Lastebilar
Den første bilen som kom på øya, ein liten T-Ford lastebil, høyrde til Johan og Karl K. Longvastøl. På møte i Haram kommunestyre 23/9-1932 låg det føre søknad frå dei to brørne om løyve til bilkøyring på Flemsøy/Skuløy. Søknaden vart imøtekomen og gjaldt for eitt år. Bilen vart brukt til å transportere alt slag som skulle flyttast. Lars K. Nogva, som dreiv Nogva Motorverkstad, kjøpte lastebilen i 1936. Per O. Rogne (Nymark) fekk seg førarkort og køyrde bilen første tida.

Olav H.O. Rogne (Hans-Olav) kjøpte ein Volvo lastebil og søkte i mars 1937 kommunestyret om løyve til å køyre bil på øya. Søkaden vart imøtekomen, men med visse restriksjonar: han bør ikkje køyre om natta og heller ikkje når vegane er oppbløytte eller i teleløysinga. Meieriet på Rogne vart lagt ned i 1937, og Olav starta då å køyre mellom anna mjølkespann ut på Longva-kaia til rutebåten.

Fram til no var det stort sett hest med vogn som trafikkerte kaia, så store snuplassen var der ikkje. På styremøte i Longva kailag 9/10-1937 låg der såleis føre søknad frå Ole O. Rogne (far til Olav) om å få større plass på kaia til bilen «under svinging». Saka vart utsett, mellom anna fordi kailaget ikkje åtte grunn til utviding. Ho kom oppatt på årsmøte 28/12-1938, då Olav H.O. Rogne og Rogne meieri ved H.A. Rogne søkte om ein plass framanfor kaia. Styret vart no pålagt å ordne med grunn til snuplass.

Lastebiltransport vart det slutt med for Olav sin del i 1940, for Volvoen vart rekvirert av forsvaret og frakta vekk frå øya då krigen kom. Etter at kamphandlingane i Sør-Noreg var over, reiste Olav til Åndalsnes i håp om å få att bilen, men det vart bomtur. Han skaffa seg ikkje ny lastebil, men ein personbil. Den brukte han mellom anna til drosjekøyring. Steinar Nogva tok over mjølkekøyringa og anna lastebiltransport på indre del av øya.

Peder I. Longva (Støls-Peder) skaffa seg også tidleg lastebil, ein Ford i 1936. Han køyrde mjølkespann frå Flem til Longva-kaia med lastebil frå før krigen. Elles køyrde han torv, grus, garn og utstyr til fiskebåtar og andre ting alt etter kva folk ville ha frakta. Om vinteren pløgde han vegar, mellom anna heilt ut i Støene. Det vert fortalt at opninga mellom betongstolpane der leda stod sommarhalvåret, var eit par centimeter for tronge for plogen. For å kome igjennom, måtte Peder gi ekstra gass så det briste frå plogvingane.

Også Peder sin lastebil vart rekvirert av forsvaret då krigen starta. Han drog til Åndalsnes etter at kampane i Sør-Noreg var slutt saman med Hans-Olav og var så heldig å få att bilen i bra stand.

I kjellaren i Knutgarden i Støene laga dei treprodukt av ymse slag, og i første del av andre verdskrig vart det levert mykje inventar til tyske brakker. Peder Longva køyrde mange lass med mellom anna garderobeskap til Longva-kaia. På 1940-talet hadde han òg ein del transport mellom kaia og fabrikken til Anton Flem på «Bryggja» (Rimmebuda) på Flem, ofte med Asbjørn J. Rogne bak rattet.

Peder skaffa seg også buss som han frakta folk og varer med. Bussen var det Kåre J. Rogne (Jonas-Kåre) som bygde ute i hagen sin i 1954. Understell og motor vart kjøpt inn, og Kåre laga overbygget av ein annan, kassert buss. Resultatet vart ein kombinert vare- og passasjerbil med 12 sete. Peder køyrde rute frå Flem til rutebåten på Longva med folk og mjølkespann om morgonen og tilbake om ettermiddagen.

Då framhaldsskulen kom i gong frå 1948, vart det også skulekøyring. Dei som budde lengst unna skulestaden, fekk busstransport. Etter meir enn 20 år med transportteneste på øya, slutta Støls-Peder av i 1959.

Kåre J. Rogne skaffa seg òg ein liten lastebil tidleg på 1940-talet og søkte kommunestyret 8/6-1946 om løyve til å drive yrkeskøyring med lastebil. Søknaden vart imøtekomen, og Kåre kunne ta oppdrag med køyring av torv, grus og andre ting som trong transport.

Bussruter
Etter kvart som båtsambandet vart betre og tidene endra seg, tok folk til å reise meir. Sidan det var heller få som hadde bil her på øya før det lei ut på 1960-talet, vart det sterkare trong og betre grunnlag for å starte busstransport. Steinar Nogva får «millombels løyve til å ta opp rutekøyring på Skuløy», vart det bestemt på fylkesvegstyret sitt møte 9/6-1947.

På møte 28/3-1947 rår kommunestyret til at Arne Uri får konsesjon på rutekøyring Uri–Flem–Longva, med atterhald om at denne konsesjonen ikkje kom i vegen for konsesjonssøknaden frå Steinar Nogva på ruta Nogva–Rogne–Longva.

Drosjer
Dei første ti-femten åra her var bilar på øya, måtte dei ha løyve frå kommunestyret til å køyre på vegane. Seinare vart det naudsynt å ha lastebil- og drosjeløyve for å gjere teneste for andre. Både Peder Longva og Steinar Nogva fekk lastebilløyve i 1948.

Olav H.O. Rogne dreiv med drosjekøyring frå 1940, men fekk løyve først i 1948. Det hadde han til hausten 1953, og i 1954 tok Øystein Rogne over løyvet. Sidan hadde butikkeigar Agvard O. Longva drosjeløyve ein god del år, og elles var det enkeltpersonar som brukte bilen sin til drosjekøyring, men utan løyve.

Atter seinare var det drosja på Haramsøya v/Oli-Anne Longva som frå 1997 frakta folk på Flemsøy/Skuløy til og frå dokter og andre stader. Ein viktig del av grunnlaget forsvann då dei miste ambulansekøyringa til sjukehuset i Ålesund, så det vart slutt i januar 2007. I juni 2015 kom så Nordøyane Taxi v/Per Olav Vedeld i drift og dekkjer no drosjebehovet på begge øyane.


Kommentarer

Biltransport — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *