«O Bakke-Guro dø ta sørg», sa ho Kari Rogne, og so fortalde ho korleis det bar til med Bakke-båten i juni månad, 1800.

– Dei hadde teke til å drive Storegg-fiskje den sumaren, og Bakke-karane for til havs, dei som andre, men kom ikkje heim att. Dei hadde ein stor og god åttringsbåt og godt mannskap, og den veka var det ikkje noko skavêr. Difor vart folk forundra på om dei kunne ha forlist eller ikkje.

Danmark-Noreg hadde krig med England den tida, og so vart det snart ymta om at Bakkekarane måtte ha vore tekne av engelskmannen.

Det gjekk nokre år, og ingen frette noko frå dei. Konene deira hadde syrgt dei ut og gifta seg igjen.

So hende det ei sumarnatt at eit stort engelsk skip kom under land. Nokre fiskarar såg at to mann vart førde til lands i Sandvika på Flem, og skipet for so inn Nogvafjorden og kasta anker på Rogne-leira, som var ein vanleg ankerplass før i tida.

NaustMen dei to karane som for til lands i Sandvika, gjekk over Halsen og ned til Bakke-husa, såg inn gjennom glasa og vart snart vis med at konene hadde gifta seg igjen. Dermed gjekk dei ned til naustet og skar bumerka sine på naustdørene, for so innetter langs fjøra til Rogne og vart tekne om bord i skipet att. Ingen hadde kjent dei eller tala med dei, men bumerka på naustdørene vitna om dei to Bakke-mennene, Guttorm og Ingebrigt, som vart borte i juni månad, året 1800. Sidan var det mange som trudde det var dei som hadde fylgt det engelske skipet heim, – etter å ha sete som krigsfangar i England nokre år, og at dei fann det rettast å reise att, då dei såg tilstanden heime. Etter den tid var det ingen som såg eller høyrde noko frå dei. –

I kyrkjeboka for Haram stend skrive:
«Disse 8 omkom på reise fra Storeggen (i juni 1800): Guttorm Larsen Langved, 41 år, Peder Larsen ib. 43 år, Ingebrigt Knudsen ib. 30 år, Peder Knudsen ib. 29 år, Knud Andersen ib. 54 år, Torsten Knudsen Langvedstølen, 25 år, Peder Knudsen Myren, 61 år, Hans Jørgensen Aase-Hatlen, 53 år.» (ib.=ibid, same stad)

Guttorm var bestmann på båten. Han var gardbrukar på Longva-bakken, gift med Olave Hansdotter frå Ulla. Ingebrigt var grannen hans, gift med Guro Guttormdotter frå Ulla. Peder Larsen var bror til Guttorm, gift med Gjørand Pedersdotter frå Borgund. Dei budde på Longvastølen (øvre). Peder Knutsen var bror til Ingebrigt, gift med Ingeborg Andersdotter. Dei budde på Longvastølen (nedre).

Desse fire Longva-mennene høyrde til ei overlag talrik slekt som ætta frå lensmann og handelsmann Styrkår Olsson Longva ca. 1550–1630, og Tomas Sjursson Longva som fann Storegga ca. 1630, og frå klokkar Lars Sebjørnson Flem, død 1702, og handelsborgar Søren Lauritsen Riibe i Børstov-garden på Flem, død 1682.

(Frå «Segner i Haram» ved Martinus Rogne i Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag 1933-1934.)


Kommentarer

Bakkebåten som vart teken av engelskmannen — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *