, ikkje langsmed. Det var harde diskusjonar, men det nye forslaget vann til slutt fram slik at grunnarbeidet måtte starte på nytt. Ein vinst med endringa var at dei fekk løyve til å setje opp eit tilbygg med inngang, toalett og leskur på delar av muren som alt var støypt.

Det tok si tid å få nybygget på plass, men etter å ha gjort teneste i 70 år, fekk skulehuset på Flem avløysing av nye, tidhøvelege lokale i 1959. Det inneheldt tre store klasserom, gymnastikksal, avkledningsrom og dusjrom, eit lite bibliotek, lærarrom, toalett og leskur. Andre helga i februar var det flyttesjau frå gamleskulen til nyeskulen, som vart vigsla av skuledirektør Kristian Langlo 20. oktober same året.

Dei fleste skulehusa som vart bygde på slutten av 1800-talet forsvann etter kvart ut av historia, men gamleskulen på Flem var så heldig at laget Gamleskulen tok over bygget, renoverte det og brukar det no til kulturaktivitetar av ymse slag.

Nybygg og grendahus
Nye fag i skulen kjem til, undervisningsformer og -metodar endrar seg, nye undervisningsplanar stiller andre krav, og etter ei tid er også den nye skulen utilstrekkeleg. I 1970 vender tilsynsnemnda for Flem skule seg til Haram skulestyre og ber om løyve til å engasjere arkitekt for å bygge på eit aktivitetsrom ved skulen. Tilsynsnemnda viser til at undervisninga er spreidd på tre ulike bygg – Rogne skule, Flem skule og gamleskulen på Flem. Det er altså stor plassmangel. Årsaka er både at dei to skulekrinsane vart slått saman frå skuleåret 1966/67 og nye krav til undervisninga frå styresmaktene.

I 1972 kom det klarsignal for utviding av skulen, og arkitekt Mathias Aasen vart kontakta. Frå skuleåret 1973/74 vart fem dagars skuleveke innført, og same året fekk skulen fast vaktmeister – Asbjørn J. Rogne. I 1975 kravde Rogne krins røysting om deling av Flem krins så det vart to krinsar som før. Dette sa skulestyret nei til. I 1976 vart det halde folkemøte om skule/grendahus, og slik kombinasjon vart godkjent av skuledirektøren i 1977. Etter ei planleggingsperiode kunne så byggearbeidet ta til. Men først måtte det gjerast arkeologiske utgravingar på tomta.

Hausten 1984 stod første byggesteg, gymnastikksal og grendahus, klart til bruk, og det vart «innvigd» av Flem skulekorps som arrangerte eldrefest. Andre byggesteg, som var påbygget utover, var ferdig i 1986. Forutan arbeidsrom for lærarane, bibliotek, klasserom m.m., var der òg plass til folkebiblioteket i 1. høgda. Rett nok var skulebiblioteket og eit klasserom i 2. etasje ikkje innreidd, men det vart gjort på dugnad med UL Samhald i spissen i 1987. Same året var det stor fest med overtaking og innviing av heile skuleanlegget.

Stort uteområde
Longva og Flem Idrottslag bygde i 1961 fotballbane i tilknytning til «leikvollen» for den nye skulen, så dei fekk ein rimeleg stor leikeplass. I 1976 flytta Nordøy IL (same laget, nytt namn) idrettsplassen eit stykke vestover og laga grasbane slik at borna no hadde både grus og gras å boltre seg på. Då den nye skulen/grendahuset var på plass, vart uteområdet utvida monaleg, og etter kvart kom der ein del leikeapparat. I 2004 bygde idrettslaget saman med HaNo fotballklubb ein ballbinge på skuleplassen, og i 2015 vart uteområdet opprusta med bordbenkar, blomsterkasser og fleire nye aktivitetsapparat. Dette var eit samarbeid mellom skulen og det nystarta Øyrådet.

Kommentarar, bilete, opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Flem skulehus — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *