Gjennom tidene lærte fiskarane seg kvar det vanlegvis var fisk å finne ute på sjøen. Denne kunnskapen var sjølvsagt svært verdfull og gjekk i arv frå far til son, frå generasjon til generasjon. Opplysningane om fiskeplassane vart lagra i form av méd – formasjonar i terrenget på land som gav posisjonen til gode fiskeplassar.

For å finne nye plassar med fisk, vart eit søkke – jarsteinen – brukt heilt fram til moderne tid. Med den lodda dei djupna ned til botnen. Av røynsle visste dei kva fiskeslag som kunne finnast på kva djupne. Dessutan prøvde dei å finne ut kva slags grunn der var, om det var fjell eller grus, til dømes. Dei festa litt feitt på enden av loddet som kunne fortelje noko om botnen. Såleis vart meir og meir av havbotnen utanfor land kartlagt. Fiskeplassane vart «festa til kartet» ved hjelp av méda.

Den vanlege reiskapen å leite etter sild med, var blyloddet. Basen lærte seg å kjenne på loddet kor djupt sildestimen stod, kva veg han gjekk og kor mykje sild der var. Ei stor nyvinning for å leite opp fisken – ikkje berre sild – var ekkoloddet. Med det kunne dei også «sjå» havbotnen. Men dette apparatet var dyrt og kravde elektrisk straum om bord og kom difor ikkje i bruk i fiskeflåten før etter andre verdskrigen. Dei første båtane her på øya som installerte ekkolodd var truleg Olaus-båtane «Fensfjord» (eigar: John O. Longva) og «Møre» (eigd av Oddmund O. Longva m.fl.) i 1947.

Asdic eller sonar fungerer i prinsippet på same måte som ekkoloddet, men asdic’en kan «sjå» mykje vidare, ikkje berre rett ned som ekkoloddet. Teknologien vart utvikla for å kunne lokalisere neddykka ubåtar og hadde «suksess» med det under andre verdskrigen. Men apparatet viste seg også å fungere fint til å finne både sild og torsk i sjøen, og mange fiskebåtar fekk det installert i 1950- og særleg 60-åra. Longvabåten «Henko» installerte Simrad asdic i 1964.


Kommentarer

Fiskeleiting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *