Etter opptak frå ein del gardbrukarar frå Rogne, vart det 22/1-1946 kalla saman til møte på Rogne skule med føremål å skipe bondelag for øya. Om lag 30 gardbrukarar frå Nogva, Rogne og Longva var møtt fram, «og dessutan var mange husmødre på møtet». Det vart vedteke å skipe eit lag med namnet Skuløy Bondelag.

Til styre i laget vart desse valde: Emil Nerland (formann), Jon M. Longva, Asbjørn K. Rogne, Olav H.O. Rogne og Knut Standal. Dessutan vart Martinus J. Longva og Jonas J. Rogne valde til å teikne nye medlemar.

På eit sammøte mellom bondelaget og Flemsøy mjølkeprodusentlag i bedehuskjellaren på Longva 3/10-1946, var temaet om dei skulle vere med på ein landsomfattande aksjon for å få betre prisar på landbruksvarer. Det var semje om å vere med på aksjonen, og Martinus P. Flem, Jon J. Longva og Bjarne H. Rogne vart valde til aksjonsutval.

Like innunder jul same året vart det halde eit to dagars hovslagarkurs i det nyoppførte bygget til Nogva Trevarefabrikk. Det var Møre og Romsdal landbruksselskap som stod føre kurset med tilreisande kurshaldar. Det var godt frammøte frå heile øya begge kursdagane; andre dagen var der 46 personar og 9 hestar.

På årsmøtet 1962 vart det vedteke samrøystes stønad til eit skriv frå Fjørtoft bondelag til Haram formannskap om «ein betre skipnad» med tilskot til jordbruket i Haram, snarare planlegging, godkjenning og utbetaling av tilskot.

Styret i bondelaget vedtok på møte i august 1967 å få i stand eit kurs om førarkort for traktor. Bakgrunnen var at det frå 1. april 1968 vart krav om slikt førarkort for å køyre traktor på offentleg veg. Eit to dagars kurs vart halde om hausten med 23 deltarar og «politi» Leif Rekdal som lærar. I januar 1968 kom Statens bilsakkyndige på øya, og 18 personar melde seg til eksamen og fekk førarkort.

Den 15. mai 1974 vart det brot i jorbruksforhandlingane, og styret i Skuløy bondelag var pålagt å gjere leveringsstopp av landbruksprodukt kjent for alle produsentar på øya ved personleg beskjed til kvar einskild. Det skulle vere full stopp frå og med laurdag 18. mai til og med måndag 20. mai. I tillegg skulle det frå 29. mai vere tidsuavgrensa leveringsstopp for alle slags kjøtvarer. Styret i bondelaget pluss Kristoffer og Petter M. Flem skulle gå med beskjed.

På årsmøtet 1977 vart det løyvt kr 2.000 til kjøp av fargefjernsyn til Haram kvileheim. Årsmøtet i 1983 løyvde kr 1.000 til utsmykking av den nye kvileheimen, med ønskje om at pengane skulle gå til utsmykking utandørs. I 1982 gav laget 500 kroner til høgtalaranlegg i Haram kyrkje, og i 1988 kr 300 til eit skrift i høve 150-årsjubileet for kyrkja.

Framfor jordbruksforhandlingane 1978 leverte bondelaget ei fråsegn der dei mellom anna streka under at opptrappingsvedtaket frå 1975 (om at lønna i jordbruket skulle opp på nivå med industrien) måtte halde fram på alle område innan jordbruksnæringa. Nemnt særskilt var tiltak som auka tilskot til nydyrking, vidare utbygging av avløysarordninga og auke i prisen på landbruksprodukt.

I samband med utarbeiding av soneplan for øya, vedtok årsmøtet 21/1-1978 ei fråsegn som streka under at strekninga oppunder fjellfoten frå gravplassen til bytet mellom Longva og Rogne (om lag der turstien går i dag) burde leggast ut til bustadområde. Det var ikkje full semje i laget om dette, og Atle Longva fekk tilført møteboka at han var imot, med grunngjeving at bustader i det nemnde området ville skape ulemper for jordbruksdrifta.

Spørsmål om opparbeiding av tur-/ridestiar var oppe på styremøte 1991, og Helga Færøy var til stades og orienterte. Styret var positivt, og i 1992 var planar klare for ein tur- og rideveg langs fjellfoten i Djupedalen, frå Sandgotene til Klokkstølen. Kostnadsoverslaget lydde på kr 162.314, og Landbruksdirektoratet løyvde 50.000 kroner i tilskot. På årsmøtet i 1993 var 75% av arbeidet med turvegen langs fjellet godkjent og kr 37.500 av løyvinga utbetalt, og ved utgangen av 1994 var turvegen fullført.

Den 19. november 1994 var det arrangert tur til Oslo i samband med «Nei til EU»-aksjon i høve folkerøystinga som skulle vere 28. november. Laget sponsa turen med kr 200 for kvar medlem som reiste. Sju personar herifrå var med på den store demonstrasjonen i hovudstaden.

Attåt dei spreidde glimta ovanfor, var fagleg arbeid sjølvsagt hovudsaka i laget, ikkje minst kurs og studiearbeid innan jordbruk og gardsdrift. I tillegg vart det utarbeidd mang ei fråsegn om jordbruksavtalar, diverse planar og andre viktige saker for bondelaget.

Spørsmål om samanslåing med Haramsøy bondelag var lufta på møte gjennom fleire år. På årsmøtet 1987 låg det føre skriv frå Haramsøy bondelag med førespurnad om samanslåing. Årsmøtet var positiv til dette og styret fekk pålegg om å arbeide vidare med saka for så å legge saka fram for eit ekstraordinært årsmøte. Dette vart halde i desember, der det vart vedteke å ikkje slå saman laga.

Men årsmøtet 12. desember 2000 gjekk samrøystes inn for samanslåing av dei to bondelaga. På styremøte 26/1-2001 var det også ein førespurnad frå Sandøy bondelag om samanslåing. Dette var det siste møtet i Skuløy bondelag. Også Haramsøy bondelag hadde gjort vedtak om samanslåing, og 17. april 2001 vart det på Fjelltun, Haram, halde konstituerande møte for det nye laget. Det fekk namnet Ytre Haram bondelag, og Atle Longva vart samrøystes vald til formann.


Kommentarer

Skuløy bondelag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *