Folket langs kysten var ved førre hundreårsskiftet fiskarbønder, som dei hadde vore i fleire hundre år. Det som havet kunne gi av mat og inntekt var svært viktig, og med sin nærleik til desse ressursane var då også øyane ein attraktiv buplass. Folk gjorde seg nytte av alle fiskeslag som var å få ute på fiskemarka, men torsk og sild har stått i ei særstilling.

Torskefiske
Torsken er den fisken som gjennom tidene har kasta mest av seg for folk på våre kantar, med silda på ein god andreplass. Snøret var den mest brukte fiskereiskapen i eldre tider, men også garn kom tidleg i bruk. Alt på slutten av 1600-talet var garn i bruk i torskefisket, og er det framleis. Men garn var dyrt å kjøpe, så alle her omkring spann tråd av hamp og knytte torskegarna sjølv. Frå omkring 1900 kom bomullsgarna i bruk og nylongarn på 1950-talet.

Kor viktig ein økonomisk faktor fiskeria utanfor Nordøyane var, fortel tilstrøyminga av folk og båtlag frå fjordbygdene mykje om. Særleg var det torskefisket som kunne gi gode inntekter når det slo til, og andre halvdel av 1800-talet var velsigna med godt torskeinnsig dei fleste åra. Det seier sitt om betydninga av dette fisket at på Flemsgardane kunne det ligge 2–3 framande båtlag i kvart hus, forutan innleigde rorskarar til deira eigne båtlag.

I «Søndmørs Beskrivelse» seier Hans Strøm om verdien av torskefisket:
«Vaarfiskeriet er hos oss af allerstørste Betydenhed og fortiener at kaldes Landets bedste Nærings-Middel, hvorved mange Tønder Guld ere indbragte…»

Torskefisket i februar-mars ute på landméen (det næraste havområdet utanfor øyane) var det viktigaste sesongfisket. Frå gammalt av starta torskefisket på kyndelsmess (2. februar) og varte til marimess (25. mars). Karane drog ut tidleg om morgonen for å drage garna som var sett dagen før, og kom inn igjen om kvelden, våte og frosne. Både kvinner og born var med og bar fangsten fram i naustet, der torsken skulle flekkjast og saltast. Seinare skulle han tørkast til klippfisk.

Etter kvart vart det meir vanleg å «selje fisken or sjøen» til fiskekjøparar. Handelsmennene kjøpte òg levra og rogna. Fram til midten av 1920-talet hadde båtane herifrå fiska torsken i heimlege farvatn for det meste, men no vart det jamt dårleg torskeinnsig på kysten her i mange år. Imidlertid var det rikt torskefiske i Lofoten, og frå omkring 1925 drog mange fiskebåtar herifrå dit opp.

Også på Finnmarkskysten vart det jamt fiska mykje torsk, og alt i 1901 la Knut Longvanes i veg nordover med dekksbåten sin. Turen til Finnmark tok si tid med segl og vind som drivkraft, men fram kom dei, fiska torsk og sigla heim. Men prisen på fisken var skral, og fortenesta lita.

Lofotfisket heldt fram til uti 1950-åra, men det tok til å minke med torsk der òg. No var båtane monaleg større og motorane merkbart kraftigare enn 40–50 år tidlegare, og mange søkte seg til Finnmarkskysten etter torsken om våren i åra framover. Fleire av dei litt større båtane gjekk også til Grønland og Island for å fiske torsk og sild når vintersesongen her heime var slutt.

Etter kvart som torskemengda på kysten her minka og båtane vaks, gjekk dei stadig lenger etter fisken. No reiser dei dit han er å finne, og i 2017 landa norske fiskarar i alt 412.400 tonn torsk til ein førstehandsverdi av 6,7 milliardar kroner.

Sildefisket
Etter torsken er det silda som har hatt størst betydning og verdi for øyfolket. Sild har vore fiska til alle tider på kysten – først som matauk og seinare, etter at dei lærte å salte og sidan ise henne, også som handelsvare.

Sildefisket gjekk føre seg både innanskjers og utanskjers. Ofte gjekk silda inn i fjordane og var då lett å få tak i. Der vart det brukt både not og drivgarn. Men utom land sette dei garna om kvelden og gjekk til lands for så å drage om morgonen. Etter kvart som båtar med dekk kom i bruk på 1890-talet, tok dei også til å bruke drivgarn ute på havet. Nota vart brukt nært land, og fleire båtlag gjekk saman om denne brukta. Både på Rogne og Longva var det notbruk.

Silda var nokså ustadig og ikkje alltid å lite på. Somme år kom ho i store mengder heilt inn i fjøresteinane og fylte opp fjordane, medan ho andre år kunne halde seg langt ute på havet. Likevel har fisket etter sild på kysten her vore eitt av dei viktigaste fiskeria fram til 1960-talet. Men det var alltid eit sjansespel for fiskarane å koste seg vegn og anna utstyr i von om at silda ville kome.

Utetter 1920- og 1930-åra var det mange gode sildeår, noko som kom godt med sidan torskefisket var heller skralt desse åra. Men prisen på silda varierte mykje; det var «kjøpars marknad», og når det var godt fiske, gjekk prisen ned. Dette betra seg monaleg frå 1927 då Storsildlaget for Møre og Trøndelag vart oppretta og fekk regulere prisane, og sildefisket gav jamt bra inntekter i åra som kom.

Også etter 2. verdskrigen var det gode sildeår, ikkje minst 1950-åra, då store mengder sild kom heilt innunder land. Godt vaksne folk hugsar enno dei Klondyke-aktige sildeåra på 1950-talet då silda kom i svære mengder inn til kysten og fiskarane fylte opp båtane tett utfor land.

Frå bergknausane på ytste Flem kunne ein sjå fiskeflåten i aktivitet. Når det var mørkt om kvelden glitra det frå tusenvis av lys; det såg ut som ein storby der ute på sjøen. På det meste var det minst tusen båtar ute på havet. Det vart organisert turar frå indre delar av øya med bussen til Peder I. Longva (Støls-Peder) ut og opp på toppen av Hornhammaren ved Skarléet så folk kunne få nyte dette flotte synet.

Sildefisket desse storåra vart også ein del av turistnæringa. Turistbyrå og reiselivslag organiserte «sildesafari» med båt; – turistturar for folk som ville ut på feltet og få med seg sildeeventyret. Det vart laga turistreiser mellom anna frå Mjøs-byane. Og hundrevis av skuleelevar kom med lærarane sine, ikkje berre frå næraste distrikt, men også frå innlandet og Austlandet. Mange turar vart gjort av rutebåtar som vart hyrt inn til denne turisttrafikken.

Toppåret var 1956 med 12,3 millionar hl oppfiska sild. Rekorden for fangstmengde for éin båt vart sett i 1954. Det var snurparen Gunnar Langva som førte i land heile 58.400 hektoliter sild. Båteigarar var Bjarne og Karl Longva m.fl. frå Gunnagarden på Longva. Men etter nokre år med eventyrlege fangstar og gode fortenester, minka det frå 1958 sterkt på sildeinnsiget, og ut i 60-åra vart det slutt med drivgarnsfisket etter vintersild her på kysten.

Ein del snurparar gjekk til andre farvatn etter silda, særleg Island. På same tid vart ny reiskap introdusert, eller rettare ein ny teknikk for fiske med snurpenot. Det var ringnot og kraftblokk. Men stadig meir effektive fiskemetodar hadde sin pris. Omkring 1970 hadde fiskarane «tømt havet», både langs norskekysten og ved Island, der nordmenn hadde fiska sild sidan førre hundreårsskifte.

Med strenge reguleringar av fisket har sildestammane sakte men sikkert bygd seg oppatt. I 2017 var såleis kvoten av norsk vårgytande sild for norske fiskarar 432.870 tonn (ca. 4,7 mill. hl).

Bankfisket
Tomas Longva fått æra av å ha oppdaga dei rike forekomstane av fisk ute på eggakanten i 1630-åra. I dei fire hundreåra etterpå har Storegga vore ei kjelde til matauk og inntekt og «sikringskost» når andre fiske slo feil. Det var først og fremst kveite, longe og brosme som vart fiska der. Vegna dei brukte var i lange tider eit handsnøre for djupt vatn – djupsokn; men i første halvdel av 1800-talet kom lina i bruk.

I tidlegare tider var det berre om sommaren og i godt vêr eggafisket kunne drivast. Fiskeplassane var langt til havs, og fram til rundt 1890 hadde dei berre opne båtar. Etter kvart kom det dekk på fiskebåtane, men sidan det var ulagleg å drage lina opp på dekk, brukte dei små robåtar (doryar) til å sette og drage lina frå. Seinare, når dei fekk linespel til dragehjelp rundt 1905, vart draginga flytta om bord i storbåten.

Dei ulike fiskeplassane på Egga fekk etter kvart namn og méd. Sørmannsneset, til dømes, som har vore mykje brukt, hadde médet Hildrehesten attåt søre Harams-Mannen, om lag 40 kvartmil av. Så langt ute i havet var det imidlertid berre så vidt ein kunne sjå land.

Vestover
Med større båtar og pålitelege motorar vart eggafisket som ein leik i forhold til åttringsdrifta i tidlegare tider. Men den stadig større flåten som fiska på Storegga gjorde fangstane mindre, og frå omkring 1920 tok dei til å prøve andre fiskeplassar. Det første feltet motorbåtane gjekk til var Tampen.

Når leia no var sett vestover, bar det snart lenger, og Shetlands-bankane og Færøy-banken vart dei neste nye plassane. Somme båtar drog òg til Islandsryggen på kveitefiske. Største vansken med dei lange turane var å bevare kvaliteten på fisken. Det gjorde dei ved å kjøle ned fiskebingane i lasterommet med is. Då heldt fisken seg frisk og fin i mange dagar.

Linefisket var hardt arbeid, og det vart mange såre fingrar. Onglane var ikkje akkurat desinfiserte, og det vert fortalt om dei som hadde fullt av svollar på hendene. Ei anna plage var at agnsilda av og til var full av raudåte, som etter kvart tok huda på fingrane. Ein kunne bli så sårfingra at ein knappast greidde å kle av og på seg. Mangel på søvn – berre nokre få timar i døgnet fleire veker i strekk – røynte òg på.

Anna fiskeri
Attåt torsk og sild var også det jamne fisket etter «stasjonær» fisk som kroppung (taretorsk), hyse, sei og flyndre på fiskemarka utanfor øyane av stor betydning.

Sommar og haust brukte dei søkkenot på fjorden etter sei. Oftast var fire tun i lag om ei not, for dette fisket kravde fire båtar og mykje folk. Såleis kunne det hende at også jenter var med. Heile nota vart søkkt ned på botnen (derav namnet), og når dei såg eller trudde at der var fisk over nota, var det å drage opp fortast mogleg.

Flyndrefiske med snurrevad (ein slags trål) var det Ole O. og Knut J. Rogne som starta med her på øya. Fleire dreiv slikt fiske dei komande åra, og då rundfisknota kom til omkring 1920, fekk snurrevadfisket eit oppsving. Med denne nota fiska dei småtorsk og hyse i tillegg til flyndra. Dette fisket auka fram mot siste verdskrigen og vart meir og meir eit hovudfiske fordi det gav større netto enn fiske med dyrare reiskapar. Mykje hyse vart eksportert til England, der «Mørehysa» var eit kvalitetsstempel.

Vanleg trål med skovlar («dører») var forbode på norsk sjøterritorium, men vart tillate frå 1932. Dei første som søkte og fekk trålkonsesjon her på øya var Peter Stølen Flem og Kristen Helle på Longva i 1936.

Endringar
Mange av linebåtane på øyane la om til trålfiske i 1950-åra. Båtane dreiv ferskfisktråling ved kysten av Finnmark, og dei som var med herifrå den tida var Brage, Harøy, Henko, Jotun, Langstein, Longvafjord, Nymark og Rango. Ein finnmarkstur varde gjerne i tre månader, og dei fleste båtane herifrå hadde base i Båtsfjord. På ein landlegedag trefte ein såleis sambygdingar over alt.

Etter 1960 skjedde det store endringar i fiskeria. Nye fiskereiskap og -metodar vart introdusert, likeins nye måtar å behandle fangsten på. Fiskeria vart i langt større grad havfiske på fjerne farvatn, og talet på mindre båtar som baserte seg på fiske i kystnære område minka. Samfunnsutviklinga denne tida medverka òg til at mange fiskarar tok seg arbeid på land, og at færre unge gutar begynte på sjøen.

Fiskebåtane som vart att var anten småbåtar som dreiv fiske i nærområdet, eller store, havgåande båtar som kunne fiske på alle hav.

Nye opplysningar, bilete, kommentarar m.v. er velkomne.


Kommentarer

Fisket — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *