Saman med fylkesagronom Jakob Sunde hadde bøndene på Flem synfaring oppe i Bergedalen (Flemsdalen) i august 1980 for å undersøkje om det kunne gå an å «ta i bruk andre etasje», som dei sa. Det vart teke prøve av jordsmonnet og vurdert om det var mogleg å lage veg opp på fjellet.

Resultatet av synfaringa var positivt, og Flem beitelag vart skipa i oktober same året. Bergedalen er sams utmark for Flemsbruka, og ein leigeavtale med samtlege grunneigarar vart signert. Fleirtalet av gardsbruka frå Gulagarden til Magnusgarden var med i laget som skulle dyrke og bruke ny jord oppe i dalen.

Longva Maskin med Aage Flem bak spakene i ein ny Brøyt bygde fjellvegen i 1981, og dyrkinga starta så smått same året med same maskin. I 1982 kom dyrkinga i gang for fullt med gravemaskin, traktorar og mannskap til grøfting, steinrydding og planering, og dei første hundre måla vart hausta i 1983.

Det første året slo dei graset med fôrhaustar og hadde lange turar ned til gards for å tøme kvart lass. Året etter vart Jon Nogva hyrt inn for å lage rundballar. Han var den første på øya som skaffa seg utstyr for dette. I alt vart det dyrka om lag 250 dekar av den gamle torvmyra i dalen, og der vart gras nok både til beiting og noko slått.

Til sesongen 1984 vart det bygt fjøs, og no gjekk der både kyr og ungdyr på beite. Seinare rådde kyrne grunnen åleine, og på det meste var det rundt åtti «mjølkeprodusentar» i området. I fjøsen var det ein mjølkestall med plass til ti dyr, så det vart åtte puljer før alle kyrne var tomme både morgon og kveld. To mjølkarar stod for den jobben; det var innleigd ungdom, avløysar og/eller nokon av gardbrukarane.

I gode tider vart det produsert 1.000 – 1.500 liter mjølk for dag, og tankbilen henta tre dagar i veka. Mjølketanken måtte ha straum til kjøling døgnet rundt, men Haram Elverk meinte det vart for dyrt å legge linje opp. Såleis måtte dieselaggregatet gå jamt og ha dagleg tilsyn.

Det nye beitearealet saman med felles sætring auka driftsgrunnlaget for gardane og gav meir fritid for brukarane, som også var noko av føremålet med beitelaget. Likeins vart vedlikehald av fjøsen og andre oppgåver på garden monaleg enklare når alle mjølkekyrne var oppe i dalen om sommaren.

Etter nokre år kjøpte Pegarden, Bers og Nybakken (Jonny Longva) seg inn i fjøsen og deltok i beitelaget. Seinare var det fleire av småbruka på Flem som slutta av både på fjellet og drifta i det heile, slik at det vart meir areal å bruke nede i lavlandet for dei som var igjen. Driftsforma vart lagt om og samdrift kom i vinden. Siste året det var mjølka på fjellet var i 1999.

Sidan den tid har dyrkamarka i dalen vore brukt til beite for ungdyr. I dag er det Bers og Pegarden som brukar området, og i tillegg går der ein saueflokk. Fjøsen står framleis på plass, men det må nok ei bruksendring til om huset skal ha ei framtid.

Beite i dalen


Kommentarer

Flem beitelag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *