Opptakta til det som i dag (2018) er Longva barnehage, var eit folkemøte på Rogne skule 22. mai 1978 «med det formål å danne barneparkering og foreldrelag til denne», som det står i møtereferatet. På førehand hadde ei arbeidsgruppe vore i sving og mellom anna innhenta løyve frå skulesjefen til å bruke Rogne skule og sendt ut skjema for «prøvepåmelding» til aktuelle foreldre. På møtet vart det valt eit styre til å stå føre det vidare arbeidet og dessutan ei nemnd for planlegging av framtidig barnehage. Primus motor for prosjektet, Leikny Aasen Rogne, vart vald til styreleiar.

Barneparkeringa kom i gang hausten 1978 med Ingeborg Helene Flem som parkleiar. Det var ikkje økonomi til fleire tilsette, og foreldra måtte difor ta sin tørn på omgang fram til dei fekk ein sivilarbeidar på plass i mars 1979. Driftsforma var om lag som korttidsbarnehage den tida. 24 born i alderen 2 – 6 år var delt i to grupper og gjekk fire timar annakvar dag.

Rogne barnehage

Frå Rogne barneparkering i mai 1979. Foto: Haramsnytt.

Det vart no jobba jamt og trutt med planane om barnehage. Den 6. august 1979 var det invitert til skipingsmøte for Rogne barnehage. Styre for barnehagen vart valt, forslaget til vedtekter vart godkjent, og Grethe Klokk vart tilsett som styrar. Første barnehagedagen var 21. august.

Rogne barnehage var (og er) ein privat barnehage driven av foreldra, men med driftstilskot frå kommunen. Såleis skal kommunale reglar for opptak og foreldrebetaling m.m. gjelde. Betalingssatsar første året var kr 120,- i månaden for opphald fire timar annakvar dag, og det doble for kvar dag (om det var ledig plass). Sysken nr. 2 betalte 50%, nr. 3 berre 25% av full pris.

Både barneparkeringa og barnehagen heldt til i første etasje på Rogne skule og hadde skuleplassen til uteområde. For å setje i stand og bygge ut lokale og uteområde til barnehagen, har det gjennom åra gått med tusenvis av dugnadstimar.

Ny barnehage
Det største løftet for foreldra var sjølvsagt å bygge heilt ny barnehage. Eit stort nytt bygg skulle oppførast, uteområde opparbeidast og leikeapparat oppsetjast. Tomt vart kjøpt på Sjurgarden, like ved Kvileheimen. Den nye barnehagen stod ferdig til innflytting i 2006 og skifta no namn til Longva barnehage. På sjølvaste Barnehagedagen 21. mars var det så høgtideleg opning med mange gjester og stor festivitas.

Tankar og diskusjonar om å flytte barnehagen til andre lokale hadde versert nokre år. Bakgrunnen var at lokala ikkje lenger stetta stadig aukande krav til standard, og at husleiga var relativt høg. Eit alternativ som vart lufta, var samlokalisering med Flem skule. Men dette vart ikkje aktuelt p.g.a. for lite plass og mangel på tilfredsstillande uteområde.

På årsmøtet hausten 2002 vart det bestemt å satse på nybygg, og ei byggenemnd vart nedsett. Mangt og mykje skal på plass i eit så stor prosjekt, og eit par års planlegging tok til. Teikningar på bygg og uteanlegg skulle framskaffast, og mange formelle ting som frådeling av tomt, veg, vatn og kloakk, godkjenning av bygget og uteområdet til barnehage m.m. skulle gjerast. Så var det finansiering – søknader til stat, kommune og husbanken, til bedrifter, bank, lag og organisasjonar.

Den nye barnehagen var kostnadsrekna til 5,7 millionar kroner. Av dette utgjorde eigeninnsats i form av dugnad ein halv million. Byggearbeidet starta i 2005, som vart det store dugnadsåret. Særleg på uteområdet utførte foreldra mykje arbeid, men også ein god del innandørs.

Barnetalet har variert nokså mykje gjennom åra. På det meste var det over 40, medan det på det minste våren 2016 var nede i 11. Barnetalet våren 2018 er 19. Kari Rogne Kolseth har vore styrar i barnehagen sidan 1997 og er det framleis i skrivande stund.