Boka med historia om Flemsøy/Skuløy skal ut til hausten. Difor er det no kort tid igjen på å samle inn og skrive nytt stoff. Når mai månad 2019 er omme, startar arbeidet med «ombrekking», dvs. å ordne tekst, bilder osv. slik det skal stå i boka. Etter den tid blir det stadig vanskelegare å få inn nytt stoff.

Mesteparten av det som skal inn i boka er ferdigskrive, men det er alltids nokre fleire tema som kunne ha vore med, til dømes

  • Fotoklubb
  • Hagelaget Røsslyng
  • Søndagsskulen
  • KRIK
  • Andre ting?

Dersom eg får tak i info om desse kan eg framleis rekke å få dei (og evt. andre) med, men eg er avhengig av hjelp frå dei som har opplysningar. Send gjerne info og bilete på nedanståande epost.

epost, telefon

Bruksrettleiing for nettsidene: Under linkane til høgre gøymer det seg nye sider med stoff relatert til namnet på linken. Klikkar du til dømes på «Fiskeri», kjem det opp eit nytt sett linkar til sider med fiskeristoff. Linken «Startside» (øvst) vil alltid vise, og ved å klikke på den vil du kome tilbake til oversikta (den sida du er på no).

Det vil bli lagt ut nytt stoff på desse sidene med ujamne mellomrom – minst ein gong i veka, helst oftare. For at det nye skal vere lett å finne, vert det linka til den nye sida (nedanfor). Berre stoff utlagt dei to siste månadene viser her.

Nytt stoff utlagt:
22/04 Agvard-buda
22/04 Bedehuset
18/04 Biltransport
08/04 Anton Flem
06/04 Boksamling
06/04 Ungdomskorps
16/03 Songkoret «Samklang»
01/03 Nymark-kaia

Historie er eit nesten uendeleg vidt emne. I eit stykke skriftleg historie vil berre ein liten del av heile historia vere med, og den vil vere «farga» av mange ting. Heilt avgjerande er sjølvsagt kva informasjon historieskrivaren har til disposisjon. Elles speler bakgrunn og ståstad til forteljaren inn, kva opplysningar han/ho vel å ta med og å utelate, plassomsyn i boka m.m.

Den ferdige boka vert nok heller ikkje heilt fri for reine faktafeil – det er bortimot umogleg. Men alle som blir «berørt» av den nye bygdeboka, både vi som arbeider med ho og alle som har tilknytning til øya, har den største interesse av at innhaldet blir så godt, sant og korrekt som er mogleg å få til. Vi håper såleis på eit positivt og godt samarbeid om dette prosjektet, og at mange vil bidra med opplysningar og synspunkt m.m.

På dei fleste sidene kan ein kommentere det som står på den aktuelle sida, kome med nye opplysningar osv. Dette vil andre lese og kanskje kommentere, og såleis kan det oppstå diskusjonar som kan bidra til å få fram meir informasjon og auke kvaliteten på det aktuelle stoffet.

Ein stor og viktig del av bygdeboka er gards- og slektshistoria – om dei einskilde gardane og folket der frå dei tidlegaste tider og fram til notida. Alle som er busette her på øya er med. Likeins alle utflytta som er fødde her eller har vore busett her, og deira born. Den delen vert laga i ein bolk for seg av Olav Myklebust, som kan kontaktast på epost: olav-myk@online.no eller tlf. 981 59 398.

Med helsing

Knut Flem


Kommentarer

Velkomen til bygdeboka — 12 kommentarer

  1. Hei ! Har noen opplysninger om han «Johnsen» som jeg fikk av Lars Nogva «Kassalars».
    Lars Petter Martinus Jonsson Longva f. 4/7-1847 var eldst av 5 søsken på G.nr8 B.nr 14 Neset(Nese Johan i dag).Han giftet seg med Helene Lausund i 1874 og begynte som nyrydder på Stranden 8/21 (Johnsenstranda idag -Adolf/Oddny). Han skreiv seg for Lars Johnsen og var lærer i tida 1866-1991 og postopnar på Longva 1890-1919.(dette er med i boka ser jeg).Videre dreiv han fisk og sildehandel på Longva 1900-1920, var styrer på Longva Handelsforening 1892-1913, var med på å skipe Flemsøens Handelsforening og var styreformann der 1871-1890.
    Når posten flyttet fra Neset kan det være at Longva Kailag (lutlag/aksjelag?) hadde bygd ferdig kaihuset som låg på austsida av Longva Handelsforening(sender bilete separat).Den sørligste halvdelen av kaihuset var lager, i andre halvdelen var det i nordvest kontor for kaimannen/ekspeditøren (Sjursøvrin – Sevrin Longva f. 1887) i norøst var det postkontor med ekspedisjonsdisk. (Gamlekarane som var komne ned på kaia til dampen kom, sat ofte i 2. etg på buda/butikken og venta på posten og diskuterte.)
    Nokre andre innspel til boka: Etablering av vassverk – minsket bygdestrid om vassretter.
    Havneutbygging -fiskerihavner, Mjølketransport Steinar Nogva på Rogne/Nogva. Peder Longva(Stølspeder) Longva/Flem (Mener JonasKåre bygde bussen/vareruta han benyttet) Mjølkerampene som 2-3 garder samlet transportspannene på. Renovasjon – Lars Nogva BIG BOSS. Lykke til med arbeidet videre.

  2. Takk for nyttig informasjon og gode innspel, Gunnar. Tek imot bilder av kaihuset/Longva Handelsforening med takk.
    Ein ting eg har høyrt men manglar sikker informasjon om, er at Kåre Longva (Gjerde-Kåre) hadde fiskemottak /-sal i denne sjøbuda. Opplysningar er velkomne!

  3. Hei!
    Når det gjeld handel, så meiner eg det var handel på Hildrestabberet ein gong i tida. Eg veit ikkje noko meir om det, men kanskje Kjell veit meir?
    Atle Longva

Legg igjen en kommentar til Atle Longva Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *