Nokre øyamenn kom for retten i 1691 fordi dei hadde funne eit fat med brennevin ute på havet, men ikkje berga det til lands. Ryktet hadde gått og kom øvrigheita for øyret. Futen ville vite kvifor dei ikkje hadde berga brennevinet, og om dei hadde teke noko av det.

Lars og Peder Aakre fann brennevinet ute på Storegga, dit dei var reist for å fiske. Dei vedgjekk at dei tok 1½ potte (knapt 1,5 liter) av det, men det gjekk med når heile mannskapet skulle smake. Nils Sjursen frå Longva kom siglande til og tok to kanner som dei slo ned på ein ambar (slags spann av tre). Deretter kom Ole Longva siglande og tok ein full kagge av brennevinet. Til sist kom Ole Olsen Rogne og Jakob Rogne med sønene Ole og Søren og forsynte seg med ei kanne som dei slo på ein kagge. Sidan bles det opp ein storm så dei måtte ta på heimveg. Alle båtane kom seg heimatt, men Søren Jakobsson vart sjuk på vegen og døydde før dei nådde land.

Futen vart sint fordi dei ikkje hadde berga alt brennevinet, men karane sa det var umogleg då dei var 16 mil utanfor land og vêret var dårleg. Då vart dei pålagde å møte på neste ting og ha med seg alle koppar og kar som dei tok brennevinet i, så futen kunne sjå at dei snakka sant.

Brennevin i sjøen var nok ikkje heilt uvanleg, for på det same tinget kom først ein mann frå Austnes og melde frå om eit funn han hadde gjort, og deretter ein mann frå Myklebust med same meldinga. Begge hadde levert brennevinet til amtmann Jonas Lillienskjold på Moldvær, fortalde dei.

På tinget i januar året etter i Skoravik møtte dei fire båtførarane med kanner, kaggar og ambar som dei tok brennevin på, men alle var tomme. Då vart futen atter unådig, og dei måtte betale ein riksdalar i bot kvar fordi dei ikkje hadde berga brennevinet.

I desse tider var alt rakgods kongen sin eigedom, jamvel om det rak 16 mil utanfor alle land. Det vert ofte nemnt i tingbøkene at folk fann brennevinsfat eller «oxehoneder» og «træ» ute på havet. Desse inneheldt fransk vin og brennevin som i dei tider var betre enn gull.


Kommentarer

Brennevin på havet — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *