Firmaet Bernt Flem Landhandel vart registrert i handelsregisteret for Nordre Sunnmøre 9. juli 1953, og butikkdrifta kom i gang same året. Butikken hadde lokale i sokkeletasjen på Elvestad – bustadhuset til Bernt P. og Kamilla Flem. Sjølve butikklokalet var eit stort rom med disk og hyller, medan tilliggande rom og eit uthus vart nytta til lager.

I sin ungdom gjekk Bernt P. Flem både handelsskule i Ålesund og økonomisk gymnas i Trondheim, så han hadde alle føresetnader både for å kunne løyse handelsbrev og drive forretning. Såleis dreiv han ein kolonialbutikk i Ålesund i åra 1925–27. Men den daglege drifta av butikken i Elvestad var det Kamilla som i hovudsak stod for, med hjelp av borna etter kvart som dei vaks til.

Butikken handla med vanlege kolonialvarer som folk trong i det daglege. I tillegg kunne dei få kjøpt sysaker, husgeråd og gåveartiklar. Sirup kom i store tønner og vart tappa i spann eller anna kjørel som kunden hadde med seg. Særleg vinterstida seig sirupen så sakte at kunden henta spannet ved neste handletur. Ein gong Kamilla hadde opna for tapping, gjekk ho opp på kjøkenet for å sette over middagen og gløymde heile sirupen. Då ho nokre timar seinare kom ut på lagerrommet der sirupstønna stod, var spannet fullt og golvet dekt av den kleimete massen. Bruskasser og alt anna som stod på golvet vart også tilklint. Attåt arbeidet med å få vekk det seige stoffet, var også det økonomiske tapet av ei halv tønne sirup merkbart.

Kundegrunnlaget til Bernt og Kamilla var stort sett folket på Flem. Sjølv med tre andre forretningar på øya var det behov for ein nærbutikk på Flem i dei nesten bilfrie tidene som dette var. Anna P. Flem hadde drive butikk i området sidan 1939, men skulle no slutte av. Noko overlapping mellom dei to butikkane vart det nok likevel.

Sterkare konkurranse om kundane vart det då ei ny forretning, A.O. Longva & Co, etablerte seg på ytre Longva i 1958. Kortare veg for somme og større utval på mellom anna kjøkenservise i den nye butikken, forårsaka nok litt handelslekkasje dit, noko som merkast i butikken på Flem.

Attåt kom at tidene endra seg så smått, fleire bilar kom på øya og folk vart meir mobile. Såleis kunne fleire finne på å handle meir på dei andre butikkane, slik at grunnlaget for Bernt Flem Landhandel smuldra bort litt etter litt. Dermed vart butikken gradvis avvikla, og drifta var heilt slutt i 1964.


Kommentarer

Elvestad-buda — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *