Opplysning var ein viktig del av dei frilyndte ungdomslaga sitt føremål, og både UL Fram og UL Samhald starta tidleg å kjøpe inn bøker som medlemane kunne låne. Leselaget Fram på Rogne/Nogva hadde 100 bøker til utlån i 1915 og om lag 150 bøker ti år seinare.

På Flem var det tidleg eit leselag med base i Børstova. UL Samhald vedtok i 1908 å skipe eit boklag for krinsen (Flem, Longva og Uri). Det vart bestemt at bøkene i det gamle leselaget på Flem skulle gå inn i det nye laget, mot at dei som ikkje hadde stått som medlemer i det gamle, la inn i det nye laget kr. 2,00. Det vart med ein gong teikna 50 nye medlemar. Bøkene vart lagra på ungdomshuset.

Lite opplysningar er å finne om boksamlingane dei neste tiåra. Men i 1939 vart Longva og Flem folkeboksamling opna i øvste og inste kammerset i Mastova, med lærar Helge Hellebust som styrar. I 1941 skriv Sunnmørsposten at det var ei mønsterboksamling – ei av dei beste på landsbygda i fylket vårt ifølgje bibliotekinspektøren.

Denne boksamlinga var truleg eit framhald av UL Samhald si. I møtebøkene til ungdomslaget er støtte til boksamlinga nemnt fleire gonger denne tida. Til dømes løyvde styret i april 1941 kr 50,- til Longva og Flem leselag, og på haustfesten 22/11-41 var det utlodding av blautkaker til inntekt for folkeboksamling. I åra 1942–46 vart det arrangert fleire festar der boksamlinga fekk innkoma.

Etter at Helge Hellebust reiste frå øya i 1941, tok Johan A.J. Longva (Jogarden) og Anton Flem (Børstova) over ansvaret for boksamlinga. Dei hadde vore «parhestar» i UL Samhald i mange år og kunne nok samarbeide om dette òg. Frå 1943 hadde boksamlinga lokale i eit rom i 1. høgda i Fremadbuda nede på Longva-kaia (huset der Longva Handelsforening heldt til).

Frå rommet i sjøbua vart boksamlinga flytta til Emil Nerland sitt hus i 1956 eller 1957. Her var først Johan Longvastøl bokstyrar, og etter han Per E. Flem (Børstova), Sindre Rogne og kanskje Knut Nogva. Sistnemnde var iallfall styrar frå bøkene vart flytta til kjellaren i Jon J. Longva sitt hus omkring 1963. Sommaren 1986 flytta Knut Nogva med boksamlinga til dei nye lokala på skulen og var der til Bente Nogva tok over stillinga frå 1. januar 1996. Frå hausten 2008 har Synnøve Moe Klokk vore filialstyrar.

Kva tid kommunen tok over ansvaret for folkeboksamlinga er uklart. Det var truleg ikkje seinare enn ein gong på 1950-talet, kanskje før. Haram folkebibliotek vart skipa den 23. november 1972 av Haram kommune. Dette var ei nyskiping av bibliotektenesta i kommunen som følgje av Lov om folkebibliotek som kom året før. Biblioteket i Brattvåg vart då definert som hovudbibliotek og dei andre boksamlingane som filialar.

Nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Leselag – boksamling – bibliotek — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *