I 1939 vart det starta forretning i Knutgarden på Flem. Den 1. august vart Flem Landhandel L/L skipa, «med fyremål vanleg landhandel og med forretningskontor i Haram». Aksjekapitalen var på 3.000 kroner, og luteigarane var Peder I. Flem, dottera Anna og dessutan Einar Helseth frå Ålesund. Peder teikna seg for 28 aksjar à kr 100, dei andre kvar sin.

Handelslokale var stabburet i Knutgarden, og Anna, som nyst var ferdig med handelsskulen i Volda, styrte butikken. Tanken var at ho skulle overta forretninga når ho sjølv ønskte det. I 1943 løyste ho handelsbrev, og i 1944 gjorde styret i lutlaget vedtak om at Anna skulle få overta «aktiva og passiva i selskapet» frå 1. juli. Dei vedtok samstundes å løyse opp lutlaget.

Anna I.P. Flem registrerte så sitt eige føretak i handelsregisteret 11. september 1944 under firmanamnet Flem Landhandel. Ho budde framleis i Knutgarden, men no saman med mannen, Andreas Flem, og to små born. I 1950 bygde dei seg heimen Bergum eit lite stykke unna og innreidde delar av kjellaren til handelslokale.

Som namnet fortel, var dette ein vanleg landhandel der folk i nærområdet kunne få kjøpt dei mest naudsynte varene til dagleg bruk. Det var matvarer som mjøl, sukker, margarin, gjær, bakepulver og mykje anna, og ei hundre liters sirupstynne var fast inventar. Likeins tobakk, som nesten alle menn brukte – både til røyk og som skrå. Men ikkje egg, mjølk og brød. Verpehøner hadde dei fleste sjølv denne tida, mjølk kjøpte dei kulause på næraste gard, og brød vart baka heime.

I tillegg til matvarer var det ein del andre ting å få som folk brukte i det daglege. Det var småverkty som hammar, sag og skrujarn, fiskesaker som sen og onglar, sysaker, det mest nødvendige til kjøkenet, og andre ting som støvlar, barneskor, skuleranslar og meir. I eit så godt som billaust samfunn var det greitt å ha ein nærbutikk for dei mest vanlege varene.

Det var Anna som dreiv verksemda og som for det meste tok imot kundane når dei ringde på og ville handle. Andreas deltok også innimellom når han hadde høve, og likeins somme av tenestetausene som frå tid til anna var der.

For småting var det ikkje alle som gjekk på buda sjølv, men sende hunden i staden. Iallfall tassa Dolly frå Gulagarden åleine til butikken etter skråtobakk til Peder. I ein liten pung rundt halsen hadde ho lapp og pengar fram, og tobakk tilbake. Med labben trykte ho på ringeknappen, og lydig gjekk ho heimatt når Anna gav beskjed.

Omkring midten av 1950-talet vart butikken stengd, men lokala blei ikkje tømt for varer. Såleis vart ein del utan «datostempling», som sko og støvlar, husgeråd, verkty og andre ting ei tid etterpå selt til slekt og bekjente.


Kommentarer

Flem Landhandel — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *