Våren 1938 vitja eit tysk filmselskap øyane for å gjere opptak til ein spelefilm. Båten deira, Kaiser, kom sigande ut Longvafjorden og ankra opp i Håvika, eit stykke innanfor Kroksholmane. Filmen dei laga fekk namnet «Nordlicht» (Nordlys) og var basert på skodespelet «Ishavsfolk» av den norske forfattaren Lars Hansen. Dette var også tittelen på den norske versjonen av filmen.

Filmselskapet hadde reist langs heile sunnmørskysten på leit etter beste staden for opptak av scener med barsk natur og høveleg landskap, og det fann dei altså her. Filminga vart seinka av regn og kald nordavind, så det gjekk fleire veker før opptaka var ferdige. I mellomtida underheldt dei seg kveldane med dans og moro om bord i ein opplyst Kaiser – stor og flott som eit turiskskip. På Flem og Longva kunne dei fine tyske tangomelodiane høyrest over fjorden, og lokal ungdom fekk kome om bord og svinge seg.

Ein del av filmopptaka vart gjort ved Longva-kaia, der dei hadde rigga seg opp med aggregat for å skaffe nok straum. Lokale statistar var med, mellom anna ein del born i ei scene der fedrane kjem heim frå Ishavet. Filmfolka var hyggelege og greie og fekk god kontakt med særleg den yngre garde. Aktiviteten gav også litt inntekt til det lokale næringslivet; til dømes gjekk Olav J. Rogne i skytteltrafikk til og frå Kaiser med båten sin, og Steinar Nogva vart ofte tinga for transport med lastebilen.

Som nemnt var det mykje dårleg vêr, kaldt og surt, men innimellom var det klare, fine dagar med gode forhold for å «skyte» utescener. Onsdag 4. mai stilna vinden, og sola kom fram litt ut på ettermiddagen, og det vart hektisk filmaktivitet på Longva-kaia.

Fleire ulike scener vart innspelt denne dagen, mellom anna den med born som «skodespelarar». Meir og meir folk samla seg utover ettermiddagen og ville bisne på filmlivet, og regissøren bestemte seg for å spele inn ei scene som trong mange statistar, sidan der no var eit par hundre å velje mellom. Vel 30 personar i alle aldrar vart utplukka – frå 90-årige Bakke-Johan ned til dei under fem. Berre «koner» var det vanskeleg å få med, men unge jenter var desto meir villige til å stille opp. Flokken skulle strøyme nedover kaia for å ta imot heimvende fangstmenn.

På slutten av opphaldet til Kaiser, frakta Petter H. Flem nokre av filmfolka ut til ytste Flem på leit etter ein stad for ei skikkeleg havscene, og dei sa berre «Ach–» då dei kom så langt at storhavet opna seg for dei. Sunnmørsposten skriv 21/5-1938 om opptaket her:

Plakat film

Ferdinand Marian og Hilde Sessak

«Ei av dei siste scenene frå øya vart innspela på ytste Flem, nord i Skarleet, i strålande solskin. Det var Hilde Sessak som viste seg der; med nordanvinden mot seg og solfallet spelande i håret attanfrå, kom ho gåande gjennom grinda i ei eller onnor gripande scene, sauer og lam var med som statistar, og med veldige skjermar til reflektorar, vart andletet lyst opp. Ei nærscene, med holmar og hav, og til bakgrunn Gulagarden til høgre og Ullaholmen til venstre, og horisonten så langt ute som berre sjeldan.»

Mange undra seg over at dei trong ein så stor båt til denne ekspedisjonen med 40 filmfolk, og i lys av Hitler si framferd i dei dagar var ikkje tanken om spionasje altfor fjern. Det vert fortalt at folk vart bydd 20 kroner for å bli med tyskarane opp på toppen av Skulen og informere dei om seglingsløp. Det store fiskedampskipet Ullasund låg for anker i området og vart kanskje notert av nokon i filmteamet. I juni 1940 vart han i alle fall rekvirert av okkupasjonsmakta.

Uansett vart filminga omsider ferdig, og filmen hadde premiere 20. september 1938 i Magdeburg, som ligg eit stykke vest for Berlin. Filmen skal også ha blitt vist i Ålesund same hausten.


Kommentarer

Filminnspeling 1938 — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *