HistoriebokaInnhaldet i denne boka er for største delen basert på historisk stoff som underteikna produserte til bygdeboka for Fjørtofta og Flemsøya/Skuløya (utgitt i desember 2019). Ein del av stoffet er såleis også å finne i bygdeboka.

Men berre knapt halvparten av den ferdige teksten fekk plass i bygdeboka. For at alt stoffet skulle bli utgitt, vart denne boka laga.

Dei som har kjøpt bygdeboka og lese den allmenne delen (alt utanom gards- og slektsdelen), vil kjenne att ein heil del av stoffet i denne boka. Mykje av teksten er faktisk bortimot identisk i dei to bøkene. Mange av bilda er også brukt i begge bøkene.

Men av det felles stoffet er så godt som alle «historiene» i bygdeboka avkorta i større eller mindre grad i forhold til originalen, slik at noko av innhaldet og samanhengen går tapt. Denne nye boka inneheld dei fulle versjonane.

I tillegg er her ein god del stoff som ikkje finst i bygdeboka, mellom anna to heilt nye kapittel og utviding av andre. Den allmenne delen i bygdeboka tel 144 sider, medan tilsvarande i Historieboka er 400 sider.

Sjå elles ei oversikt over innhaldet her.

Boka kostar kr 390.   For den som ønskjer å kjøpe, er det følgjande alternativ:

  • Heime hos meg (Fjellheim 75) kl. 10.30 – 14.00 og 16.00 – 19.00. «Bokbuda» er i gangen nede. Alle dagar unntatt søndag denne og neste veke (v. 43 og 44), seinare etter avtale. Betaling med Vipps eller kontant (helst nøyaktig beløp) eller betaling i bank på etterskot.
  • Levering i postkassa di (berre på øya): Betal korrekt beløp med Vipps eller via bank (bankkonto nr. 3910.24.23945). Eg leverer boka/bøkene innan kl. 10.00 dagen etter registrert innbetaling. Send gjerne ei melding (90 10 92 96) eller ein epost (knutflem@online.no) med opplysning om bestillinga.
  • Postsending: Som brev kr 135, som pakke kr 149 (Posten sine takstar – ditt val). Hugs nøyaktig adresse! (Send melding eller epost.) Boka blir sendt dagen etter registrert innbetaling (kr 390 + porto).

Korona: Bøkene var i «karantene» i mitt hus i 14 dagar før salet starta.

Det er så godt som umogleg å lage ei historiebok utan faktafeil. Det gjeld nok for denne boka òg. Dersom du oppdagar noko du meiner er feil, så gi meg gjerne beskjed på SMS eller epost. Endå betre: – fortel om det i kommentarfeltet nedanfor, så kan andre sjå det og eventuelt kome med fleire opplysningar.

Det same gjeld dersom du meiner det manglar noko (vesentleg) ved forteljingane i boka. Det er svært sannsynleg at nokon sit med opplysningar som kan utfylle og berike ei historie, i somme høve til og med endre heile historia.

Det er også høgst sannsynleg at det finst informasjon om ting som ikkje er nemnt i det heile, men som burde vere med i ei slik historiebok. Det kan finnast skrivne ting av mange slag – notisbøker, dagbøker og andre dokument, og bilete, som kan fortelje verdifull historie. Eller det kan vere lag og foreiningar som er utegløymt, eller møteprotokollar vi ikkje fann som no dukkar opp m.m.

Eg har ein tanke om å lage eit tillegg til Historieboka dersom det skulle vise seg å vere grunnlag for det etter at folk har sett gjennom boka og fått tenkt seg om og eventuelt meldt frå. Det kunne då bli laga eit lite hefte e.l. som kunne leggast inn i boka.

Korrigering av feil, nye opplysningar osv. vil eg uansett legge ut her på nettstaden etter kvart som dei måtte dukke opp.

Som sagt, ta gjerne kontakt med underteikna med nye opplysningar, eller skriv i kommentarfeltet nedanfor.

Knut Flem


Kommentarer

Historiebok for Flemsøya – Skuløya — 4 kommentarer

Legg igjen en kommentar til Gunnar Longva Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>