I møte 22/10-1915 nedsette kommunestyret ei nemnd på seks mann til å greie ut spørsmålet om elektrisk kraft i Haram. Både spørsmålet om utbygging av vasskraft lokalt og om å nytte torv til drivkraft skulle utgreiast.

Noko seinare kom spørsmålet opp om å kjøpe Tafjordvassdraget saman med Ålesund og ni andre kommunar for å skaffe seg elektrisk kraft på den måten. Og i møte 29. april 1916 gjorde kommunestyret samrøystes vedtak om å gå med i dette samarbeidet.

Tafjord Kraftselskap vart så 12. april 1917 etablert for å ta seg av kraftutbygginga i området. Kvar kommune skulle sjølve syte for kraftlinjer innan sine eigne grenser. Kommunestyret skjøna at dette vart eit stort økonomisk løft og vedtok å tilsetje ein ingeniør til å måle opp og kartlegge linjene og kome med eit kostnadsoverslag. Ei elektrisitetsnemnd (seinare kraftverkstyre) med Ole P. Longva som formann, vart vald.

På grunn av høgkonjunktur under verdskrigen (1914–1918) med høge prisar på varer og tenester, kom kraftutbygginga til å koste mykje meir enn kalkulert. Sjølv om Tafjord kraftselskap kosta hovudlinja med sjøkablar ut til øyane, fall ein del av dette på Haram som partshavar. Når så nedgangstidene sette inn i 1920-åra og heldt fram langt ut på 1930-talet, fekk kommunen økonomiske problem og måtte søkje gjeldsordning. Haram Sparebank, som var långivar, måtte tole eit tap på nesten 240.000 kroner – ein god slump pengar i dei dagar.

Det er ikkje mykje som har gjort slikt ombyte i samfunnet som elektrisiteten. Ikkje minst måtte det vere stort å få elektrisk lys i staden for tranlampar, parafinlampar og talglys, og vi kan berre tenkje oss kor folk sat spent og venta på det tidspunktet det var varsla at straumen skulle setjast på. I sine «erindringar» skriv Karl Rogne om dette:

«Til jol 1923 fekk me elektrisk ljos frå T.K. I den stille kvelden med same ljoset kom, laut me ut på vegane og sjå kor det lyste alle stader frå øyane rundt ikring. For eit vedunder!»

For å vere heilt nøyaktig, vart straumen først prøvd på Fjørtofta 9. november og sett på 21. november 1923 på alle Nordøyane. Som ein kunne vente, var ikkje forsyninga heilt stabil i starten. Men frå utpå nyåret 1924 var dei fleste småfeil retta og den elektriske krafta komen for å bli.

Forutan å bygge høg- og lågspent fordelingsnett, måtte det installerast i husa òg. Til å gjere dette var det «å finna 2 nevenyttige menner på kvart land» og sende dei inn til Brattvåg for eit kurs i installasjon. Ein av dei som monterte leidningar i mange hus her på øya, var Knut G. Rogne (Storsteinvik). Etter at straumen vel var på plass, tok han òg til å lage kokeplater, som var det neste bruksområdet etter lyset for denne nye krafta. Produktet han laga i kjellaren var ei dobbel kokeplate.

Etter kvart kom det fleire lyspærer i heimane, og nye elektriske apparat såg dagens lys. Kokeplate er alt nemnt; eit anna nyttig verkty for husmora var strykejarnet. No når det var blitt elektrisk, rakk ho å stryke meir klede på éin time enn på ein heil dag tidlegare, er det sagt. Ikkje før etter 1950 vart det vanleg for folk flest å nytte elektrisk kraft til oppvarming.

Sidan 1923 har det kome til hundrevis av apparat, verkty og «ting» som brukar elektrisitet på ein eller annan måte. Heile drifta av samfunnet er basert på bruken av elkraft og det er utenkjeleg å skulle klare seg utan. Tafjord Kraftselskap finst framleis, men vi er ikkje medeigarar lenger. Haram Energi AS vart selt til Hafslund ASA i 2000 og vidare til Vestnes Energi AS i 2001.

Opplysningar om montørar og elektrikarar på øya på 1920-talet er velkomne!


Kommentarer

Elektrisk kraft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *