Under den andre verdskrigen, nærare bestemt 24. oktober 1944, opplevde folket på Nordøyane ei tragisk og meiningslaus hending. Det var ein fin haustdag med sol frå klar himmel og roleg sjø. Rutebåten Eira var på veg til Ålesund med 40-50 personar om bord. Ho hadde nett gått frå Lepsøya då nokre engelske/allierte jagarfly kom inn frå havet. Dei kursa mot Skjeltene og sleppte miner i skipsleia i området. Så svinga dei ut mot havet igjen og flaug då rett over over D/S Eira og pepra den forsvarslause båten med mitraljøsene sine.

Styrmannen svinga båten inn mot Hestøya i von om å finne ly mot kuleregnet, men til lita nytte. Sjølv vart han skoten og drept. Det var fint vêr denne dagen, og fleire oppheldt seg ute på dekk då skytinga starta, for ingen venta åtak på ein liten rutebåt. Alle sprang for livet for å kome seg i dekning, men nokre vart liggande att på dekk. I alt 16 personar miste livet, dei fleste frå Nordøyane. I tillegg var det mange skadde.

Frå Flemsøy/Skuløy var det to personar som miste livet: Karl K. Flem frå Torinagarden og Peder I. Flem frå Knutgarden.

Ei av dei som var om bord på Eira denne dagen og vart skada, var Hilda Meltevik (1904–1996). Ho fekk ei kule gjennom eine handa og var merka etter streifskot både i hovud og nakke. Ei kule gjekk gjennom kufferten og knuste nokre egg ho hadde med seg. Den knuste handa unngjekk så vidt amputasjon og fungerte tolleg bra livet ut.

Harald O. Longva (1908–1990) skulle òg til byen med Eira. Men då han kom inn på kaia, var båten til Karl O. Rogne, Bjørge, akkurat i ferd med å ta laust, og Harald slo seg med der i staden. Dei var komne forbi Hestøya då flya kom og gjekk då inn under Skjelten. Her vart dei makteslause åskodarar til åtaket mot Eira, men straks flya trekte seg tilbake, sette dei kursen utover mot Hestøya. Eit forferdeleg syn møtte dei. Døde folk låg overalt på dekk, og blodet flaut. Dei skadde vart etter kvart frakta til Ålesund, men Bjørge fekk den tunge oppgåva å frakte nokon av dei døde frå øyane til sine heimstader.

Mange har spurt korleis flya kunne angripe ein fredeleg passasjerbåt med berre sivile om bord. Noko godt svar er ikkje kome. Det har vore antyda at baugen på Eira kunne minne litt om eit krigsskip, og at båten kunne ha blitt sett i samanheng med ein mudderpram som låg i området. Men hadde det vore eit krigsskip, eller ein båt som tyskarane brukte, ville dei utan tvil ha svart på skytinga. Flygarane må ha sett og skjønt at det var ein sivil, forsvarslaus båt dei skaut på.

Eira


Kommentarer

Eira-tragedien — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *