Til alle tider har fisken i havet vore svært viktig for folket her ute på Nordøyane. Fisken har gitt mat på bordet og skaffa inntekter til å betale skatten og pengar til å investere både i båt og gard når det var gode år.

Heilt fram til midten av 1900-talet var fiskarbonden ei viktig «yrkesgruppe» på øyane. Han var altså både fiskar og bonde – dreiv sjøen vinterstida og garden i ledige stunder sommarhalvåret. Men det var ofte kvinnene som hadde mest arbeid og største ansvaret med gardsdrifta ettersom mennene gjerne la mest vekt på sjødrifta.

Sidan sjøen og fisket har hatt så stor betydning for folket her, vil det bli ein fyldig bolk om dette i den generelle delen av bygdeboka. For oversikta sin del, er emnet fiskeri delt i fleire delar som «Fisket», «Fiskebåtar», Fiskeleiting», «Havet gav og tok» o.fl. – sjå menyen til høgre.

Der er ikkje stoff under alle titlane enno, og mykje av det som alt er der, er som ein kladd å rekne. I somme tilfelle er der spørsmål langsmed, som eg håper på hjelp til å finne svar på.

Eg set stor pris på tilbakemeldingar av alle slag – ris og ros, tankar og meiningar, innspel og aktuelle opplysningar m.m.

Bruk gjerne kommentarfeltet for å seie di meining og kome med opplysningar; dette vil andre kunne sjå og såleis kan fruktbar meiningsutveksling og informasjonsdeling oppstå.


Kommentarer

Fiskeri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *