Dette er nettstaden for ein del av «nye» Haram bygdebok. Styret i Haram Bygdebok AS har i samråd med bygdeboknemnda bestemt at historia om Fjørtofta og Flemsøy/Skuløy skal samlast i éi bok. Etter planen skal denne boka kome ut før jul.
Dette er no endra til påske 2019.

Desse nettsidene gjeld arbeidet med «generell historie» for Flemsøy/Skuløy. Det omfattar fiskeri, industri, jordbruk og andre næringar, kommunikasjonar, elektrisitet og annan infrastruktur, forenings- og kulturliv m.m. Gards- og slektsdelen av boka vert ikkje omhandla her.

På desse sidene er det lagt ut ein del stoff som skal inn i bygdeboka, og meir kjem etter kvart. Stoffet her er nokolunde ferdig, men endringar vil nok kome med nye opplysningar og av andre grunnar.

Eitt av føremåla med denne nettstaden er å informere øyafolket om prosjektet og kva innhald som blir å finne i boka.

Eit anna viktig føremål er å få hjelp til å finne fram historisk stoff. Mykje finst i private skriftlege kjelder og ikkje så lite i minnet til folk. Såleis vil eg oppmode alle til å sjå etter i skuffer og på mørkeloft om der kan vere noko interessant å få med i bygdeboka. Det kan sjølvsagt også vere munnlege overleveringar som ein går med i hovudet. Det treng ikkje å vere «eldgammalt» – bygdeboka skal gå fram til i dag.

Gode bilete frå eldre og nyare historie håper eg òg kan dukke opp. «Eit bilete kan fortelje meir enn tusen ord». Den delen av øysoga det i hovudsak vil dreie seg om her, er tidsrommet frå andre halvdel av 1800-talet og fram til vår tid.

Eit tredje føremål med nettstaden er å kvalitetssikre det som vert lagt ut. Her vil ganske sikkert vere både reine faktafeil og kanskje uheldige vinklingar, formuleringar o.l. som kan gi eit skeivt eller feilaktig bilete av historiske hendingar. Underteikna, som skal føre i pennen og samordne stoffet for den allmenne historia, vil difor gjerne ha tilbakemelding på det som er og blir lagt ut her.

Ta gjerne kontakt med spørsmål eller opplysningar. Ver ute i god tid! Siste frist: 1. januar 2019!

epost, telefon
Bruksrettleiing for nettsidene: Under linkane til høgre gøymer det seg nye sider med stoff relatert til namnet på linken. Klikkar du til dømes på «Fiskeri», kjem det opp eit nytt sett linkar til sider med fiskeristoff. Linken «Startside» (øvst) vil alltid vise, og ved å klikke på den vil du kome tilbake til oversikta (den sida du er på no).

Det vil bli lagt ut nytt stoff på desse sidene med ujamne mellomrom – minst ein gong i veka, helst oftare. For at det nye skal vere lett å finne, vert det linka til den nye sida (nedanfor). Berre stoff utlagt dei to siste månadene viser her.

Nytt stoff utlagt:
14/11 Postvesenet
13/11 Vevstolar og bysser
13/11 Rokkefabrikken på Rogne
09/11 Longva kai
09/11 Avløysar i jordbruket
01/11 Skuløy bondekvinnelag
22/10 Skuløy bondelag
10/10 Ungdomslaget Fram
10/10 Framtun
09/10 Myrane bustadbyggelag
03/10 Fjellheim aldersbustader

Historie er eit nesten uendeleg vidt emne. I eit stykke skriftleg historie vil berre ein liten del av heile historia vere med, og den vil vere «farga» av mange ting. Mest, sjølvsagt, av kva informasjon historieskrivaren har til disposisjon. Bakgrunn og ståstad til forteljaren speler inn, kva opplysningar han/ho vel å ta med og å utelate, plassomsyn m.m.

Den ferdige boka vert nok heller ikkje heilt fri for reine faktafeil – det er bortimot umogleg. Men alle som blir «berørt» av den nye bygdeboka, både vi som arbeider med ho og alle som har tilknytning til øya, har den største interesse av at innhaldet blir så godt, sant og korrekt som er mogleg å få til. Vi håper såleis på eit positivt og godt samarbeid om dette prosjektet, og at mange vil bidra med opplysningar og synspunkt m.m.

På dei fleste sidene kan ein kommentere det som står på den aktuelle sida, kome med nye opplysningar osv. Dette vil andre lese og kanskje kommentere, og såleis kan det oppstå diskusjonar som kan bidra til å få fram meir informasjon og auke kvaliteten på det aktuelle stoffet.

Ein stor og viktig del av bygdeboka er gards- og slektshistoria – om dei einskilde gardane og folket der frå dei tidlegaste tider og fram til notida. Alle som er busette her på øya er med. Likeins alle utflytta som er fødde her eller har vore busett her, og deira born. Den delen vert laga i ein bolk for seg av Olav Myklebust, som kan kontaktast på epost: olav-myk@online.no eller tlf. 981 59 398.

Med helsing

Knut Flem


Kommentarer

Velkomen til bygdeboka — 2 kommentarer

  1. Hei ! Har noen opplysninger om han «Johnsen» som jeg fikk av Lars Nogva «Kassalars».
    Lars Petter Martinus Jonsson Longva f. 4/7-1847 var eldst av 5 søsken på G.nr8 B.nr 14 Neset(Nese Johan i dag).Han giftet seg med Helene Lausund i 1874 og begynte som nyrydder på Stranden 8/21 (Johnsenstranda idag -Adolf/Oddny). Han skreiv seg for Lars Johnsen og var lærer i tida 1866-1991 og postopnar på Longva 1890-1919.(dette er med i boka ser jeg).Videre dreiv han fisk og sildehandel på Longva 1900-1920, var styrer på Longva Handelsforening 1892-1913, var med på å skipe Flemsøens Handelsforening og var styreformann der 1871-1890.
    Når posten flyttet fra Neset kan det være at Longva Kailag (lutlag/aksjelag?) hadde bygd ferdig kaihuset som låg på austsida av Longva Handelsforening(sender bilete separat).Den sørligste halvdelen av kaihuset var lager, i andre halvdelen var det i nordvest kontor for kaimannen/ekspeditøren (Sjursøvrin – Sevrin Longva f. 1887) i norøst var det postkontor med ekspedisjonsdisk. (Gamlekarane som var komne ned på kaia til dampen kom, sat ofte i 2. etg på buda/butikken og venta på posten og diskuterte.)
    Nokre andre innspel til boka: Etablering av vassverk – minsket bygdestrid om vassretter.
    Havneutbygging -fiskerihavner, Mjølketransport Steinar Nogva på Rogne/Nogva. Peder Longva(Stølspeder) Longva/Flem (Mener JonasKåre bygde bussen/vareruta han benyttet) Mjølkerampene som 2-3 garder samlet transportspannene på. Renovasjon – Lars Nogva BIG BOSS. Lykke til med arbeidet videre.

  2. Takk for nyttig informasjon og gode innspel, Gunnar. Tek imot bilder av kaihuset/Longva Handelsforening med takk.
    Ein ting eg har høyrt men manglar sikker informasjon om, er at Kåre Longva (Gjerde-Kåre) hadde fiskemottak /-sal i denne sjøbuda. Opplysningar er velkomne!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *