Dei første båtrutene på våre kantar kom i gang rundt 1870. Ei rute gjekk frå Ålesund og nordover, men ikkje lenger enn til Haram og Åkre. Ein båt som heitte Arendal gjekk nordover alle øyane i 1877, men ruta bar seg dårleg og det vart snart slutt. Seinare gjekk ein rutebåt frå Ålesund til Romsdalen som var innom Austnes eit par gonger i veka kvar veg. Båtar i denne ruta var Lodden og Robert.

Frå 1886 kom «Søndmøre Dampskibsselskap» med båten Geiranger og betre ruter på Nordøyane. Eit minus var at båtane gjekk ut frå Ålesund om morgonen og tilbake om kvelden, slik at ein måtte ligge over to netter for å få utført ærend i byen på dagtid. Såleis brukte nok øyafolket i mange høve framleis trerøringen når dei ein sjeldan gong tok på bytur.

Post og mjølk
Stoppestad for rutebåten her på øya etter at postopneri var etablert i 1891, var på Longvanes (bnr. 14), der posten heldt hus. Etter at dei tok til å sende mjølk til Ålesund, gjekk båten også til Flem. Kai fanst her ikkje, så rutebåten la bi utføre land. Mjølka vart rodd ut til båten, og likeins varer til lands. Rogne/Nogva hadde ikkje anløp, for dei hadde frå 1897 sitt eige meieri som dei leverte mjølka til.

Den første mjølkebåten heitte Anna og fekk tilnamnet «Skyr-Anna» (skyr er eit syrna mjølkeprodukt som var vanleg i dei dagar). Sidan kom Ternen inn i mjølkeruta. Dei første åra var det berre to anløp for veka.

MRF/Fjord1
I 1920 vart Møre Fylkes Ruteselskap (seinare Møre og Romsdal Fylkesbåtar – MRF) etablert og overtok ein stor del av båtrutene i fylket. Dei kjøpte opp mange av båtane som då trafikkerte området, mellom andre Ternen som gjekk på Nordøyane. Ruta vart no omlagt slik at båten gjekk sørover om morgonen til Ålesund og tilbake om kvelden.

Rutetabellen for Rute 14 A – Aalesund-Nordøerne-Molde-Aalesund – viser at det var avgang begge vegar sju gonger i veka. Fem av turane hadde endepunkt Steinshamn på Harøya, medan to av turane heldt fram til Molde. Båten var innom to stader på dei fleste av øyane, i tillegg til Roald på Vigra. Reisetida frå Steinshamn til Ålesund var fem til seks timar. På dei turane som gjekk til Molde, var båten også innom Finnøya, Sandøya, Ona, Orten, Rakvåg og Aukra før han altså kom til Molde.

Litt justeringar her og der på rutene har det vore, men i grove trekk heldt Nordøyruta seg uendra i over 40 år frå 1920: Frå Harøya om morgonen til Ålesund og tilbake om ettermiddagen – ein gong for dag. Den viktigaste endringa som vart gjort, var å redusere talet på anløpsstader til éin på kvar øy. Dette var fullført i 1953.

Sjøbuss og ferje
Eit anna merkbart framsteg var innsetjinga av «sjøbussen» Haram i 1952, ein ny, flott gods- og passasjerbåt. Den gjorde byturen både snøggare og behagelegare enn før. Men det største omskiftet kom først på 1960-talet. Frå 1950 og utover tok bilen for alvor til å gjere sitt inntog også på øyane, og frå 19. august 1963 tok ferja over for båten. Då hadde det vore båtrute på Nordøyane stort sett samanhengande sidan 1870-åra.

Første bilferja var Glutra. Ho gjekk same leia som rutebåten hadde gjort, altså Myklebust – Ålesund tur/retur, men no to gonger for dag, og frå 1964 tre turar. Dessutan kunne den som hadde, ta med bil, køyre av på Skjelten og fare dit ein ville. Det vart ei ny tid. Ei anna merkbar endring var at alt gods no vart frakta med varebilar («vareruta» – kombinert buss for gods og folk) som reiste med ferja til og frå Ålesund. Det var slutt med å lempe mjølkespanner og andre varer inn og ut av båten, så liggetida ved kai vart mykje innkorta.

To ruteområde
Frå hausten 1967 vart Nordøyruta delt i ein søre og ein nøre del med kvar si ferje. Den søre delen (rute 21) gjekk då tre turar Longva – Ålesund pluss ein tur heilt til Myklebust. Etter at Ullabrua var på plass i 1970, vart anløpet på Longva lagt ned i 1971, og Austnes er no ferjestaden for folk herifrå.

Ei stor forbetring av ferjerutene vart det frå 1. januar 2015 då ei ferje nr. to kom på plass i rute 21 og bortimot dobla talet på avgangar på kvardagane.

Ny båtrute
Frå 1983 slutta ferja å gå til Ålesund, og trekantruta som framleis er i sving kom på plass: Haramsøya-Lepsøya-Skjeltene. Men billause passasjerar som skulle til Ålesund måtte då ta buss frå Skjeltene til Hamnsund og ny ferje derifrå til byen. Ei betre ordning kom med den nye båtruta Ålesund-Nordøyane i 1989 – hurtigbåten. Med dette tok ei ny transportæra for øyane til, og ringen frå 1870-åra var slutta.

Ferje på Rogne
Ein tiårsbolk frå 1972 til 1983 hadde vi også ferjesamband med øyane nordom og med Brattvåg. Ferja i rute 22 var då innom Rogne fire gonger for dag. Den direkte ruta til Brattvåg var vel omtykt, og trafikken på denne strekninga auka frå 3.269 bilar og 8.255 personar i 1975 til høvesvis 5.743 og 14.391 i 1980 i følgje MRF sin statistikk.

Andre båtruter
Det fanst fleire rutebåtselskap på Sunnmøre attåt MRF. Eitt av dei var L/L Hildrestrandi, som vart skipa på Hildre i 1916 og starta ruta Brattvåg-Helland-Hildre-Skjelten-Ålesund med M/B «Hildre». Etter kvart vart ruteområdet utvida både nordover og utover øyane. I 1919 og 1920 hadde dei anløp på Longva, men vart «jaga» herifrå etter at MRF kom på sjøen i 1920.

Seinare, frå 1930-talet, gjekk M/B Hildre ruta Ålesund–Kjerstad–Austnes–Longva–Hildre–Molde om morgonen og tilbake om kvelden, ein gong i veka. Rutene vart nok endra frå tid til anna, men L/L Hildrestrandi trafikkerte området til 1959, då drifta og selskapet vart lagt ned.

Rutebåten «Legona», som høyrde til eit Molde-selskap og trafikkerte dei ytre Romsdals-øyane på 1940- og 50-talet, var innom på Rogne innimellom. Ein gong i veka gjekk båten frå Molde innom mange av øyane til Ålesund og tilbake same vegen dagen etter. Nymark-kaia på Rogne stod ikkje i rutetabellen, men Legona stoppa der likevel på signal når Nogva Trevarefabrikk hadde varer å sende.


Kommentarer

Båt- og ferjeruter — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *