Kåre O. Longva (Gjerde-Kåre) og broren Lars leigde tilbygget til sjøbua der Longva Handelsforening heldt hus til kjøp og sal av fisk på 1940-talet til 1953. Fisken kjøpte dei av lokale fiskebåtar, pakka han i kasser og sende han ut i verda med rutebåten. Det var innreidd eit ishus der dei lagra is til bruk for konservering av fisken, og godt isa fisk heldt seg bra på reisa både nært og fjernt.

Fisk vart levert mange stader i Noreg, men mykje vart også eksportert, særleg til England. Til eksport gjekk det mykje hyse og torsk, men også andre fiskeslag. Pakka i trekasser med rikeleg is, vart fisken sendt til Ålesund for omlasting og vidare transport til Bergen og derifrå til England og andre land. Unggutar tente seg nokre kroner med å spikre kasser til fisketransporten.

Tankar og planar om å bygge kai og lage sitt eige fiskemottak kom tidleg, og før 1945 køyrde Kåre med hest og slede stein ned i fjøra frå dyrkingsstykket nedanfor løa på Nygjerdet. Det var starten på steinkaia der. Seinare køyrde Peder I. Longva (Støls-Peder) med lastebil stein frå Skarleet og Sakshammaren til veg nedom nausta og vidare utfylling på steinkaia. Derifrå bygde Kåre og Lars eigenhendig ei kai på pålar av jernbaneskjener attigjennom sjøen.

Kaia var ferdig omkring 1950, og på same tid vart det sett opp ein Esso oljetank på steinkaia for sal av drivstoff til fiskebåtane. Røyrleidning vart lagt ut til enden av kaia til ei pumpe for fylling av solar (dieselolje). Noko seinare vart det sett i gang arbeid for å få bygt eit hus attrast på kaia. Der vart det støypt fundament og sett opp eit bygg i to høgder. Fisken kunne takast inn gjennom dører både i første og andre etasje. I huset var eit godt isolert rom for oppbevaring av is, og nokre gonger i året fekk dei levert knust is som vart lagra der.

Det er litt uvisst når anlegget stod fullt ferdig, men huset var iallfall i bruk i 1954. Faste leverandørar av fisk var Rapp (seinare Nyrapp) og Skulegg, men fleire båtar både herifrå øya, andre øyar og innlandet leverte fangstar her. Det var aktivitet både sommar og vinter på mottaket, men mest under torskefisket, då det også vart hyrt inn ekstra folk. Ein tidleg periode vart den største og finaste torsken flekt, salta og tørka til klippfisk ute på berg og stein.

Elles vart fisken som før sendt isa til kundar i inn- og utland. Noko gjekk på rutebåten, men Kåre kjøpte ein båt som han sjølv frakta mykje av fisken til Ålesund med. Det hende òg at han etter avtale med kaptein Ramboe Flem praia hurtigruta inne på leia og fekk fisken om bord der. Båten, som heitte Kårovia etter far og son Ove, var ein jernbåt på 40–45 fot. Han vart også brukt til jordmorskyss i 1955 då Harald A. Rogne var ventande til verda.

Kåre Longva starta også produksjon av fiskemat med råstoff av hyse, torsk og lyr. I naustet ved Ytstebuda laga han eit storkjøken for bearbeiding av fisk til fiskemat. Der vart det produsert fiskekaker og fiskebollar, og godt vaksne folk hugsar enno den varme, gode fiskekaka dei som born kunne få oppi handa når det var steiking på gang. For det meste var det Kåre og sønene som arbeidde på kjøkenet, men der kunne òg vere innleigd hjelp. Ei av dei var Klara Klokk (Daniel-Klara), som var spesialist på fiskekakedeig.

Storparten av fiskematen frå Gjerde-naustet vart selt til nærområda, og noko gjennom butikken «rett over gata». Fiskebollane som vart laga her var verdas beste, ifølgje Ottar, son til Kåre. Andre meinte det same; til søndagsmiddagen i Sigrun og Ola Flem sitt bryllaup i desember 1954 vart det servert fiskebollar herifrå som forrett, og det gjekk gjetord om desse bollane i lang tid etterpå.

Etter eit par års drift brann ein stor del av kjøkenet, og det vart slutt på produksjonen av fiskemat. Drifta av fiskemottaket vart også avslutta i 1956, og Kåre fekk seg arbeid på kontoret til Tafjord Kraft. Dermed var karrieren som fiskehandlar over. Men olje fekk fiskebåtane framleis fylle, med Lars som tankmann.

Etter kvart som «tidens tann» fekk arbeide, forvitra både kaia og fiskehuset og måtte til slutt gi tapt for vêr og vind. Eit orkankast delte sjøhuset i to og bles det til lands saman med delar av kaia. Material frå huset nytta Kåre til å bygge sjøbua som sonesonen, Trond, er eigar av i dag.

Gjerde-kaia

Gjerde-kaia og Jotun (tidlegare Henko)


Kommentarer

Fiskehandel og fiskemat — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *