Snøre
Djupsagn eller djupsokn var namnet som vart brukt på det det vanlege fiskesnøret. Det var ein krok med agn på og eit søkke. Juksa, som er det vanlege ordet i dag for fiske med snøre, er truleg avleidd frå djupsagn.

Ein annan snøretype var krokvad, og seinare kom slektningen rykken i bruk. Prinsippet for begge var å knyte saman fleire krokar med eit lokkemiddel festa ovanfor. Ved å rykke hardt i snøret, kunne onglane gå inn i kroppen på fisken så han vart fast. Det var ikkje alle som likte denne fiskemåten, og i eit avisinnlegg vart det karakterisert som «et barbarisk mordvåpen i et civiliseret land».

Lina kom i vanleg bruk frå rundt 1850 på våre kantar og vart særleg nytta i fisket etter lange, brosme og kveite, ikkje minst ute på Storegga. Å fiske med snøre på så store djup var hardt fysisk arbeid, og lina gjorde fisket både lettare og meir effektivt. Dei slapp å hale så mykje med handemakt fordi lina ofte fløytte seg av fisken.

Det knallharde linefisket stod i fare for å bli utfasa på 1960-talet då to fiskarar kom med idéen til maskiner som kunne henge kroken på magasin og egne lina etter kvart som ho gjekk ut. På midten av 1970-talet var så autolina ferdig utvikla og førte til ein revolusjon av linefisket. Både seting og draging er no automatisert på dei fleste linebåtar og har redusert såre og verkande fingrar til eit minimum.

Garnet kom tidleg i bruk som middel til å fange fisken i havet. Alt på slutten av 1600-talet var garn i bruk i torskefisket, og er det framleis. Men garn var dyrt å kjøpe, så dei fleste spann tråd av hamp og knytte torskegarna sjølv. Seinare vart det ferdig fabrikktråd å få kjøpt, og frå omkring 1900 kom bomullsgarna i bruk. For å spare pengar batt mange framleis garna sjølve langt ut på 1900-talet.

For at garnet skulle «stå» i sjøen, vart det montert kavlar i toppen og søkke i botnen. Kavlane var av tre og måtte stadig skiftast sidan dei vart vassdrukne. Betre vart det med glaskuler som kom i bruk frå 1870-talet.

Garna vart stadig utvikla med bruk av nye materialar som nylon, dei vart større og garntalet på kvart bruk auka. Dermed vart det også større fangstar. Hamp- og bomullsgarna måtte på land og tørkast med jamne mellomrom, slik at båtlaga måtte ha to sett. Dette vart slutt med garn av nylon og andre kunststoff.

Snurrevad og trål
Snurrevadet og trålen er i slekt. I prinsippet er det ein stor pose som vert dregen gjennom sjøen for å fange fisk. Det var visstnok danskane som «fann opp» snurrevadet, som dei brukte til å fiske flyndre med. Nota vart hala inn med handemakt og var ein slitsam jobb. Etter som det kom motorar i båtane fekk dei spel som drog inn nota.

Snurrevadet kom i bruk i Noreg rundt 1900. Her på øya var Ole O. Rogne (Hansgarden) og Knut J. Rogne (Nordstrand) dei første til å bruke snurrevad etter flyndra. Det var i 1907. Andreas T. Longva (Pegarden) kom etter i 1908 og Petter H. Flem (Rimma) i 1912. Fiskeplassane var alle søylene utaskjers, men også Rogneleira og Longvafjorden. Somme drog òg til Lofoten med denne nye vegna.

Etter at rundfisknota kom på 1920-talet, skaffa alle båtane på øyane seg snurrevad. Dei første som tok i bruk rundfisknota her på øya, var Petter Stølen Flem i 1925, Kristen Helle i 1926 og Hans og Johan Nogva i 1927. Med denne nota fiska dei no også etter hyse og småtorsk i søylekanten på 25–30 famner vatn, og dette fisket fekk eit stort oppsving med denne vegna.

Trålen er ein større og meir effektiv reiskap og krev større båtar og sterkare motor enn snurrevadet. Den blir brukt i fiske etter torsk, hyse og andre fiskeslag, og til rekefiske. Petter Stølen Flem og Kristen Helle dreiv trålfiske på 1930-talet. På 1950-talet la ein god del av fiskebåtane frå øyane om frå line til trål. Mange av båtane herifrå dreiv sidan ferskfisktråling ved kysten av Finnmark.

Trål er framleis ein viktig reiskap i fiskeria. Det er effektivt og kan fange mykje fisk på kort tid. Det første fabrikkskipet i Noreg, F/T Longva, var ein av dei første til å bruke hekktrål, som seinare har blitt det vanlege. Tidlegare vart nota sett ut og hala inn på sida av båten.

Snurpenota, som kom frå Amerika, vart først brukt til å fange sei på våre kantar. Utover i 1880-åra var her stort innsig av sei, og mange stader vart det difor skaffa snurpenøter, eller posenøter, som dei òg vart kalla. Både på Longva og Rogne vart det kosta seisnurpenot rundt 1885. Nota vart rodd ut av to båtar i ein sirkel og snurpa saman med handemakt.

Til sildefisket vart snurpenota teken i bruk omkring hundreårsskiftet. Dei første som prøvde seg med slik reiskap i Haram, var Gunnar K. Longva, Karl O. Rogne og Kristen Helle. Dei gjekk saman og kosta ei snurpenot med notbåtar og stengenot i 1910. Nota brukte dei med godt resultat i Trøndelag og på Helgeland. Seinare vart snurpenot mykje brukt, ikkje minst i dei gode sildeåra på 1950-talet, då snurparar førte på land store mengder av «havets sølv».

Snurping vart gjort med hjelp av to notbåtar, som hadde kvar sin halvdel av nota om bord. Båtane sette ut nota i ein ring og møttest på midten. Så snurpa dei saman botnen av nota med eit tau, slik at silda (eller annan fisk) blei innesperra. Nota vart festa til storbåten, og så var det for karane i notbåtane å tørke (hale inn) nota for å samle fangsten slik at han kunne håvast om bord i storbåten. Før dei fekk motor om bord i notbåtane, var det eit blodslit å ro ut nota. Hardt arbeid var det òg å tørke nota, særleg når fangsten var stor.

Snurpenot vart også brukt på både torsk og andre fiskeslag. I 1951 gjekk Henko av Longva til Lofoten med snurpenot for å fiske torsk. Fiskereiskapen dei hadde med seg vart kalla dekkssnurpe. Den var forløparen til ringnota, som saman med kraftblokka kom til å revolusjonere særleg sildefisket. Med dekkssnurpe eller ringnot trong ein ikkje lenger notbåtar.

Dette var sjølvsagt ein stor føremon. Investeringane vart mindre, arbeidet for fiskarane lettare, og båten mykje friare og meir fleksibel. Med kraftblokk og ringnot kan ein drive fiske etter sild og andre stimfiskar langt til havs, noko som var vanskeleg med notbåtar. Då silda forsvann frå kysten her omkring 1962, var denne omlegginga heilt naudsynt om sildefisket skulle halde fram.

Henko

Henko (nr. 2) på veg ut frå Svolvær ca. 1951 (?)

Opplysningar, bilete og kommentarar er velkomne.


Kommentarer

Fiskereiskap — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *