Laget vart skipa 17/2-1947 med medlemer frå Nogva, Rogne og Longva. Dei som stod i brodden for å få skipa bondekvinnelaget, var Anna Longvastøl og Olga Rogne. Sistnemnde vart formann i laget. Heilt i starten kom Marta Linge og greidde ut om Noregs Bondekvinnelag og om bygdekvinna sine plikter og oppgåver i samfunnet.

Hovudaktiviteten var lagsmøte, som gjekk på omgang mellom medlemane. Møta tok vanlegvis til med song og andakt, og programmet kunne elles vere opplesing, diskusjon, spørjetevling og kåseri. Faste postar var utlodding og kaffi med smørbrød og brettkaker. På siste møtet før jul var det fest med julepynta bord, god mat, julesongar og det som elles høyrde til.

Laget skipa også til ein del praktiske kurs som vevkurs og sykurs, lampeskjermkurs og matkurs. Frå Ålesund kom Berta Bele og rettleidde om dyrking av lin. Dette førte til at det vart linåkrar i Jogarden og begge Sjurgardane på Longva, og i Hagengarden og Gunnagarden på Rogne. Av dette vart det mykje fint lingarn. Seinare var det kurs i mellom anna blomsteroppsetting, lefsebaking, rosemåling og billedvev. Teoretiske kurs skipa dei også til, oftast i form av studieringar med ulike tema.

I 1970/71 var det ei større vøling av bedehuset, og bondekvinnelaget skaffa nye gardiner og gav dessutan to dynetrekk til utlodding. Dei støtta òg mange andre ting, som innkjøp av ei bårevogn saman med andre lag her på øya og Haramsøya, registrering av gamle bunader, høgtalaranlegg i kyrkja og meir.

Mest støtte fekk bedehuset og Kvileheimen. I 1977 lodda dei ut ein Falcon-stol til inntekt for eit farge-TV på Kvileheimen. Stolen fekk dei kjøpt frå Vatne Lenestolfabrikk for 250 kroner, medan TV-apparatet kosta kr 6.850. Den heldige vinnar av stolen var Jon Davik frå Fjørtofta.

Elles har bondekvinnelaget også støtta Kvileheimen på andre måtar, mellom anna med eit vaffeljarn og ei spesialmadrasse for folk som må ligge mykje til sengs. I 1975 hadde dei festmøte på Kvileheimen med kaker og anna «kaffimat» og blomster på borda. Frå 1981 vart dette årvisst, og forutan mykje god prat, var programmet som regel andakt, allsong med Helga Longva ved orgelet, opplesing og utlodding. Til bebuarane vart lodda delt ut gratis.

Saman med haramsøylaget var Skuløy bondekvinnelag vertskap for fylkesårsmøtet 6. – 8. juni 1980. Det var eit stort opplegg med 200 menneske til stades; av dei var 134 utsendingar frå 65 lag. Sjølve årsmøteforhandlingane var det fylkeslaget sjølv som tok seg av, medan dei to øylaga sytte for privat innkvartering, matstell og alle andre praktiske ting. Laurdagskvelden var det fest med prolog av Elias Rogne, festtale av Ivar Grimstad, musikk av Nordøy ungdomskorps med dirigent Leif Flem; musikk også av Leikny Aasen Rogne saman med Idar Nogva. Ole J. Rogne viste film frå øyane og UL Fram stilte med visesong. Søndag var det bunadstog til kyrkja med Flem skulekorps i spissen og sidan rundtur på øyane med buss og deretter festmiddag.

På eit lagsmøte i februar 1988 la Frøydis Otterlei fram ein idé frå fylkeslaget om å samle og skrive ned gamle matoppskrifter. Dei eldste i laget gav seg straks til å fortelje om mattradisjonar som kams, duppe, eggebollar og bacon kokt i mjølk og meir. Det vart samla inn og nedskrivne lokale oppskrifter, og omkring ti av «våre» oppskrifter kom med i heftet som omfatta heile fylket.

Dei faste møta var motoren i lagsdrifta, men innimellom var det òg andre aktivitetar. Nemnast kan møte i Sunnmøre meieri og Sunnmøre slakteri, diverse kurs og vitjing til andre bondekvinnelag. I 1990 arrangerte dei saman med Haramsøy bondekvinnelag fest på Nordøy grendahus for alle laga i Haram pluss «herrelaga».

I mai 1990 drog dei fleste av medlemane på tur til Godøya etter invitasjon frå Valborg Rogne Remmen (frå Knutgarden). Frå Skjelten hadde dei minibuss i fint vêr og køyrde gjennom dei undersjøiske tunnelane – for første gong for somme av deltakarane. På Godøya var det rundtur før dei vart invitert inn i heimen til Valborg til mat og kaffi. Som takk for vertskapet fekk ho ei nål og øyrepynt.

Medlemstalet minka utetter 1990-talet, og på eit lagsmøte i november 1992 vart det ymta om at det kanskje vart siste møtet fordi fleire snakka om å slutte. Alderen tok til å gjere seg gjeldande for nokre, og nyrekruttering var det lite von om. Året etter var det likevel eit par møte, men så vart det opphald til 1996, og det siste som er notert i møteboka var i februar 1997.

Den 1. februar 1999 sender så dei tre attverande medlemene, Frøydis Otterlei, Dagny Bay Rogne og Elsa Rogne, brev til Møre og Romsdal bondekvinnelag om at Skuløy bondekvinnelag var nedlagt.


Kommentarer

Skuløy bondekvinnelag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *