Anton Flem

Blyantteikning av Johan Flem

Anton Flem (1891–1983) hadde sin oppvekst og budde storparten av livet i Børstova på Flem. Foreldra hans var Johanne og Kristoffer Flem.

Utdanning
Som ung var han heldig og fekk skulegang utover folkeskulen, noko som var heller sjeldsynt for ein bondeson frå utkant-Noreg på den tid. Ikkje minst når faren døydde då Anton var berre seks år gammal og mora sat åleine att med åtte born.

I 1910 fekk han likevel høve til å gå på Bjørdals Snikkar- og Treskjerarskule i Ørsta, og ei kort tid hjå treskjerar Lars Kinsarvik i Hardanger. Seinare fekk han litt økonomisk hjelp til vidare skulegang. På møte i Haram heradstyre 3. september 1913 låg det føre ein søknad frå Anton om eit «haandtverkstipendium» på 150 kroner. Søknaden fekk slik anbefaling:

«Da Anton Flem er en kvik og ordentlig gut med gode evner og udpræget anlæg for treskjering og tegning, og da han tillike er søn av en enke med mindre økonomisk evne til at yde den fornødne støtte til hans utdannelse, vil man paa det bedste anbefale, at det ansøgte stipendium maa bli ham tildelt.»

Anton hadde då gått eit år på Kristiania Kunst- og Haandtverksskole, som delte ut stipend til «verdig trengande». Den gongen var det vanleg at heradsstyret i heimkommunen uttalte seg om slike søknader. I årsmeldinga til skulen for 1913/14 står det slik:

«Aarlig utdeles skolestipendier til elever av skolen, der er trængende, og som ved talent, flid og god opførsel har vist sig værdige dertil. I dette øiemed var for budgetterminen bevilget kr. 2 000.00.»

Så er dei som vart tildelt stipend lista opp, deriblant treskjerar Anton Flem. Også for skuleåret 1914/15 fekk han stipend; då er han oppført som arkitekt Anton Flem.

Etter at han var ferdig med utdanninga, var han først innom to ulike arkitektfirma i kort tid før han vart permanent tilsett hos arkitekt Einar Engelstad i Oslo. Der arbeidde han til han vart «nervesjuk», som han kallar det i brev til ein lækjar, våren 1920. Etter dagboknotatar å døme, var han inne i ein depresjon. Han reiste då heim til Flem og kom seg igjen av sjukdomen. Der livnærte han seg av trehandverk.

Lagsarbeid
Anton var gåverik og engasjerte seg på mange felt. Lagsarbeid var eitt av dei, og i Oslo var han med og starta laget Sunnmøringen i 1917. Her var han med i styret dei første åra, som formann i 1919– 20. Han vart òg formann i Fjørtoft-nemnda som reiste ein minnestein over Olaus Fjørtoft på Vår Frelsers gravlund i Oslo. På grunn av sjukdomen fekk ikkje Anton vere med på avdukingshøgtida i september 1920.

Vel heime igjen engasjerte han seg i ungdomsarbeid. Han kom tidleg med i styret i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, og på heimstaden var han ei drivande kraft i UL Samhald i mange år. Han måla kulisser på ungdomshuset, engasjerte seg i teaterverksemd, skreiv tekster og spelte fele. Den staselege lysekruna med mykje utskjeringar som hang i taket på ungdomshuset på Longva, var det Anton som laga.

Bygdefotograf
Nemnast må òg hans virke som fotograf. Han skaffa seg tidleg apparat, og etter kvart laga han seg eit mørkerom der han framkalla filmar og laga sine eigne bilete. Han var ein dyktig og aktiv fotograf og vart mykje brukt av bygdefolket til å forevige viktige hendingar. I notisbøkene til Anton er det lange lister med namn på folk han har ytt fotograftenester til, kva prisen var, og om dei har betalt.

Kunstnar og industrimann
Som kommunestyret uttalte i si tilråding om stipend, var Anton ein gut med gode evner og «udpræget anlæg for treskjering og tegning». I tillegg var han ein habil felespelar som gav seg i kast med avanserte saker som Mendelssohns fiolinkonsert. Skreiv gjorde han òg, både dikt og prosa. Eit visst talent for teknikk og ingeniørkunst må han også ha hatt, sidan han kunne bygge opp ein fabrikk som vart den leiande produsenten av stolar til kino- og teatersalar i Noreg.

Anton var målmann på sin hals, og all hans korrespondanse til kundar, leverandørar og andre var på nynorsk. Skøyte på tomta som han bygde fabrikken Vang på i 1946/47 kom ikkje i orden før i 1947, fordi skøytedokument på nynorsk var så vanskeleg å få tak i.

Skogmannen
Men det er i arbeidet sitt med skogreising Anton Flem først og fremst har sett varige og synlege spor etter seg. Gjennom eit langt liv ivra han i ord og gjerning for å «kle fjellet», og dette arbeidet viser i dag att i fullvaksen skog mange stader der det før var snaufjell.

Første skuleplantinga her på øya skjedde i 1901. Det var «storskulen» (5.–7. klasse) ved Flem skule, med Karl G. Rogne som lærar, som planta i Knutgarden på Longva. Det er uvisst om det var meir skuleplanting dei to neste tiåra.

Men i 1922 fekk Anton i stand eit samarbeid mellom grunneigarar og skulen som gjekk ut på at borna i storskulen skulle plante skog to dagar kvar vår. Den første skuleplantinga etter denne ordninga gjekk føre seg i Torinagarden på Flem.

På denne tida vart fjellet mykje nytta til beite både for sau, ku og hest. For at plantefelta ikkje skulle bli øydelagde av beitedyra, måtte dei inngjerdast i såkalla fredskogsfelt. Det var nok ikkje alltid enkelt å få grunneigarane med på dette, men Anton stod på og fekk det igjennom.

Han organiserte og la til rette for arbeidet, og fekk tak i både planter og gjerdemateriell, og skuleplantinga vart ein årviss ny giv i skogreisinga. Mykje av styrken hans låg i dei gode evnene han hadde til å få folk med seg og å få til samarbeid.

Plantekurs og skogfest
I 1936 fekk Anton i stand eit plantekurs her på øya, som vart avslutta med ein fest som i ettertid vart kalla skogfesten. Han skreiv prolog til mang ein ungdomslagsfest, og her er eit par vers av prologen til skogfesten:

Vårliv no ikring oss vaknar,
vårliv her på Nordøy strand.
Vintrens kalde isbind raknar
for ei solvarm skaparhand.

Her me trivst i stille dagar
når ei vårsol mot oss lær.
Men når storm kring husi jagar
saknar me nok skogen her.

Kommunale skogverv
Det vart bestemt i Skogvernlova av 1932 at det skulle veljast skogråd i alle landkommunane i Noreg. Anton var no så godt kjend for sin entusiasme og sitt utrøyttelege arbeid for skogsaka at han vart vald til formann i det kommunale skogrådet. Både denne posisjonen og lova i seg sjølv var sjølvsagt ei god støtte for det vidare skogreisingsarbeidet i heile Haram kommune.

Med krigen vart 1940-åra ein dårleg periode for skogplanting, men på 1950-talet vart det ein ny giv i skogreisinga. Mellom anna vart skuleplantinga teken oppatt og vart utført årvisst i eit par tiår, og Anton Flem var pådrivar for dette arbeidet. Han skaffa plantar, gjorde avtale med grunneigarar og organiserte plantinga.

I 1948 vart han oppnemnd som formann i fylkesskogrådet i Møre og Romsdal, og av kommunestyret vart han i 1952 vald til leiar i ei nemnd som skulle utarbeide ein skogreisingsplan for Haram.

Sitkagran
Anton følgde heile tida med på det som skjedde på skogfronten og såg at sitkagrana tok til å bli planta andre stader i landet. Dette treet veks naturleg langs vestkysten av Nord-Amerika og kunne såleis også passe på norskekysten, var tanken. Det gjaldt å finne treslag som tolde det barske klimaet ute ved havet.

Anton hadde ei sterk tru på at sitkagrana ville greie seg godt her på øyane og fekk midt på 1950-talet fylkesskogsjefen med på å starte forsøk med dette treet. Han fekk tak i eit lass med sitkaplanter samt ein gjeng frå Trøndelag og sette i gang med planting. Det var også på denne tida Stiklestad-alléen på Halsane vart planta ut – med granplanter frå Stiklestad.

Skogpionér, industrimann og kunstnar
Anton var driven av ei brennande interesse for skogsaka. Han var ei eldsjel som hadde evna til å få andre med seg som drog lasset i lag. Sjølv åtte han ikkje ein einaste kvadratmeter jord. Livnære seg gjorde han med å lage lysekruner, stolar og andre treprodukt, og han dreiv Vang Industri med opptil femten mann i arbeid heilt fram til midten av 1960-talet.

Som nemnt hadde Anton mange interesser og givnader. Inskripsjonen på bautasteinen som vart reist over han oppe på fjellet i 1987 kan seiast å gi oss mannen i eit nøtteskal:

Ein skogens apostel i øygarden – kunstnaren, pioneren, ungdomslagsvenen og norskdomsmannen Anton Flem


Kommentarer

Anton Flem — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *