Agvard O. Longva kjøpte tomtegrunn til ein ny butikk av Lars O. og Gitta Longva (Rimmebakken) i 1957. Skylddelinga vart gjort 1. juni, og parsellen fekk namnet Brustad. Handelsfirmaet A.O. Longva & Co. vart registrert 2/12-1957 med Agvard Longva og Ole O. Farstad som innehavarar. Butikkbygget kom opp i løpet av hausten 1957, innreiing vart henta med fiskebåten Henko, og butikken opna like innunder jul dette året.

Agvard hadde selt parten sin i fiskebåten Longva og investerte pengane i ei kolonialforretning, som han dreiv saman med kona Klara. I underetasjen av bygget vart det installert fryseri, som var det første på øya. Her var det laga små skap som folk kunne leige til oppbevaring av sine eigne matvarer. Resten av kjellarhøgda vart nytta til lager.

For det meste var det Agvard og Klara som dreiv butikken åleine, men i starten hadde dei ein del leigdehjelp. Kjellrun Klokk (Flem) og Else Longva (Lunheim) var der i byrjinga, og Inger Kjerstad frå Lepsøya eit par års tid frå 1959 om lag. Gudrun Longvastøl var innom ein periode rundt midten av 1970-talet. Elles var Norunn Longva (Flem) over lengre tid butikkdame innimellom, når det var behov for ekstra hjelp eller vikar.

Agvard-buda, som ho vart heitande på folkemunne, var først og fremst ein matbutikk der folk kunne handle det daglege brød. Dei var tidleg ute med mjølkesal og hadde eit kjølerom til formålet. Den første tida kom mjølka i store spann, og kunden måtte ha med eit mindre spann å bere mjølka heim i.

Men butikken kunne også by på andre ting enn mat. Der var ei relativt stor avdeling med kjøkenutstyr og bra utval av mellom anna kaffi- og middagsservise, skåler og fat, og dessutan ei vide kjend og omtykt gåveavdeling. Elles var der også både klede, strikkegarn og sysaker å få, forutan vekeblad og andre ting folk trong i det daglege.

Då pensjonsalderen nærma seg, selde Agvard forretninga til Geir Kvam, og frå januar 1983 vart namnet A.O. Longva, Geir Kvam. Noko endring av butikkdrifta vart det ikkje med dette skiftet; Geir dreiv vidare om lag som før, men smalna etter kvart noko inn produktspekteret. Til hjelp i butikken kom Janne Flem direkte frå Longva Handelsforening, som då slutta av. Etter henne var Torunn Storås butikkdame frå seinhausten 1984.

I 1988 skifta verksemda selskapsform og namn, då forretninga vart seld til GT-Mat AS. Men lønsemda var for svak i det lange løp, og det vart konkurs i april 1989. Jonny Magne Flem kjøpte eigedomen i 1991 for 60.000 kroner og gjorde bygget om til bustad for seg og sine.


Kommentarer

A.O. Longva & Co. — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *