Stiftelsen Fjellheim Aldersbustader vart oppretta for å skaffe bustader til eldre, pensjonistar og eventuelt yngre folk dersom der var ledig husvære. Det var Longva og Flem helselag som kom opp med tanken om å bygge leiligheiter for eldre folk som av ulike årsaker kunne tenkje seg å flytte ut av huset sitt og inn i eit mindre, enklare husvære.

Helselaget med Oddbjørg Flem i spissen fekk i stand eit folkemøte 24/11-1994 for å lufte idéen om å bygge aldersbustader slik det var gjort på dei tre andre Harams-øyane. Men tanken møtte mykje motbør. Skepsisen gjekk på at slike bustader kunne bli ein konkurrent til Kvileheimen, som då kunne bli taparen og i verste fall nedlagt. Særleg var dei tilsette på Kvileheimen skeptiske med tanke på mogleg tap av arbeidsplassar.

På møtet vart det likevel valt ei nemnd på tre personar til å førebu spørsmålet om bygging av aldersbustader for eit folkemøte seinare. Dei var Jarle Flem, Oddbjørg Flem og Sigmund Flem. Dette var ei stor sak med mange spørsmål som måtte avklarast og mykje informasjon innhentast, men etter eit knapt års arbeid var det klart for å legge saka fram på eit nytt folkemøte.

Det vart avvikla 11/10-1995, og planane vart framleis møtt med ein del motstand. Argumenta mot aldersbustader var som tidlegare konkurransen med Kvileheimen. Men fleirtalet gjekk for bygging, og det vart bestemt å opprette ein stiftelse.

Berre ein månad etter var stiftelsen Fjellheim aldersbustader etablert, og følgjande styre vart valt: Sigmund Flem, leiar, Atle Longva, nestleiar, Rune Flem, kasserar, Oddbjørg Flem, medlem, og Kåre Klokk, Birgit Fjelle, Arnfinn Flem og Geir Kvam, varamedlemar.

Stiftingskapitalen var på 105.000 kroner. Den vart innbetalt av Longva og Flem helselag, kr 25.000, UL Samhald, kr 20.000, Nordøy pensjonistlag, kr 10.000 og Haram kommune, kr 50.000. Då helselaget vart nedlagt, vart deira del ført over til Flem velforeining, og Nordøy pensjonistlag sin del vart overført til Longva Vel då pensjonistlaget gjekk inn. Elles vart kr 104.500 innsamla på bygda i åra 1995–96 til finansiering av prosjektet.

I alt er det blitt oppført tre Fjellheim-bygg med fire leiligheiter i kvar. Kommunen har gitt gratis tomt til alle i byggefeltet Flem II. Det første huset stod klart til innflytting i desember 1996. Det var levert av Ørskog Bruk AS til ein kostnad på kr 2.025.000.

Sidan det viste seg å vere behov for fleire aldersbustader, vart det nokså snart sett i gang med bygg nr. to. Det stod ferdig i mai 2000 og kosta kr 2.550.000. Det var Ørskog bruk som leverte også dette. Etter ein pause på ti år tok eldsjelene i Fjellheim fatt igjen og fekk reist det tredje og førebels siste huset, som var fullført i 2012. Dette var det N.L. Austnes AS som leverte, og kostnaden var kr 5.150.000.

Det var eit mål for Fjellheim-styret å halde utleigeprisane på eit rimeleg nivå. Difor vart det satsa mykje på dugnad, mellom anna på grunn- og murarbeid, måling, tapetsering, legging av golvbelegg m.m. Såleis er eit enormt dugnadsarbeid utført av dei som stod føre – forsiktig rekna minst 3.000 timar på dei tre bygga. I tillegg kjem tallause «usynlege» timar med møteverksemd, skriving av søknader og ei mengde anna papirarbeid. Dugnadsarbeidet er for det meste utført av styret med varamedlemar.

Innsatsen har gitt resultat slik at utleigeprisane er på eit moderat nivå samstundes som økonomien i stiftelsen er god. Leigesatsen på dei to første bygga ligg i dag på ca. 5.000 kroner i månaden, medan prisen i hus nr. 3, som vart dobbelt så dyrt, er kr 6.600 per husvære. Dei to første husa er nedbetalt. På det siste bygget er det per i dag ei lånegjeld på 3,6 millionar kroner.

Trass dei store motførestellingane i starten, har det vist seg at det var rett å satse på å få bygt aldersbustadene. Behovet har berre auka med åra, og alle husværa har stort sett vore utleigt heile tida. Kvileheimen fungerte fint side om side med ei anna målgruppe eldre inntil desse vart flytta til omsorgssenteret på Vatne i 2017. Kvileheimen vart elles også ombygd til seks leiligheiter.

Fjellheim

Fjellheim nr. 3


Kommentarer

Fjellheim aldersbustader — 2 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *