Avløysarordninga vart oppretta i 1976 som ein del av jordbruksavtalen. Ordninga kom i stand for at også bønder med husdyr skulle kunne få ferie og fritid tilliks med andre yrkesutøvarar. Det vert gitt avløysartilskot som hjelp til finansiering av arbeidskraft som vert leigd inn for å vikariere for gardbrukaren. Storleiken på tilskotet er avhengig av kor mange dyr det er på garden.

For å kunne tilby ein avløysar heiltids arbeidsplass, går oftast fleire gardsbruk saman om å skipe avløysarlag. Avløysaren arbeider då ein periode på kvart medlemsbruk etter ein oppsett plan. Her på øya kom Rogne avløysarring i gang alt året etter at ordninga var oppretta. Dei som var med i ringen frå starten i september 1977, var Atle T. Longva (formann) og Geir, Sindre og Torleiv Rogne. Like etter kom også Leif Otterlei med. Omkring 1980 vart Arne Rogne og Kristoffer Johnsen medlemar, og Atle Longva gjekk ut.

Avløysarane var oftast unge folk med interesse for og bakgrunn frå gard og dyrehald. Arbeidet er først og fremst fjøsstell, foring og mjølking, men også anna førefallande gardsarbeid. Sidan dei skulle ha ansvar for gardsdrifta ein periode når «sjølvefolket» kanskje var vekkreist, måtte dei ha kunnskap og røynsle på området og dessutan vere ansvarsfulle og pålitelege. Dei fleste hadde avløysarkurs før dei kom, og opplæring og instruksjon fekk dei elles med kvar einskild bonde i ringen.

Den første avløysaren i Rogne avløysarring og den første på øya var Åse Marie Johansen, som sidan vart gift med Ottar T. Longva, bror til første formannen i laget. Jan Inge Johannessen vart tilsett i 1980, og i 1981 vart det tilsett ein avløysar nr. 2. Jan Inge stod i jobben til hausten 1984 og slo seg seinare saman med Grete Vindsnes. Dei bur no i byggefeltet med adresse Fjellheim.

Om lag på same tid som på Rogne vart det skipa avløysarlag på Flem og Longva. Børstova og Hildregarden hadde først avløysar saman med fire Ulla-bønder. Dei fleste avløysarane vart verande i kortare tid – eit år eller to – så i løpet av dei vel førti åra sidan starten har nokså mange gardsgutar og -jenter kome og gått. Men nokre har blitt verande og slått rot på øya. I tillegg til Jan Inge Johannessen kan nemnast Birgit Kjerstad i Pegarden, Jorunn Koppernes i Mastova og Tove Åsved i Jonasgarden.

I dag er det Storfjord Landbrukstenester i Valldal som formelt har arbeidsgivaransvaret for avløysarane her i området og ordnar med alt «papirarbeidet». Her er no berre éin ring, med Erling Rogne, Midtrimma samdrift og Pegarden som medlemar. Dei set sjølve opp planar for avløysaren og fordeler dagar på gardane. Bers har òg avløysar, men er for tida ikkje med i nokon ring.


Kommentarer

Avløysar i jordbruket — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *