Sunnmørsåttringen var den viktigaste storbåten på våre kantar heilt fram til førre århundreskiftet. Både i torskefisket og på Storegga var åttringen sjølvskriven, men i småfiske nærare land vart andre båtar brukt – som firrøring, trerøring og færing. Elles har både seksrøring, kjempefæring og fjørefar vore i bruk.

Etter kvart kom nye båttypar på sjøen, og Sivert Halkjelsvik frå Volda fekk i 1870 laga ein ny båt som vart kalla møringsbåt eller berre møring. Denne var djupare enn åttringen og ein betre sjøbåt, kunne laste meir fisk og fekk større fart med to mastrer og større seglføring. Same mann fekk i 1875 bygd ein ny møringsbåt med dekk, og dette skal ha vore den første dekksbåten på Sunnmøre.

Fleire på Nordøyane gjekk over til møringen, og etter kvart kom det dekk i mange av desse. Den første møringsbåten her på øya var truleg den som Knut R. Flem (Haugen) og Ingebrigt R. Flem (Knutgarden) fekk seg i 1880. (?) Den var bygd på Valkvæ på Godøya. Elias H. Rogne (Eliasgarden) var tidleg ute og skaffa seg møringsbåt alt i 1876. Han var frå Massgarden på Åkre, men flytta til Rogne i 1884. Fleire følgde etter og gjekk over til den nye båten, og på Longva var Tomas J. Longva (Pegarden) først ute med ein møring. Somme bygde også om og rigga om åttringane sine til møringsbåtar.

Den som først skaffa seg dekksbåt på Nordøyane, var Ole Mydske i 1886. Inspirert av denne fekk Peder M. Flem på Vigra, son av utvandra Martinus frå Knutgarden på Flem, laga seg ein dekksbåt i 1888. I åra som følgde leverte båtbyggjaren, Ole Synnes, fleire slike båtar til folk på Nordøyane. Andre skaffa seg ein «smådekkar», som dei vart kalla, ved å legge dekk på ein oppripa trerøring eller firrøring (?). Den første som gjorde det her på øya, var Elias J. Longvanes i 1889. Ole K. og Rasmus I. Flem ?? la dekk på møringsbåten sin i 1896.

Desse båtane hadde luker i dekket og tofter i lukeromma å sitje på både når dei måtte ro i stilt ver og når dei fiska. I høveleg vind var det segla som dreiv båten fram, og då vart lukene lagde på. Dekksbåtane kom fort i vanleg bruk på Nordøyane fordi dei jamt over satsa på små, lettbygde båtar og la dekk på eksisterande båtar. Med betre båtar kunne dei gå lenger ut i havet, dei tolde dårlegare ver og kunne ligge lenger på fiskeplassen før dei måtte til lands igjen. Såleis auka gjerne både fangst og forteneste som gav grunnlag for fleire forbetringar og framsteg. Dekksbåtane var nok ikkje så gode å ro, og difor høvde det godt at fiskarane tok til å få motor som framdriftsmiddel rundt hundreårsskiftet.

Større båtar med dekk, motor, garnspel og anna mekanisk utstyr stilte større krav til kapital enn før. Fleire tok til å låne pengar for å finansiere båt og utstyr. Staten oppretta i 1889 eit havfiskefond («Det Ældre Havfiskefond») til å hjelpe fiskeria med kapital. Mange fiskarar herifrå lånte pengar i dette fondet til ny båt i åra mellom 1900 og 1920. Som «trygd» for lånet fekk dei gjerne kommunal garanti. Særleg tiåret fram mot 1920 var kommunen raus med lånegarantiar, noko som skulle vise seg å bli ei stor økonomisk tyngsle seinare.

Av folk her frå øya som fekk kommunegaranti for lån til båtkjøp, kan nemnast Peter M. Flem (1913 – kr 4.000), Kristen Helle (1913 – kr 5.000), Jonas P. og Peter P. Rogne (1913 – kr 5.000), Martinus J. Longva m.fl. (1915 – kr 6.000), Andreas R. og Hilmar E. Longva (1916 – kr 7.000).


Kommentarer

Fiskebåtar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *